”Då for farao opp om natta…” (v 30)
Den blodraude midnatsttimen, då engelen gjekk gjennom Egypt og slo i hel alt fyrstefødt av menneske og dyr. Slik står det. Det kjem vi ikkje forbi. Påska er født i skrik og blod.
Kva kan ligge bak at eit folk – familiar, born og unge – skal råkast av noko slikt? Av Guds hand? Det skjønar eg ikkje. Kva har eit folk å svare for? Kvifor dei fyrstefødte og ikkje dei ansvarlege? Den bibelske forståinga av det kollektive, av straff og hemn er så utilgjengeleg for oss.
Her, i hjarta av den heilage historia, er det natt og mørkre, også i meg. Fromme ord strekk ikkje til. Her må Han svare sjølv. Kva seier du, Herre?
0 Responses to “officium: Fredag, 1.vike i Faste, 2 Mos 12, 29-36 (matutin)”