Arkiv for februar 2009



10
Feb
09

officium: Tysdag, det allm. året, vike 5, Gal 1,13- 2,10 (matutin)

”Eg for til Arabia…” ( v. 17)

Etter møtet med Den Oppstadne på Damaskus-vegen, dro Paulus til Arabia. Til ørkenlandet. Ørkenen er staden for å setjast på prøve, staden for konfrontasjon med seg sjølv, med demonen, med Gud.

Den omveltande opplevinga måtte tileignast på djupet. Ein ny samtale med Gud skulle opnast. Apostelen for folkeslaga tok form. Brikkene fall på plass. Ljoset som slo han til jorda, breidde seg i livet hans; fall over Skriftene, gav eit nytt syn på menneska, på nasjonane, på framtida for verda.

Ørkenen: Tilbakedraginga. Perspektivet. Det tydelege landet.

Reklame
09
Feb
09

officium: Måndag, det allm. året, vike 5, Gal 2,13 – 3,14 (matutin)

”Eg er krossfest med Kristus; eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg” (v19-20).

Denne overgjevne, intime og kjærleiksfulle vedkjenninga bryt fram hos Paulus, midt i ei teologisk utgreiing. Moselova og lovgjerningane var ein del av Guds pedagogikk -”tukt”, som ein kalla oppplæringa i antikken – med Israel, fram mot den fullførte og universelle frelsa i Jesus Kristus. Det er alle ordningane for Israels liv med Gud som er ”lova” og ”lovgjerningane”, slik Paulus ordlegg seg. At tida for dette er forbi, vil ikkje seie at den moralske lova, som også fordrar ”gode gjerningar”, skulle vere avskaffa.

Guds pedagogikk i den gamle pakta forma den truande utanfrå, sjølv om tru og tillit også vart framelska. Men i Jesus Kristus kan Gud og menneske fullt og heilt ”kome på innsida” av kvarandre. No kan Gud bli eitt med oss, ta vårt liv og vår lagnad på seg heilt inn i døden – og vi kan døypast inn i hans liding og siger, inn i hans liv. All kjærleik har eit moment av død i seg; vi overgjev oss til den andre, som har overgjeve seg for oss og til oss. Han døyr for vår skuld. Vi for hans.

Frå pedagogikken til mystikken.

07
Feb
09

officium: Laurdag, det allm. året, vike 4, 2 Tess 3 (matutin)

”De veit sjølve korleis de skal leva om de vil ha oss til føredøme” (v 7)

Apostlane underviste ikkje berre med sine ord, men og med sitt liv. Den hl Dominikus skjøna, i si tid (1200-talet), at dei som skulle preike Guds ord til dei åndeleg forsømde massane og kalle dei tilbake til den katolske trua, måtte gjere det med heile si livsferd. Difor måtte hans preikebrør leve som fattige; slik Jesus og apostlane gjorde det og slik livsvilkåra ofte var for dei ein forkynte for.

Biskopar, prestar og predikantar – utan eit truverdig liv, fell orda og læra døde til jorda. Den apostoliske tradisjonen er også ei livsform.

07
Feb
09

officium: Fredag, det allm. året, vike 4, 2 Tess 2 (matutin)

” Så stå då støtt, brør, og hald fast på de som de har teke imot og lært av oss, anten munnleg eller i brev” (v 15)

Mange kristne har problem med ”tradisjonen”; berre Skrifta skal vere autoritet i lærespørsmål, meiner dei.

Men Skrifta var for dei fyrste kristne det vi kallar ”Det gamle testamentet”. Kyrkja si tru var forankra i dei heilage Skriftene som Guds openberring, oppfylte i Kristus. Kristus sjølv gav si lære og sine påbod vidare i munnleg form til apostlane. Og apostlane gav dette vidare i si undervising. Tradisjon er nettopp det ”å overgje”, å overlevere, å gje vidare.

Den apostoliske tradisjonen vart nedfelt i det som seinare vart kalla Det nye testamente, men held og fram i kyrkja sine sakramentale og liturgiske ordingar, i kyrkjerett og embetsordning, i trusvedkjenningar og læreutvikling.

Kyrkja forvaltar og gjev vidare denne skatten. Det er hennar fundament. Det er hennar misjon.

04
Feb
09

officium: Onsdag, det allm. året, vike 4, 1 Tess 5 (matutin)

” …så de kan vera ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem” (v.23)

Mange kristne tenkjer at livet vår her i verda ikkje spelar noko rolle når det evige livet tek til; Guds nåde opphevar dette livet og alt startar frå skratsj. Dette heng saman med ei oppfatting av nåden som berre ”tilkrekna”, ikkje som ei helgande og fornyande kraft.

Men det er for einsidig. Det evige livet tek til her og no; døds- og livsfellesskapen med Kristus (Fil 3,10) – dåpslivet (Rom 6) – er ein kontinuerleg prosess og held fram inn i æva.

Difor skal vi ta kvar dag og vårt konkrete liv med kropp og sjel alvorleg. Slik du døyr, eller slik du er når Kristus kjem att, slik skal du møte Gud.

01
Feb
09

homiletica: 4. sundag i året, 1/2 -09; St Dominikus krk, Mark 1, 21-28

Kjære brør og systre!

I Evangeliet i dag er vi igjen vitne til at Jesus viser oss si makt; si fullmakt og sitt mynde som Messias, som Den salva frelsarkongen. Slik ein orientalsk konge verjer riket sitt mot ytre fiendar, slik verjer Messias, Kristus, sitt rike mot åndelege fiendar, mot dei vonde og destruktive åndsmaktene. Og demonane kjende han att som Messias: ”Jeg vet hvem! du er, – Guds Hellige!” ..”Er du kommet for å ødelegge oss?”

Jesus er den messianske profeten som Moses tala om, slik vi høyrde i den fyrste lesninga: ”Av ditt eget folk, av dine landsmenn, vil Herren din Gud la det fremstå blant dere en profet som meg. Ham skal dere høre på… Jeg vil legge mine ord i hans munn, og han skal tale til dem alt det jeg befaler ham”.

Messias utøver si makt gjennom sin myndige tale, gjennom sitt skapande ord: ”han talte som en mann med myndighet – og ikke som deres lovkyndige”, høyrde vi. ”Til og med demonenene må lystre”.

Som alltd når Jesus tala sitt messianske ord, sitt frelsarord, handla det om å gjenreise, lækje og fornye skaparverket. Hans ord er eit skaparord; det same som lydde då himmel og jord vart skapte: ”Han tala og det skjedde, han baud og det stod der” (Sal 33,9).
Jesus fordreiv fordervsmaktene frå Guds skaparverk, frå mennesket som skapt i Guds bilete. Han gjorde det ved sine lækjedomsunder og teikn, han gjorde ved å fordrive demonane, han gjordet framfor alt ved å gje sitt forløysingsoffer på krosssen og ved si oppstode frå dei døde.

Vi merkar at Barak Obamas ord har fullmakt, har kraft – han talar ikkje som dei andre kandidatane – fordi han trur på sin misjon; ”Yes we can!”. Men han kan likevel ikkje opprette Guds rike, det skal vi nok tidsnok få merke, det det berre Kristus som kan.

Og det er stadig Kristi ord som gjev gjennomslagskraft for kyrkja. Dei som forkynner, kan tale med mynde, med fullmakt, fordi kyrkja er utsend av Kristus, fordi ho er katolsk og apostolisk, fordi ho overleverer og formidlar alt det han har sagt og gjort, heile Guds råd, heile Guds fylde. Berre den som er djupt forankra i dette, kan tale med overtyding på Kristi vegner – fordi forkynning er meir enn menneskeleg vidd og lærdom, meir enn underhaldning og kåsering; ein tale som berre reknar med det dennesidige, med fornuft, moral og psykologi. Freud såg lenger inn i mennesket enn til det rasjonelle, han såg det undermedvitne; men Kristus ser endå lenger inn, inn i hjarta, inn i ”maktsenteret”.

Det som pregar mennesket, som avgjer våre tankar og handlingar, er noko meir, noko djupare enn fornuft og moral: – Kva er det som rår over oss? Kva slags makter slepp vi til i livet vårt? Kva åndsmakter ber vi med oss? Midt i den synlege verda er vi omgjevne av den usynlege verda, den åndelege verda. Slik er det nytestamentlege bildet av røyndomen.

Kyrkja sin tale må vere slik at den trengjer heilt inn der livet vårt verkeleg vert forma! ”Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein og dømer hjartans tankar og råd” (Hebr 4,12). Det utfordrar alltid mennesket til eit nytt liv.

Skal ein forkynnar kunne tale slik, må han sleppe dette ordet til i sitt eige liv. Jesus levde det han tala. Difor slo orda hans gjennom. Han tala ikkje berre ”teori”, slik ”dei lovkyndige”, dei vanlege teologane, gjorde.

Brør og systre; vi må alle sleppe Kristi ord, det messianske ordet, til i livet vårt. Det er eit ord som utfordrar ”den vanheilage ånda”, den ureine ånda. Det er ei åndsmakt som står sterkt i dag; i filmindustrien er det faktisk pornobransjen som er overlegent størst og i stadig vekst. Finst det noko anna forklaring enn at det finst uendeleg mange kundar? Og ikkje berre blant unge, snarare tvert i mot. Ureinskapen er ei makt som gjer noko med mennesket, på kropp og sjel.

Den vanheilage ånda er også den stumme og blinde ånda; som gjer at vi ikkje ser Gud, som gjer at vi er stengde for Gud, at vi ikkje opnar opp og lovprisar han, påkallar han, skriftar våre synder for han.

Vi treng verkeleg å bli sjåande. Vi treng å høyre det messianske ”Effata!” Lat deg opp! Vi treng å seie, som vi gjer kvar morgon her i klosteret, ved Laudes, den fyrste tidebøna:

”Herre, løs min tunge! Så min munn kan forkynne din pris!”




kategoriar