”Høyr kor visdomsmøya ropar…” (v 1)
Visdomen er vegen til det rette livet, til det gode livet – til Gud. Visdomen omfattar både det dennesidige og det hinsidige. Visdomen er lagt inn i skaparverket, inn i kvart menneske. Han talar i alle dei store, åndelege tradisjonane, i «alt som er sant, alt som er gjævt, alt som er rett..» (Fil 4,8). Og han er heilt og fullt openberra i Ordet, i dei heilage Skriftene, i kyrkja.
Men Visdomen er ikkje noko vi fylgjer automatisk. Ikkje noko vi gjer instinktivt fordi ”evolusjonen” har programmert oss for å ”overleve” som individ eller ”art”. Visdomen kallar på oss; det er ei røyst vi kan høyre i oss, men ho har sitt opphav i ei høgre verd. I det gode, i Gud.
Jesus er Visdomen, inkarnert. Han kallar, som Visdomsmøya og seier: «- Kom til meg… Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de få kvile for sjelene dykkar” (Matt 11, 29f).
Kvar dag må Visdomen veljast eller vrakast. Høyrast eller overhøyrast.
0 Responses to “officium: Onsdag, det allm. året, vike 6, Ordt 8 (matutin)”