02
Mar
09

officium: Måndag, 1. vike i Faste, 2 Mos 6, 1-13 (matutin)

”…men namnet Herren gjorde eg ikkje kjent for dei” (v 3)

Gud synte seg for patriarkane,  men det var Moses som høyrde Namnet. ”Herren” (Adonai) var det jødane sa når dei las JHVH, bokstavane som løynde mysteriet, det unemnelege… Det er skilnad på å vite at Gud har eit namn, sjølv om det er forbode å uttale det – og at han er namnlaus.

Namnet røpar det personlege, noko av intimiteten og det levande i Gud. I botnen av alt som er, er der eit medvit, ein kjærleik, ein vilje. Forbodet røpar det ufattelege, det uutgrunnelege og hinsidige i Gud.

Kyrkja fylgjer den jødiske praksisen og seier ”Herren” kvar gong Namnet lyser fram frå dei heilage tekstane. I dette spennet mellom den uendelege avstanden og den intime nærleiken står eg, for han seier:

”I det høge og heilage bur eg og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda. Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde og og hjarta til liv hjå dei knuste” (Jes 58, 15)


4 Responses to “officium: Måndag, 1. vike i Faste, 2 Mos 6, 1-13 (matutin)”


  1. 1 Kjell Håkestad
    mars 2, 2009 ved 10:11 am

    Det er mye visdom å få med seg på sida di. Om du husker godt, husker du meg kanskje. Jeg studerte kirkemusikk i Bergen på første halvdelen av 80-tallet og bodde i Vadmyra. Var ofte vikar i Loddefjord kirke der vi hadde gudstjenester sammen. Kanskje du husker studenten som øvde i Loddefjord kirke fra kl. 5 om morgenen. Minnes en gang at du dukket opp tidlig en morgen.
    Jeg er i dag kantor i Lardal i Vestfold og savner deg og slike som deg i Den Norske Kirke.

    Beste hilsen Kjell Håkestad

  2. mars 2, 2009 ved 11:30 am

    Hugsar namnet ditt, men greier ikkje å sjå deg for meg skikkeleg; hugsar samarbeid om gudstenester! Gode organistar/kantorar er ein stor rikdom for presten – dersom han har vett til å verdsetje det, då! 🙂

    Lardal – der har eg hatt gudsteneste, då Kjell Meyer var sokneprest der. Vakkert i Lågendalen!

    Det blei umuleg for meg å bli verande i DNK.

  3. 3 Kjell Håkestad
    mars 2, 2009 ved 4:40 pm

    Jeg har stor forståelse for din utgang av vår kirke. Det rare er at det er de beste som forsvinner. Jeg er veldig glad i den Katolske kirke og kjenner meg på mange måter hjemme også der. Det er jo det som er Moderkirken. Noen av livets høydepunkter var å feire gudstjeneste sammen med deg. Det var en opplevelse.
    Et spørsmål, har du vært medlem i SKRUK?
    Korarbeid står mitt hjerte nær og et av mine kor sang i Peterskirken i 2000. Det var en mektig opplevelse.

  4. mars 2, 2009 ved 9:46 pm

    Takk igjen for hyggjelege ord! Skruk kjenner eg godt frå yngre år; eg var med fleire somrar som prest og solosongar og har vore med på plateinnspelingar etc..

    Bra med eit norsk kor i Peterskyrkja! Italiensk korsong er såsom så, syns eg… (understatement) 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: