28
Nov
08

officium: Fredag, vike 2, 2 Pet 3 (matutin)

”..menneske som ikkje har noko å halda seg til” (v. 17)

Menneske utan haldepunkt. Det er dei Peter åtvarar mot i sine brev til dei truande. Spørsmålet om haldepunkt er heilt avgjerande. Det er eit spørsmål om autoritet; eit av dei mest fortrengde og vanskelege spørsmåla i dag. Kva avgjer våre standpunkt og våre val? Ofte vert det vist til fornufta, til samvitet, til fleirtalet… Alt dette har sitt verd. Men dei er ikkje tilstrekkelege og dei funksjonerer ikkje nøytralt. Både tankar og samvit er påverka.

Mennesket lever ikkje i eit tomrom. Vi er forma av oppseding og kultur. Vi må heile tida velje korleis vi stiller oss til normar som gjer krav på oss. Vi kan ikkje vere utan autoritet; vi vél våre haldepunkt. Medvite eller umedvite.

Både i kyrkjeliv og samfunnsliv er det brytningar i dag, det er vanskeleg å finne veg, fordi ein ikkje klårgjer sine haldepunkt. For eit kristent menneske er det Guds Openberring i Bibelen og den apostoliske overleveringa, forkynt og utlagd i kyrkja, som syner retninga.

Det er vårt haldepunkt. Det held.

Reklame

5 Svar to “officium: Fredag, vike 2, 2 Pet 3 (matutin)”


  1. 1 w
    november 28, 2008 ved 2:16 pm

    …og dei funksjonerer ikkje nøytralt. Både tankar og samvit er påverka.

    Viss menneske har fri vilje, så er vel heller ikkje kyrkja nøytral, men påverka av ulike menneske i ulike epokar, med ulik tidsånd.

    Skjønar poenget ditt, og tykkjer det er interessant og – godt, men forklaringa er ikkje overtydande.

  2. november 28, 2008 ved 7:38 pm

    Ja, kyrkja/dei truande blir også påverka, men:
    1. Det er best når ein er seg medviten at ein ikkje er nøytral, men at ein har ein norm som forpliktar. Det motverkar vilkårleg påverknad og gjev ein målestav å bruke.
    2. Kyrkja har ein lovnad om at ho skal vere vegleidd av Anden. Det er dessutan skilnad på å vere eit isolert individ og å tilhøyre ein fellesskap. Det er alltdid balanserande og perspektivgjevande.
    3. Kyrkja si hovudkjelde, Bibelen, er inspirert av Gud. Det er ikkje VG eller Stavanger Aftenblad på same måten. :).

    Korleis kan dette provast? Det er ikkje snakk om å prove. Det er snakk om å vere seg medviten om kva autoritet ein refererer seg til.

    Men for ein truande meiner eg det må vere opplagt kva som er den primære autoriteten. Trengs det noko forklaring på kvifor Guds Ord og Kristi kyrkje er autoritet for ein kristen? For meg er det heilt sjølvsagt og grunnleggjande. Det er ein del av trua. Her må eg seie: -Folkens, skjerp dokke!

  3. 3 Herman
    november 28, 2008 ved 7:48 pm

    Men VG eller Stavanger Aftenblad kan kanskje la seg bevege av Bibelens prinsipper hvis de som skriver i den leser i den..?

    Forøvrig er ikke min oppfatning av kirken at den er en homogen masse. Den har like mange meninger som mennesker. Det er bare det at Kristi Budskap, som vi kan lese i Bibelen, danner grunn-norm for alle disse meningene.

    Slik er vi en levende kirke!

    Hilsen

  4. november 28, 2008 ved 8:43 pm

    Joda – kyrkja er mangslungen; men eg tenkjer i denne samanhengen primært på Magisteriet (læreembetet). Midt i det mangslungne må menneske kunne høyre den éine røysta; røysta til Den gode hyrdingen.

  5. 5 w
    november 29, 2008 ved 1:14 am

    Skjerp deg du og 🙂
    «…å tilhøyre ein fellesskap. Det er alltdid balanserande og perspektivgjevande.» I kveld har me sett på NRK 2, kulturrevolusjonen i Kina.

    – men eg har jo tru på fellesskapen, særleg den kyrkjelege!

    «Bibelen plasserer oss der vi høyrer heime. vi sit ikkje med heile sanninga, men med fragment av det fullkomne, aningar om det evige, brotstykke av heilskapen, og det må vi forsone oss med. …. Vi må akseptere at vegen ikkje er fullt opplyst, ar det er mogeleg å gå seg bort. Det er skrive for oss som lever i det ufullkomne, og som sjølve er ufullkomne.» Kristusfigurasjonar. Edvard Hoem.

    Du sannings sol Som rann i jol, Ver du mi morgonstjerna! Lys upp min gang Som vidsynt vang All dagen lang, Mot myrkets vald meg verna!
    Blix.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: