24
Nov
08

officium: Måndag, vike 2, 2 Pet 1, 1-11 (matutin)

”..oppløysinga av verda, den som kjem av lystene” (v. 4)

Det er Gud som har gjeve oss lengslene, driftene, lystene og difor er dei, som alt Gud har skapt, gode i seg sjølve. Men dei sterke framdriftskreftene i menneskenaturen må leiast og meistrast slik at dei tener heilskapen og målet for menneskelivet; det felles gode, kjærleiken til nesten, livet i Gud.

Når lystene tek over styringa, blir dei ei destruktiv kraft som legg liv øyde kring seg. Vår eigen fysiske og psykiske integritet blir skada, relasjonar, familie- og samfunnsliv må vike, naturen og medskapningane våre blir bytte og rov for det grenselause mennesket. Ikkje minst det vestlege mennesket er blitt ein Mumle Gåsegg som aldri får nok og som et alle andre ut av huset.

Livet og skaparverket er eit ”hus”, ein ”økonomi” (gresk: ”oikos” = hus), ei hushaldning. Dersom ein ikkje held styr på resursane, vil krisa melde seg: «Oppløysinga i verda» – både materielt, sosialt og moralsk.

Reklame

2 Svar to “officium: Måndag, vike 2, 2 Pet 1, 1-11 (matutin)”


  1. 1 Tor
    november 27, 2008 ved 5:08 pm

    Jeg liker mye av det du skriver om etikk og moral på denne bloggen. Så jeg vil nødig være ufin – men tatt i betraktning dine refleksjoner rundt det grenseløse mennesket sett opp mot det som forplikter seg moralsk, etisk og nært – hvordan tenker du da om den totale avvisningen DKK har av homofilt samliv?

    Jeg vet at du sikkert gjerne vil sitere det 6.bud og vise til skapelsesberetningen. Sånn sett har jo DKK et ryddigere sett med argumenter i forhold til dette spørsmålet enn DNK. Men skal faktisk homofile se på den måten Gud har skapt dem på som en «prøvelse de er satt på», og dermed leve livet i ensomhet? Er det faktisk bedre? Og fører det til et mer moralsk samfunn? Mer moralsk atferd? Hvis homofile kan inngå forpliktende samliv – ville ikke det styrke den fysiske og psykiske integriteten, vil det ikke føre til mindre fri sex, mindre HIV, og mer kjærlighet? Og dermed til mindre «oppløsing av samfunnet»?

    Jeg mener ikke å starte en homodebatt på din blogg – men når jeg leste dette du skrev her ble jeg nysgjerrig på hvordan du tenker om dette.

  2. november 27, 2008 ved 6:46 pm

    Utgangspunktet for meg er den katolske kyrkja si lære på basis av Openberringa i Bibelen og tradisjonen. Dette inneber for meg ei djup forplikting som det ville vere heilt uråd å bryte med. Til grunn for denne haldninga ligg eit val; eit val som vi alle må ta: -Kva røyst vi vil fylgje. For meg er det Kristus som talar i kyrkja, i dei store spørsmåla om tru og livsførsel.

    Eg trur ikkje ein kan seie «eg er skapt slik» når det gjeld homofil legning. Sjølv om det kan vere djupt innprenta i identiteten og i sjølopplevinga. Spørsmåla rundt menneskeleg identitet, også den seksuelle, er, så vidt eg forstår, ikkje lette å seie noko definitivtom, kvifor ein er som ein er.

    Men eg trur det går an å seie at slik livet vart, kan Gud gje det ei meining; gjere det vanskelege til ein rikdom. Men det fordrar at ein tek det offeret som ligg i å fylgje den kristne etikken på dette (og andre) område. Det er sjølsagt ei fordring som ein ikkje maktar utan ein verkeleg motivasjon. Difor vil eg vere varsam mend å pålegge folk som ikkje har denne motvasjonen, ei så krevjande livsform som det friviljuge sølibatet (sølibat – ikkje nødvendigvis knytt til ein formell lovnad, som i klosterlivet). Eg trur vi må seie at den kristne seksualetikken ikkje utan vidare kan overførast til det sekulære samfunnet som legg heilt andre motivasjonar og prinsipp til grunn for menneskelivet. Å leve etter den kristne etikken, både i sølibat og i ekteskap (!), trur eg ikkje ein verkeleg kan greie utan Guds nåde. Når eg seier «greie», meiner eg ikkje «perfekt», men som noko ein verkeleg vil prøve å leve etter.

    Det sekulære samfunnet får ordne seg som best det kan; ordningar «forlpliktande samliv» skaper kanskje meir stabilitet og harmoni enn promiskuitet. Men ingen av delene er ein «option» for ein kristen, slik eg ser det.

    Altså: For kristne menneske er vegen tydeleg. At storsamfunnet gjer andre val, er vi heretter nødt til å leve med.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: