03
Mar
09

officium: tysdag, 1. vike i Faste, 2 Mos 7 (matutin)

”Lat folket mitt fara…” (v 16)

Dette er gjennomgangstonen i forteljingane om  landeplagene over Egypt og Moses og Arons konfrontasjon med farao.

Guds folk er eit fritt folk. Leiarane i folket er ikkje redde for å konfrontere. Framande makter må gje slepp på kontrollen og domineringa over gudsfolket. Guds folk skal tene andre, men det må vere fritt og det må kunne tene Gud fyrst.

Kyrkja skal ikkje godta å bli hersa med av nasjonale styremakter, av folkeopinionar og slike som vil bruke henne til å fremje sine eigne saker, kor bra og ”nyttige” dei enn er. Kyrkja er ein motkultur, eit vedkjennarfolk, eit martyrfolk, om så skal vere.

Skal kyrkja våge å hevde sin fridom, må ho fyrst vinne han på det indre planet. Ho må gjerast klar til oppbrot, reinse ut gamal surdeig og bli eit usyra brød; ein hostie, eit offerbrød for Gud.

Overgjeven til Gud. Frigjeven frå farao.


0 Responses to “officium: tysdag, 1. vike i Faste, 2 Mos 7 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: