25
Nov
08

nota bene: Obama om religion og samfunn

Den 28. Juli i å held USAs nye president, Barack Obama, ein stor tale om religion og samfunn. I talen omtalar han si eiga tru, som inneber ei eksplisitt, kristen truvedkjenning og fast kyrkjemedlemskap. Og han seier m.a :

”Meir avgjerande er det at somme av dei progessive kjenner seg uvel ved eitkvart hint om religion – noko som effektivt har hindra oss i å bruke moralske termar når vi har nærma oss visse emne. Nokre av problema her er retoriske – dersom vi skrubbar bort alt religiøst innhald frå språket, unndreg vi oss dei førestellingane og den terminologien som millionar amerikanarar har nytta for å forstå både sin eigen moralitet og den sosiale rettferda… Sekularistane tek feil når dei bed truande om å leggje att religionen sin utanfor døra før dei entrar den offentlege arenaen:”

Det er interessant at Obama er så presis og så oppdatert når det gjeld eitt av dei heilt avgjerande spørsmåla i samfunnsutviklinga i dag. Han innser at politikk dreiar seg om etiske/moralske spørsmål – og at desse ikkje kan formulerast og drøftast dersom det religiøse språket blir forbode som offentleg språk.

Samtidig innser han – til skilnad frå ’det kristne høgre’ – at det er uråd å presse kristne verdiar på eit radikalt pluralistisk samfunn som det amerikanske. USA er ikkje berre ”kristent” lenger, seier han, men også buddhistisk, muslimsk, jødisk, sekulært…

Etter mitt syn, har Obama teke det grepet som er det einaste mogelege og konstruktive når det gjeld samfunn, tru og verdiar i dag. Tru og religion fullt og heilt tilstades i det offentlege rommet, men utan pretensjonar om å erobre det politisk.

Vi må vone at norske politikarar, både til høgre og venstre, og ikkje minst dei som har støtta og sympatisert med Obama – merkar seg denne innstillinga til religion i samfunnet. Her trengs det ei kraftig mentalitetsendring i dei europeiske samfunna. I Noreg ikkje minst.
Obama er eit tidsskifte også sett i dette perspektivet.

Reklame

7 Svar to “nota bene: Obama om religion og samfunn”


  1. 1 w
    november 25, 2008 ved 10:48 pm

    Talen blei halden 28.juni 2006. Det er også interessant å lesa om hans veg til tru. Me har sett om den delen av talen som handlar om det. Me kan legga teksten ut her viss du vil. Me skal berre trykkja han i kyrkjebladet vårt fyrst . 🙂

  2. november 26, 2008 ved 7:40 am

    Interessant, og spennende blogg du har forøvrig. Lurer på om jeg kan ha lest noe av deg i Klassekampen?

    Jeg er personlig en veldig sekulær kristen (støttet opp av å være plassert innenfor Den norske kirke og arven fra Luther). Jeg mener staten bør prøve å holde seg religionsnøytral.

    Men det betyr vel ikke nødvendigvis at man skal late som at religionen ikke er der. Akkurat det blir vel kanskje like fåfengt som å forsøke å tvinge én tro på alle de andre?

  3. november 26, 2008 ved 8:37 am

    Til W:
    Kom gjerne med omsetjinga av Obama; eg har ikkje tid å omsetje heile talen sjøl!

    Til Neivi2:

    Takk – og ja; eg skriv i Klassekamen (Signert).

    På kva måte er du «støttet opp» av arven frå Luther og DNk – som «sekulær kristen» – og kva legg du i det siste uttrykket?

    Eg er samd i at staten bør vere religionsnøytral, difor er eg mot statskyrkjeordninga. Ein må berre passe på at «nøytral» ikkje blir forveksla med «sekularistisk», «humanetisk» eller liknande. I det sivile samfunnet må/bør religionanen kunne tre tydeleg fram.

  4. 4 Herman
    november 26, 2008 ved 8:37 pm

    USA er et merkelig land. Sex & the City går for fulle mugger, og en god prosent av de filmene som får Oscar-statuetten inneholder scener med det unevnelige. Men når Justin Timberlake river av BH’en til La Toyah Jackson for spøk, slik at det ene brystet vises på direkte fjernsynsoverføring over hele nasjonen, mister HUN hele sin karriere, og får en masse kjeft og negativ omtale. Mens Justin går fri. Noen som ser systematikken i det?

    Hilsen

  5. 6 Herman
    november 27, 2008 ved 3:41 pm

    Etter de reportasjene som kom meg for øye, ble han ikke en gang såvidt nevnt i amerikansk pressedekning. Han ble en fullstendig bifigur i sammenhengen. Hun fikk all fokus.

    P.S. Ikke så veldig innenfor saken denne tråden handler om, kanskje, for det handler ikke så mye om Obama. Men jeg ville sette frem et konkret eksempel på at når religionen som fenomen har fått stempel som ikke-tema, hersker det likevel mange klassiske moralske kollisjonsforståelser i dette samfunnet som har fått kristendrakten på, i mange sammenhenger, etter min oppfatning. D.S.

  6. 7 RA
    november 27, 2008 ved 7:32 pm

    Er ikke systematikken her nok et utslag av at kvinnen får «all kjeften», dvs blir beskyldt for å ha forårsaket at mannen tar seg til rette fordi hun har opptrådt utfordrende? NB! jeg har ikke sett dette og har ikke grunnlag for å hevde at hun i dette tilfellet er ilagt skylden for det han gjør, men det er vel nokså typisk at kvinnen får all blamen, mens mannen bare har gjort det «for spøk».


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: