13
Feb
09

officium: Fredag, det allm. året, vike 5, Gal 4,8-31 (matutin)

”… desse veike og fattigslege grunnkreftene i verda” (v 9)

I antikken var det ikkje uvanleg å tenkje at det stod åndsmakter bak grunnelementa som verda var laga av. Menneska ana ein samanheng, ei mening, ei vilje, ei kraft i verdsordninga, i naturen. Dette er ei rett aning – fordi Gud har lagt sin eigen herlegdom, sitt eige ”logos”, ”meiningsord”, inn i alt han har skapt. Verda er ikkje ein maskin.

Likevel er det ikkje rett å dyrke verdsordninga og elementa som om dei er ”gudar”; då kjem vi i kontakt med åndsmakter som spelar på den åndelege tiltrekkjingskrafta i det Gud har skapt.

Paulus seier ikkje at verda ikkje har noko ”åndeleg i seg”, tvert om. Men det er berre Skaparen som skal tilbedast. Å gi seg inn under strukturane i skapningen, i livsrytme, i kosthald, i ritual og skikkar som om dei i seg sjølve har åndeleg autoritet, lausriven frå Gud, fører oss ut i avgudsyrking og slaveri. På same måte som Lova – som er god i seg sjølv – blir ein slavedrivar dersom ho ikkje blir motteken i trua sin fridom. Djupast sett: i Kristus.


0 Responses to “officium: Fredag, det allm. året, vike 5, Gal 4,8-31 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: