20
Des
08

nota bene: Folkepositivismen

Den som ei stund har fylgt med på norske lesarinnlegg og bloggkommentarar om tru og religion, kjem ikkje akkurat i julestemning. For meg har det vore litt av eit sjokk å sjå i kor høg grad overtrua på ”vitskap” og ”framsteg” framleis lever mellom folk flest. I fullt alvor og med høg føring hevdar ein at det moralsynet og det livssynet ein forfektar, er ”vitskapleg” og ”rasjonelt” og at alle andre kriteria må avvisast.

Saman med denne naive dyrkinga av vitskapen fylgjer den skråsikre vissa om at folk i fortida var dumme, særleg i ”den mørke middelalderen” då ein stort sett dreiv med heksebrenning og inkvisisjon. No, derimot, badar vi i humanitet og universell framgang – om det då ikkje var for desse hælsikes religionane som jo – som alle veit – er opphav til alle krigar, all ufred og alt vondt i verda. Og korleis kan nokon legge vekt på ting som står i ”ei gamal bok” som Bibelen; ”vi lever jo i år 2008!”? Paven er like ille, for han er også ein gamal mann og dermed dum.

Det er ikkje vanskeleg å identifisere desse tabloide ytringane som populistisk avleiring av den offisielle kulturen. Lenge etter at haldningar og meiningar i det minste er blitt problematiserte i samfunnet elles, held dei fram å leve sitt liv i mange krinsar.

Dette stadfester den rådande livkjensla i moderniteten, det den kanadiske filosofen Charles Taylor kallar ”self-sufficing humanism”; sjølvtilstrekkjeleg humanisme. Mennesket plassert på toppen, over naturen og også over Gud – eller det fyller sjølv den ledige plassen etter at Gud blei borte. Karakteristisk og innarbeidd inntil det umedvitne er også trua på at sekulariseringa er ei utvikling som går av seg sjølv dersom ein ikkje legg kunstige hindringar i vegen. Religionen er, så å seie, avskaffa av ei slags historisk tyngdekraft som ein korkje kan- eller bør motstå.

Eg meiner det er naudsynt å sjå kritisk på dette tankegodset. Historia er forma av aktørar med ein klår agenda og uttrykk for medvitne og vel overvegde val. I vår kulturkrins har det vore viktig å marginalisere og motarbeide religiøse institusjonar fordi dei har vore oppfatta som hinder for menneskeleg frigjering. Ein har ynskt ei anna forvalting av økonomi og naturresursar, av seksualitet, familieliv og statsmakt enn det kyrkja og religionen har stått for. Røyndomsforstånga har gått frå det sakrale til det instrumentalistiske med vekt på teknologi og profitt, effektivitet og statleg disiplinering av borgarane. Ingen ting er heilagt, alt kan konstruerast, rekontsruerast og dekonstruerast. Vi er ”gud”, vi kan skape verda som vil vil. Det held ikkje opp å undre meg at denne progressive utopien lever i beste velgåande, trass verdskrigar, atombomber, økokrise, krise for samliv og seksual-praksis og andre område der ein i namnet åt vitskapen og framsteget har spådd gull og grøne skogar.

Men kva med ”Snåsamannen” som i desse dagar sel i titusenvis av eksemplar? Er ikkje det eit signal om den folkelege sekulariseringa ikkje er så typisk eller at ho i alle fall er på retur? Det kan vere, men eg trur suksessen for ein stor del kjem av den synske healaren er presentert med så låg religiøs og kristen profil at han kan lesast utan alt for stort prestisjetap. Dei mest garva motstandarane av alt åndeleg tillet seg nok å lese slike bøker om lag som ein munk les ”Se og Hør” hos frisøren.

Det burde uansett vere slutt på å sjå sekulariseringa som noko naturnaudsynleg og nærast uunngåeleg. Vi treng å bli oss medvitne at det dreiar seg om grunnleggjande val både på det politiske og det personlege planet. Det krev ei kraftig omstilling for det vestlege mennesket som er vant med å sjå sin identitet og samfunnsform som sjølvsagd, universell og som topp-punktet på den historiske utviklinga. Det ville vere klokt om ein våga ein verkeleg open debatt om kor viktig sekularismen er for å ta vare på dei positive sidene ved den vestlege kulturen. Å utsetje eit slikt ”kulturelt konsil” fører truleg berre til at polariseringa og konfliktpotensialet aukar.

Frå religionane si side må ein gjere det klårt at ein ikkje drøymer om å ”overta” samfunnet, men om større rett til å gjere seg gjeldande der. Det må til for at den naudsynte nyanseringa av sekularismen kan takast fatt i både på grunnplanet og hos elitane.

Alle Babelstårn står for fall. God jul!

(fyrst prenta i spalten «Signert» i Klassekampen, i dag, laurdag 20. des

Reklame

9 Svar to “nota bene: Folkepositivismen”


  1. desember 20, 2008 ved 10:45 pm

    Jeg må berømme deg for å treffe godt i dine korte analyser. Her setter du nynorske ord på noe viktig, nemlig at det synes som om den overdrevne troen på vitenskap og den sekulære rasjonaliteten som for de fleste vitenskapsteoretikeres del er blitt forlatt, lever i beste velgående blant det som litt løst kan betegnes som «folk flest». Som du sikkert er klar over finnes det også lyspunkter, representert ved for eksempel den gamle nymarxisten Habermas, som i en alder av godt over åtti, skiftet sin forståelse av religiøse virkelighetsforståelser. Han har kommet til sans og samling so to speak, og anerkjenner nå disse som alternative rasjonaliteter som har krav på respekt på lik linje med den sekulære rasjonaliteten. Det vi må spørre oss nå, er hvor lang tid det tar før den slags tankegods siver ned i «folkedypet». Ca en generasjon?

  2. 2 Herman
    desember 21, 2008 ved 4:23 am

    Utrolig bra! Kanon! Ten points from the jury!

    Men dessverre, så lenge religionen ikke bærer én røst og har én stemme, tror jeg neppe den vil kunne hevde seg mer enn det den gjør i dag. Vi må ha én hellig, katolsk og apostolisk kirke, slik den var fra opphavet av. Noe annet gjør det hele til et umulig prosjekt.

    Hilsen Herman

  3. 3 Svein
    desember 21, 2008 ved 11:28 am

    Veldig enig! Jeg har prøvd å debattere litt på Dagbladets religionsblogger, og opplevd at det er umulig å få de «vitenskapstroende» til å innrømme at de også har en tro. Å nei, de er kommet mye lenger, må vite.
    En iherdig debattant mener f.eks at kirken enten må skaffe naturvitenskapelige bevis på at Jesus sto opp, eller klappe igjen og pakke sammen. Jeg har flere ganger prøvd å spørre om hvordan man kan mene at mennesketanken er så overordnet og allmektig at alt skal måles mot den. Det nytter ikke.
    Da jeg gikk på menighetsfakultetet for noe over ti år siden, kalte Romarheim dette «vitenskapsovertro». Det er trolig den mest utbredte tro i dag.

  4. 4 Blix
    desember 21, 2008 ved 8:51 pm

    Som utdannet naturvitenskapsmann har jeg erfart at de som fremhever vitenskapens fortreffelighet, hverken kjenner til de vitenskaplige metoder, eller har kunnskaper om middelalderen. Middelalderen var jo så forferdelig – det er anerkjent av nesten alle i Norge, og kraftigere kommer påstandene, desto ringere kunnskapene er.

    Presteskapet, særlig de protestantiske, men også de katolske i diaspora, har en enorm oppgave med folkeopplysning foran seg. Det er selvfølgelig ikke så lett å få til, kristendommen er motstrøms alle populære oppfatninger, og da er det lettest for presteskapet å gå å hjemme seg bort,,,,,

  5. 5 w
    desember 22, 2008 ved 1:31 pm

    Eg fekk ein sms om at eg måtte lesa i Dag og Tid viss eg ikkje hadde gjort det. Bra artikkel der! Eg måtte helsa! Eg hadde alt lese, høgt t.o.m. Det hadde nok vore kjekt for fleire å få lesa det stykket! Dette av omsut for medmenneske 🙂

  6. 6 vidarlun
    desember 22, 2008 ved 5:06 pm

    Paven er ikkje dum av di han er gamal. Eg vil snu på det, han er pave av di han er ein reaksjonær gamal mann. Det er jo berre å sjå kva perspektiv han har: http://www.nettavisen.no/verden/article2481506.ece. Berre så det er sagt: eg tvilar ikkje på at pressa har sin agenda, men Reuters plar vel å kunna stolast på.

    Det er godt å sjå at romarkyrkja òg godtek Galileo no – men det er jo eit symptom på noko: vitskapen går framover PÅ TRASS av religionane, ikkje med stønad frå dei. Då er det vel ikkje så rart at forskarar avskriv religion som relevante i debattane? Eller meiner religiøse at det finst eit toppunkt, eit endepunkt, eit mål for kva vi bør vita? Ein stad der vi seier at «det er nok no, Gud vil nok ikkje at vi skal vita dette»?

  7. 7 Blix
    desember 22, 2008 ved 7:14 pm

    Vidarlun;
    Hvordan forklare at flere av de viktigste vitenskaplige oppdagelser er gjordt av klosterfolk, og andre geistlige, innen fysikk, kjemi, astronomi, biologi og jus, foruten de selvfølgelige som fag språk og teologi ? Kirken har fremhevet interessen for den vitenskaplige utvikling. Flere vitenskaper har sin moderne opprinnelse fra jesuittenes arbeid. Jeg tror det er mange som bør sette seg inn i hva som skjedde i forholdet med den romersk katolske Kirken og Galileo Galilei. Originalkorrespondansen på italiensk/latinsk er glimrende lesning,,,,

    Siste nummer av Broen, katolsk tidsskrift i Norge, har to artikler av katolske vitenskapsfolk. Den ene er nonne på Katharinahjemmet, og samtidig partikkelfysikkforsker i CERN. Dette er spennende lesning. Nonner, prester og paver er ikke bare reaksjonære bakstrevere som lengter tilbake til tidlig middelalder.

  8. desember 23, 2008 ved 8:10 am

    Olav: Takk for kommentar – og for uttrykket: «alternative rasjonaliteter». Det er nettopp det det dreiar seg om. Mykje av det eg skriv i denne bloggen og elles, handlar om ei vidare forståing av intellektualitet. Også kardinal Newman og heile den romantiske epoken var oppteken av dette.

    Det tar tid før paradigmenskiftet verkeleg syner seg i breidda av kulturen. Habermas er eit teikn i tida.

  9. desember 23, 2008 ved 8:34 am

    vidarlun: Din kommentar er eit skuledøme på utdatert vitskapsdyrking. Eit skikkeleg trofé til å henge på veggen. Tankegangen og retorikken er basert på «black legends» og det eg kallar «kulturelle klisjéar».

    Den panegyriske dyrkinga av «vitskapen» (ofte einsidig forstått som «naturvitskap») ser eg ingen grunn til å krype for; her trengs det heller ein skikkeleg runde med vitskapskritikk. Som positivismekritikken (Skjervheim) – sjølv om det altså tek tid før den tradisjonelle retorikken endrar seg.

    Grense for det «å vite»? I- og for seg ikkje. Men etterkvart har vi skjøna at isolert «kunnskap» og «viten» ikkje er nok. Utan åndeleg, etisk og verdimessig danning vert mennesket berre ein robot-nerd som er like kapabel til det grusame som til det gode. Synet på «vitskapen» som ein slags messias/frelsar som må bane seg veg gjennom historia, er patetisk.

    Paven «reaksjonær»? Kva så? Trua på «det progressive» er også ei overtru som for lengst burde vere gjennomskoda. Kanskje er det det denne forenkla framstegstrua som i dag er verkeleg «reaksjonær»? Kvifor skulle det ikkje vere på sin plass med kritikk av den moderne seksual-praksisen? Eg trur stadig fleire kjem til å innsjå at det er naudsynt og at paven heller ligg i forkant enn i etterkant.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: