21
Feb
09

officium: Laurdag, det allm. året, vike 6, Ordt 31, 10-31 (matutin)

”Kraft og vørdnad er hennar klednad, og ho ler mot komande dagar” (v 25)

Slik skildrar visdomslitteraturen den dugande kvinna. Ho er nok husleg, men ho er den som styrer og ”ser etter korleis det går i huset” (v 27). Og hennar hus er ikkje noko ”dukkehjem”. Her er vi langt unna den innemura og gjerandslause borgarkvinna frå Viktoria-tida, til naud med eit hekletøy å stelle med. Den dugande kvinna er offentleg kjend, for «der menneske møtest får ho ros for sine gjerningar» (v 31).

Ikkje berre kraft, men også vyrdnad kjenneteiknar henne. Det er kvinna som symboliserer samfunnet – og som held det saman på sine grunnvollar.

Reklame

4 Svar to “officium: Laurdag, det allm. året, vike 6, Ordt 31, 10-31 (matutin)”


  1. 1 Ingvild
    februar 21, 2009 ved 9:54 pm

    W.Stinissen sammenligner Marias rolle for enhet i kirken med morens rolle for å holde hjemmet (og samfunnet!) sammen. Et interessant perspektiv! Ikke minst fordi Maria ofte er det første protestanter stiller seg undrende/skeptiske til i møte med Den Katolske tro og lære. Kan hun likevel være den samlende??

  2. februar 22, 2009 ved 2:40 pm

    Maria? Gjerne det. Ho vart nok ikkje så velståande som ung husmor i Nasaret, slik den mektige kvinna i Ordtøka er det. Men ho fekk no styr på apostlane etterkvart – og alt i bryllupet i Kana viste ho seg som ei jødisk mor som visste å trekke i trådane… 🙂

    Og om du tenkte på deg sjølv, så var nok det midt i blinken…

  3. 3 Ingvild
    februar 22, 2009 ved 2:56 pm

    Beklager «fokus-skiftet» – jeg gjorde et tankesprang av assosiasjoner jeg fikk til Arnfinns siste linje om å holde samfunnet sammen. Min tanke hadde lite med selve bibelverset å gjøre 🙂

  4. 4 Wenche
    februar 22, 2009 ved 11:15 pm

    No har eg lese heile kap. Og eg kan ikkje akkurat seia at eg er i nærleiken av dette idealet.
    Men av og til skjer dette:
    28 Hennar søner stig fram og prisar henne sæl,

    Og nå var desse sønene og far deira hovudgevinst på basaren min, 35 t arb.kraft, og resultatet blei 45.000 kr som uavkorta går til dei fattige – i Nepal.

    Berre for å skryta….av alle dei som kom og av alle dei som ville gje til dei fattige.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: