24
Des
08

carpe diem: Høgtida for Kristi Fødsel (også kalla «jul») er her…

Eg skimtar stjernene på himlen, høgt over den snøfrie Oslo-jula. Det er stille ute i byen, stille i klosteret. Høgtida stille innleia med vesper. Dagen har elles vore som ein vanleg dag. Klosteromgangen, fortaug og kyrkjetrapper er feia. Nokon har sett opp eit par julenek. Den store julekrubba vart sett opp i kyrkja går, ved Maria-altaret. I natt skal Jesus leggjast i krubba. Under midnattsmessa. Missa in nocte.

Det er blitt heilt klårt for meg at den kristne julehøgtida, Krist-messe, er noko anna enn den ”norske” jula. Som er blitt ei etterkristen jul med mange restar og etterklangar av den kyrkjelege høgtida. Inkarnasjonen vart fyrst feira, ikkje som ’fødselsdag’, men som teofani, som Guds-openberring. Den fyrste og eigentlege julehøgtida er ”Epifania”, Kristi Openberringsdag, Heilagtrekongarsdag og sundagen etter: ”In Baptismate Domini”, festen for Jesu dåp.

Vi treng, utan tvil, eit forsterka fokus på Kristus for å feire ei verkeleg jul. Ja, om vi måtte overlate jamvel ordet ”jul” til den etterkristna kulturen, slik det eingong kom frå den førkristne – så skulle vi overleve det. Det ville truleg verke oppklårande.

Her er eg på cella mi. Skriv ned preika/homilien som eg skal halde i natt. Les litt. Opnar juleposten. Mediterer. Eit tid for bøn, også. Verda har trekt seg unna; folk eg kjenner, har dratt kvar til sitt. Ein avstand av fred. Skal gjere mitt juleskriftemål for fr Joseph frå Irland. Han har si celle rett ved sidan av her. Klokka 24 er det fullt i kyrkja. Opp med dørene! På med ljosa!

Vi skal feire den natta då Gud kom.

Reklame

7 Svar to “carpe diem: Høgtida for Kristi Fødsel (også kalla «jul») er her…”


  1. 1 w
    desember 25, 2008 ved 2:23 am

    Eg lurer på: vil ein katolikk og ein protestant forstå det same med Krist-messe? Må det vera med nattverd for at det skal vera messe for protestantar? Høgmesse – familiegudsteneste.

  2. 2 Herman
    desember 25, 2008 ved 8:41 am

    En messe uten nattverd er ingen messe for en katolikk.

    Men jeg var med på en forbønnsgudstjeneste i St. Olav domkirke, da var det ingen nattverd. Økumenisk sett har jeg vært med på en ortodoks messe, feiret i St. Dominikus kirke, der de hadde to typer vandringsbrød. Ett for ortodokse som bekjente seg til den ortodokse tro og som gikk frem for presten, og ett som ble gitt fra et fat, sendt rundt med messetjeneren (tror ikke det heter ministrant i den ortodokse kirken). I familiekategorien hadde vi nettopp i går en barnegudstjeneste i St. Dominikus, der det ikke var nattverd, kun salmer, evangelielesning, bønn og velsignelse.

    Og -forresten- Riktig god Jul!

    Hilsen Herman

  3. desember 25, 2008 ved 11:50 am

    Ei «messe» er pr definisjon med nattverd; det er det tradisjonelle namnet på kyrkja sin historiske liturgi, i den vestlege tradisjonen. I aust, i dei ortodokse og orientalske kyrkjene, vert liturgien (som i hovudsak fylgjer same mønster) kalla «den guddomlege liturgien». I nyare tid har ein både i aust og vest teke til å nytta meir den oldkyrkjelege nemninga «evkaristien» (gresk, og tyder «takkseiing»).

    Ordet «messe» vart vidareført i den lutherske tradisjonen, men ikkje i den reformerte/calvinistiske og anglikanske. Calvinistane braut fullstendiug med den katolske/allmennkyrkjelege tradisjonen og laga ein heilt ny liturgi; nattverd vart feira svært sjeldan, Lutheranarane ville feire nattverden kvar sundag; det fall bort fyrst seinare. Ordet «messe» er vanleg som namn på sundagens hovudgudsteneste i luthersk tadisjon; «høgmessa». I norske dalstrok (Valdres, Gudbrandsdalen, Hallingdal, Numedal, Telemark) talar ein endå om «messa» og ikkje om «preika». Men altså: eigentleg skal det feirast nattverd for at det skal kunne kallast «messe’/’høgmesse».

    «Krist-messe’/Christmas er døme på at messefeiringa på ein høgtidsdag gav namn til heile høgtida/festen. Jfr. Mikkjelsmesse, Krossmesse osv…

    Det burde vere sjølvsagt, også i DNK, at ein feira dei store høgtidene med ei fullstendig høgmesse (med nattverd).

  4. 4 w
    desember 26, 2008 ved 12:59 pm

    Takk for svar, begge to.

    Takk, og deg det same, Herman! Hjå oss helsar me «god jul» til «alle» me treffer t.o.m. litle nyårsaftan. Det er ein fin skikk, men kanskje utan mykje eigentleg innhald.

    God jul til alle andre og!

  5. desember 26, 2008 ved 4:32 pm

    God Jul, ja! Den etterkristne/nyheidenske jula tek, som kjent til, i oktober (seinast!) og sluttar etter ei kjapp julegudsteneste julaftans ettermiddag – akkurat då den kyrkjelege jula tek til (julaftan kl 1800). Både romjula, nyttåret og openberringstida står i jula sitt teikn. Fyrst «trettand» dags Knut/jagar jula ut» (eller var det «tjuand» dags ?)…

  6. 6 w
    desember 26, 2008 ved 8:28 pm

    Kjapp og kjapp, når dagen og timen kjem, og ein sit midt i det, då er det kanskje ikkje så kjapt og enkelt likevel. Då er det kanskje tid for å gå i seg sjølv.
    Og så er det tid for den store venskapen, jf preika di i fjor jul.
    «Difor skal vi lengte etter det, difor skal vi tru på det, difor skal vi sjå etter dei gode teikna, både nær oss og rundt oss –vi skal ikkje bli kyniske, harde og motlause.»

  7. 7 Herman
    desember 27, 2008 ved 7:59 am

    Jeg siterer diktet «RULLE RUNDT – (OG RUNDT)» av Rolf Jacobsen:

    I den tekniske byen
    hvor alle ruller rundt på hjul
    så de kan bli glade fort
    og få penger så de kan kjøpe alt
    der kjenner ingen hverandre mer
    for de har ikke tid
    for de skal rulle rundt på hjul
    og kjøpe morsomme ting
    så de kan bli glade fort
    så alle barn må passe på seg selv
    og alle gamle må legge seg og dø
    for ingen har tid og ingen vet levende råd
    for det gjelder å glemme og det gjelder å bli glade fort
    mens lysene blinker rødt og blinker grønt
    ruller alle rundt på hjul
    ruller rundt
    og rundt og rundt
    osv, osv – –
    (fra samlingen Pusteøvelse 1975)

    Det er særlig sirkelbevegelsen i diktet assosiert med dette å rulle rundt, som er så fascinerende.

    Selv synes jeg det er deilig med «tidlig» advent. Om så «alle andre» gjør det for pengenes skyld, nyter i hvertfall jeg å ha en laaang advent. Fortsatt gledelig jul!

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: