27
Feb
09

nota bene: Siv-jabb

Frp surfar vidare på bylgjeryggen av norsk grums. ”Hijab-effekten” kallar media det når partiet no har stigande statistikkar igjen.

For min del aukar dette berre mi eiga framandkjensle som nordmann. Kvar bur alle desse hijab-hatarane? Er det eit by- eller landsfenomen, er det aust- eller vestlandsk, trøndsk, sørlandsk eller nordnorsk? Eller er det jamt fordelt?

Alle som er veldig mot hijab til politiuniformar, er ikkje sympatisørar av Frp og stemmer ikkje i oppsongen mot ”snikislamisering”; det er heilt klårt og eg meiner det finst aktverdige grunnar både for- og mot. Likevel er det vel ikkje mykje feil å anta at hijab-”effekten” er ein effekt av anti-islamske og antireligiøse sentiment i folket.

Redsla for det framande spelar med. Likeeins ei statisk oppfatning av kva som er ”det norske” (sjå vettug leiarartikkel i Morgenbladet i dag); som sagt her i bloggen før: Torbjørn Egner –epoken er over. Det snille, einskaplege landet ikkje langt unna der julenissen bur med sitt ”good guy” sjølvbilete har endra seg. Det er ikkje bra når pynten blir hengande i huset etter han er visna og høgtida slutt.

Veldig mykje av talen om at dei ”norske” verdiane er truga av religion og særleg islam, er ein angst- og aggresjonsretorikk. Vi treng å finne ei ny ”forteljing” som kan fornye kulturen, som ser religion som noko spanande og konstruktivt og ikkje som eit vonde som skal tøylast. Når vi trur på den gamle forteljinga, er det ikkje fordi ho er «sann» ellr «prova», men fordi ho har vore gjenteken så lenge og av så mange. Utfordra av sekularisme på tomgang, har dei religiøse tradisjonane mykje å stå saman om. Religionane må ha plass både for intern og ekstern kritikk for å kunne takle nye situasjonar, men dei skal ikkje la seg kue og ikkje la seg herse med av ein arrogant sekularisme – som om den åleine står for fred, utvikling, rettferd og framsteg. Sekularismens nære slektning, liberalismen, har finanskrisa avslørt; snart vil ein skjøne at det ikkje gjeld berre økonomisk liberalisme, men og den kulturradikale liberalismen – med sin ekstreme indivdualisme, si konsumdyrking og si råkøyring mot naturmiljøet.

Vil du at kristendomen skal forbli ein del av det norske framtidsbiletet? Då er det berre éin ting som nyttar no: Ras ikkje mot ”dei andre”, men set i gang og praktiser di eiga tru.


1 Response to “nota bene: Siv-jabb”


  1. 1 Gunnar
    mars 1, 2009 ved 2:30 pm

    Enig!
    Utfordringen er vel at de som «raser mot dei andre» ikke har noen klar oppfatning av «sin egen tro» ? I hvert fall så virker det ikke som om Jensen & co har tar tatt utgangspunkt i sin egen tro ? Eller ? Jeg ser at hun får sterk støtte fra ulike kristne (fundamentalistiske) grupper – og som påberoper seg STERK tro. Ikke rart at debatten lett blir forvirrende.
    Jeg er glad for at mange inne Den katolske Kirke er tydelig i sitt budskap – ikke minst har Vatikanet håndtert Kirkens forhold til muslimene på en god måte. Kikren har mye å takke Pave Johannes Paul II for både ved sin uredde form, fredsbuskap og nestekjærlighet ikke minst overfor muslimene.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: