15
Nov
08

officium: Laurdag, vike 4, Dan 12 (matutin)

”Men dei vituge skal skjøna…” (v.10)

”Dei vituge” – det er i Daniels bok motstykket til dei gudlause. Dei vituge – det er dei som orienterer livet sitt utfrå dei store perspektiva, der Gud er skapar, frelsar og fullendar. Det er dei som veit at historia har teke til og at ho skal ta ende. Det er dei som veit at alle menneske skal svare for livet sitt. Det er dei som lyttar til Guds tale – i Skriftene, i overleveringa, i samvitet, i alt som hender.

Det er ingen mangel på informasjon og kunnskap i den sivilisajonen vi lever i. Men alt det flyt i overflata. Den som ser lenger og djupare, ser Guds finger som skriv gangen i historia og lagnaden åt verda. Han veit at alt peikar fram mot endetida; tida for Guds avsløring, ”apokalypse”, av løyndomen og meininga med alt som er. Når vi les Daniels-boka, bryt den messianske bøna fram på våre lipper:

”Se, han kommer, Jesus kommer! Fikentreet varsler sommer! Vår forløsningstime kommer; jeg vil lytte etter lyden av hans trinn…”

Reklame

1 Tilbakemelding to “officium: Laurdag, vike 4, Dan 12 (matutin)”


  1. 1 Herman
    november 16, 2008 ved 12:00 pm

    Hei!

    Vil bare ønske deg en riktig god søndag, frater Arnfinn!

    God søndag!

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: