26
Feb
09

discursus: Aktuell faste

Faste er ein religiøs praksis. Mange trur at det berre er islam og jødedom som endå har tydlege praksis-former. I dag veit folk at islam har sine fem søyler og mellom desse er almissene, fasten og bøna. Men kor mange veit at dette også er ein del av den kristne tradisjonen? I alle fall i ortodoks og katolsk kristendom.

I den katolske kyrkja er ’kyrkjeboda’ det som formar livsmønstret for dei truande – og klosterlivet er basert på dei ulike klosterreglane (t d Benedikts regel, Augustins regel, Basilios regel). Kyrkjeboda forpliktar den truande:

– På sundagar og festdagar skal du ta del i messa
– Du skal skrifte dine synder minst éin gong for året
– Din Skapar skal du motta [i nattverden] audmjukt minst éin gong for året, i det minste i påska
– Du skal halde heilage påbodne festdagar
– Du skal overhalde førskriven faste og abstinens

I tillegg er dei truande forplikta til å ta ansvar for kyrkja sine materielle/økonikiske midlar.

Omsut for dei fattige (”almisse”), bøn og faste har alltid vore ein del av det kristne livsmønsteret. Dessverre har individualisert og privatisert oppfatting av religion og kristendom skugga for regulær kristen praksis. Resulatet blir ein kropp utan beingrind; berre mjukvev er ikkje skikka til å halde mennesket oppe og i funksjon.

Fastepraksisen kan skifte med ulike livssituasjonar; her er nokre tips:

*Tradisjonelt skulle fastedagane innehalde berre eitt skikkeleg måltid, og noko lett morgon og kveld.

*Tradisjonelt heldt ein ikkje bryllup og liknade store festar i fastetida.

*Abstinens = avstå frå kjøt. Tradisjonelt på alle fredagar.

*Avstå frå unødig underhaldning (Tv, muzak, kino/teater, uteliv..)

*Kutt ut/reduser inntak av snop og snacks og alkohol

*Set av tid til å vere stille og åleine. Les ei god bok. Kva med Bibelen?

* Gje til Caritas/Kirkens Nødhjelp

* Sjå til noko som treng vitjing og kontakt

* Ta del i fastegudstenester

* Sjuke, eldre og born er – i katolsk samanheng – ikkje forplikta til overhade fasten.

* Total faste over eit tidsrom, saman med bøn, er ein friviljug praksis som kan vere åndeleg og menneskeleg fruktbar. Førutset mogning, røynsle, helse – og evt vegleiing.

Mykje av det som er bltt ”avskaffa” fordi ein har vilja lette på krava, kjem att som apell om endra livsform frå den radikale miljørørsla, frå meditasjons-miljø og andre hald. At fasten også innheld ein politisk og økologisk dynamikk, blir stadig tydlegare. Seinast i dagens ’Klassekampen’ viste ein innsendar til radikale tenkjarar som hevda at liberalismen i økonomi og livsstil berre kan møtast med etisk motmakt: ”virtue is going to save the world… after the financial catastrophe, the salvation by ethics” (Frédéric Lordon, fransk økonom, 2008).

Store politiske grep trengs for å endra verda, men stadig sterkare vil ein innsjå at slike grep ikkje kan takast utan at agenten, mennesket, heng med. Fasten er eit treningsprogram for humanitet, ein innsikt om at mennesket må kunne meistre sin ”behov” og ikkje ekspandere utover sin tildelte plass i verda.

Så til alle – liberalistar og ”overåndelege” truande: Røyndomen innhentar oss, vi treng ikkje finne opp krutet på nytt, fastetida sin askese ventar på gjenoppdaging.

Tru må ha kropp.

Reklame

6 Svar to “discursus: Aktuell faste”


  1. 1 Herman
    februar 26, 2009 ved 6:54 pm

    Hei!

    Hvilke påbudte, hellige festdager kommer inn under fasten i år?

    Hilsen Herman

  2. 2 Gunnar
    februar 26, 2009 ved 7:36 pm

    Ja. Noe å tenke på !

  3. februar 26, 2009 ved 9:56 pm

    Hermann: Høgtidene for Josef, Marias brudgom, 19. mars og «Marimesse»/Bodskapen om Herren, 25. mars, så vidt eg veit.

  4. 4 Herman
    februar 27, 2009 ved 5:28 am

    Ja, selvfølgelig – det burde jeg jo ha tenkt meg. De to dagene er vanskelig å komme utenom.

    Men jeg tenkte kanskje det var noen O.P.-fester der også – hadde en formidabel aha-opplevelse på Lunden kloster sine sider her forleden. Der listet de opp alle dominikanerne som feires i løpet av året, og det var ikke få! Det var jo et helt lass med folk, som alle var hellige! Ikke hadde jeg hørt om dem og ikke lest om dem (med unntak av Albert den store og hans like, altså de som regnes med over alt), før jeg kom til denne siden. Stor overraskelse!

    Til orientering forøvrig: idag er det dagen for feiringen av jesuitten Gabriel Possenti. Han er beskytter for presteseminarister blant annet.

    Hilsen Herman

  5. 5 Ingvild
    februar 27, 2009 ved 6:09 am

    I følge «liturgisk kalender» er kun Kristi Himmelfart og juledag påbudte kirkedager foruten søndagene… ?
    Men det er kanskje likevel en tradisjon at man skal gå i kirken på de øvrige festdagene også?

    Arnfinn: Du skal ha ros for dine korte, treffende sluttreplikker – som her: tru må ha kropp. Så kort og godt kan det sies!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: