17
Nov
08

officium: Måndag, vike 1, Joel 3 (matutin)

”Men kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst” (v 5).

Lesnadane i officiet (tidebønene) fører oss, no på slutten av det liturgiske året, ut på egga mellom historia og det komande Guds Rike, mellom denne tidsalderen og det evige livet. Der stend også profeten Joel og ser sine syner.

Han ser at dei siste dagane blir ei krisetid, ei domstid, ei avgjerdstid. I den siste krisa, blir alle menneske prøvde, testa, tydeleggjorde. Herrens dag er ”stor og skræmande”  (v 4) – fordi du møter Gud, fordi du møter deg sjølv.

Alt du har då, er ropet oppover: Påkallinga av Herrens nam. I klosteret påkallar vi Gud kvar dag i tidebønene, med opningsorda: ”Gud, kom meg til hjelp! /Herre, ver snar til frelse!”. All bøn må starte i denne posisjonen. Alt kristent liv må orientere seg ut frå dette punktet.

Her går brua mellom deg og Gud, mellom deg og det evige livet. I dette ropet ligg alt du treng.

Reklame

0 Svar to “officium: Måndag, vike 1, Joel 3 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: