30
Nov
08

carpe diem: 30. november; Den hl Andreas

Det er Fyrste sundag i Advent i dag – men det er også er festen for apostelen Andreas. Som kjent, ber eg også det namnet. Han er vernehelgen for to land som interesserer meg, Russland og Skottland (sjølv om eg berre har vore i det siste..). Fyrst og fremst er han – som dei ortodokse truande seier: -Den som fyrst vart kalla. I Johannes-evangeliet står det: »

«Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og fylgt etter Jesus. Han finn fyrst bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har funne Messias.» Messias er det same som Den Salvevigde»  (1, 40-41).

Det er Andreas-kallet, trur eg, å seie til brørne sine: «Vi har funne Messias… Den Salvevigde»!

Så i dag seier eg med Matias Orheim:

Eg fann min Gud i ungdoms år,
I livsens ljose, blide vår,
Det skal meg aldri anka.
Eg let min Frelsar inn til meg
Då han so kjærleg synte seg,
På hjartedøri banka.

Eg fann min Gud i ungdoms vår,
Eg etter livsens kruna trår,
Med truskap vil eg strida.
Og skal eg verta trøytt og sår,
Og um meg mykje motgang når,
Med Jesus vil eg lida.

Eg fann min Gud i ungdoms vår,
All ungdomsskraft som i meg rår,
Skal brukast til hans æra.
Skal eg med tåror sæde så,
Med frygdesong eg heim skal gå
Og mine kornband bera.

Ungdomskrafta’ er blitt manndomskraft etterkvart. Men Gud, som gjev krafta, er den same….

Reklame

7 Svar to “carpe diem: 30. november; Den hl Andreas”


  1. desember 1, 2008 ved 9:02 am

    Vakkert sagt, Arnfinn Andres

  2. 2 MaritAa
    desember 1, 2008 ved 3:02 pm

    Når jeg leste dette idag, tenkte jeg at det du skriver her på bloggen er katolsk tro i norsk drakt. Det er spennende å lese, og annerledes enn det bilde en ofte får av den katolske kirke i Sør-Europa eller Sør-Amerika. Jeg tror endel av avstanden mellom bedehuset og den katolske kirka er mer kultur enn tro.

  3. 3 Andreas S
    desember 1, 2008 ved 10:14 pm

    Pussig nok reiser jeg til Skottland mot slutten av denne uka… til byen oppkalt etter vår navnefar(?), apostelen.

  4. desember 2, 2008 ved 9:12 am

    Til Marit:
    Artig at du seier det. Det biletet vi har av «sydlandsk katolisisme» er gjerne ikkje heilt presist, heller; vi ser ikkje alltid kor mange likskapstrekk det er med det nordmenn reknar for kristendom. Dette har noko med konvertitt-kulturen i nyare tid å gjere: Den folkelege spiritualiteten blei litt oversett – anten det gjeld den «sørlege» katolske- eller den norske pietismen.

    For meg er det eit poeng både å «sjå» det som er felles og å sjå det katolske i den kjende, norske, «pietistiske» kristendomen. Song- og salmeskatten i denne tradisjonen trengs ikkje å avvisast, men å «bli henta heim» til ein større fullnad, til den katolske rikdomen.

    Uvante og uventa samanstillingar – «uvant» p g a gjensidige fordomar, ofte – kan hjelpe oss til å oppdaga noko nytt! Matias Orheim og Bernhard av Clairvaux forstår kvarandre, trur eg…

  5. 5 Knut
    desember 2, 2008 ved 7:20 pm

    Flott salme!

    «Utelates», er domen i salmebokforslaget i Den norske kyrkja.

    Kor skal vi finne våre frygdesongar, spør eg.

  6. desember 2, 2008 ved 7:42 pm

    I den katolske kyrkja, sjølvsagt! 🙂

  7. 7 Knut
    desember 2, 2008 ved 8:00 pm

    Lov Herren! : )


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: