29
Nov
08

officium: Laurdag, vike 2, Judas brev (matutin)

”… å strida for den tru som ein gong for all er overgjeven til dei heilage” (v 3)

Judas brev liknar på Peters andre brev. Desse breva sin formanande tone, framsette med apostlars mynde, synest så langt unna mykje kristen tale og rettleiing i dag, i alle fall i Noreg.

Sannsynlegvis fordi det å vere kristen er blitt ei nokså søvning sjølvfylgje for mange. Ikkje slik for apostlane og deira tid. Trua var noko kosteleg, ”høgheilag” (v 20), noko som vi ikkje kan forføye over, men som vi har fått oss overgjeve. Det er dette som er den heilage Tradisjonen; overleveringa av Jesu ord og handlingar, han som er Faderens endelege Ord.

Som Peter, ser Judas truvedkjenning og livsførsel nært samanknytte. Dei som fornektar ”vår einaste hovding og Herre, Jesus Kristus”, er dei same som ”misbrukar Guds nåde så dei kan leva eit usedeleg liv” (v 4). Nåden og fridomen i Kristus som eit teppe å feie sine synder innunder. Nåden som forsvar for uetisk liv.

Kor annleis var ikkje ur- og oldkyrkja i si høge forventing til det kristne livet enn det vi har vent oss til! Vi har gjort det ”opne og inkluderande” til eit ideal – kanskje mest for å verne oss sjølve mot Kristi kall: -Fylg meg! Og mot Guds vilje: ”De skal vera heilage, for eg er heilag” (1 Pet1,16/ 3 Mos 19,2).

I framtida vil skilnaden på kyrkja og ei ikkje-kristen omverd bli tydelegare. Som på Peters og Judas» tid.

Reklame

4 Svar to “officium: Laurdag, vike 2, Judas brev (matutin)”


  1. 1 Ingvild
    november 29, 2008 ved 9:42 pm

    Du høres nærmest bitter ut på de troendes vegne, frater Arnfinn!? Det er mye pekefinger og lite invitasjoner og oppmuntringer i dine betraktninger for tiden. Jeg savner den lyriske og estetiske åren din som vekker lengsel. Men kanskje ikke tekstene i denne perioden inviterer til det…
    Blir det annerledes nå når vi går inn i advent, kanskje? Mer forventning og glede?

  2. 2 katolikk
    november 29, 2008 ved 10:04 pm

    Skal innrømme at jeg har satt pris på de siste innleggende, de har truffet, og rørt meg på flere punkter. Keep up the good work!

  3. november 29, 2008 ved 10:44 pm

    Til Ingvild:
    Ta det heilt med ro; tekstane er ikkje akkurat «Jul i Portveien» i denne tida av det liturgiske året :).
    Dessutan er det nok litt medvite – nettopp fordi kravet om at alt skal vere «lyst og greitt» er ganske sterkt i mange kristne miljø, katolske inkludert. Det kan vere temmeleg massivt, og må utfordrast litt. Les du Peter- og Judas-breva, vil du sjå at vi har mykje å gå på… For meg har alltid det store alvoret og den store lengten gått side om side. Den fiolette lengten..

  4. 4 Ingvild
    november 30, 2008 ved 5:20 am

    Så skal jeg ta det med ro…
    Jeg er stort sett kke uenig i dine betraktninger som sådan, men synes formen har vært svært skarp. Men den treffer altså andre (jmf «katolikk» over her).

    » Den fiolette lengten» – vakkert! Rommer både boten og forventningen i advent. (Nynorsk klinger bedre, også, må jeg innrømme).
    Ser fram til flere dikt etterhvert.

    God adventshelg!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: