13
Nov
08

officium: Torsdag, vike 4, Dan 9 (matutin)

”Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt på vår bøn! Grip inn, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud!” (v 19)

Det er Daniel som bed for folket sitt, etter å ha fasta og innvigd seg. Slik møter vi den bedande i Bibelen. Heile kroppen, heile sjela, alle dine mest inderlege ynskje samla i ein tett bunt. Målmedvite, fokusert, med all kraft. Som ein katapult kastar mennesket bøna, ja, seg sjølv, mot Gud. Gud må overvinnast; å be er ein styrkeprøve. Gud tek ikkje i mot slappe handtrykk.

Og du må apellere til Guds ”eigeninteresse”; ”for di skuld”! Fordi han er småleg og sjølvoppteken? Nei, fordi han vil at den bedande skal gå ut over seg sjølv, at du er så pågåande at du nyttar alle middel. Gud vil bli elska, heftig. Å be er å sprenge ramma for det rimelege, det balanserte.

Å be er ein brytekamp med Gud: ”Eg slepper deg ikkje utan du  velsignar meg!”(1 Mos 32,26).

Reklame

0 Svar to “officium: Torsdag, vike 4, Dan 9 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: