23
Okt
08

officium: Torsdag, vike 1, Ester 5-7 (matutin)

”Unn meg livet fordi eg bed om det, og unn folket mitt livet fordi eg ynskjer det” (7, 3)

Slik ordla Ester seg då ho steig fram for kong Xerxes. Hennar styrke var at ho var ærleg, at ho sa kva ho var redd, at ho sa kva ho ynskte; radikalt, enkelt, rett på sak. Både andsynes Gud og menneske.

Det er ikkje lurt å vere for lur. Taktikarane går seg oftast fast i sine eigne smarte labyrintar. Særleg bør vi vere ærlege når det gjeld det vi verkeleg er redde for, alt det som rører ved våre sterkaste og djupaste drivkrefter: livet, kjærleiken, sorga, døden. Då skjønar ”den andre oss”, då når vi inn. Vi når inn til det verkeleg menneskelege hos den vi apellerer til.

Menneske skjønar kvarandre, når dei vågar å stå andlet til andlet.

Reklame

29 Svar to “officium: Torsdag, vike 1, Ester 5-7 (matutin)”


  1. 1 Anna Berit
    oktober 23, 2008 ved 12:28 pm

    Må bare si at det er et høydepunkt å lese disse bloggpostene, hver dag!

    Hilsen Anna Berit

  2. 2 forsmådd
    oktober 23, 2008 ved 11:01 pm

    Å stå andlet til andelt med ein prest, med høgre hand på venstre skulder, og så oppleva at presten snur seg og går – då er det ikkje tale om at menneske skjønar kvarandre …..kveldsmesse i St.Josefs kyrkje, Haugesund. Første gong i den kyrkja, som du held for å vera verdsvid…det eg har lært i St. Dominikus, rekk ikkje så langt som til Haugesund ein gong….

    Ta vekk kommentaren viss du tykkjer han er upassande.

  3. 3 Ingvild
    oktober 24, 2008 ved 6:19 am

    Jeg har opplevd noe lignende, og selv om jeg velger å tro at det i mitt tilfelle skyldtes uvitenhet om praksisen, var det skrekkelig vondt. Jeg aner smerten og skuffelsen din her. Denne presten burde vite bedre, og du trenger et svar på hva som skjedde. Dessverre er det ikke alltid slik at mennesker forstår, selv ikke ansikt til ansikt. Men Gud gjør – Han tar imot, tåler og forstår. Må Han gi deg mot til å gå videre på den veien du er.

    OG: kommentaren din er da ikke upassende – ærlig frustrasjon og skuffelse!

  4. 4 forsmådd
    oktober 24, 2008 ved 9:14 am

    Eg hengjer ut ein prest, og dette er kanskje ikkje plassen å gjera det. Kanskje bør eg ikkje gjera det nokon stad.
    Men kanskje hengjer eg han ikkje ut. Kanskje står han fullt og heilt for sin praksis. Det veit kanskje pater Arnfinn noko om. Er det usemje mellom prestane om denne praksisen?

    Frå mi side er det ei anererkjenning av prestevigsel som sakrament og for den apostoliske suksesjonen, slik eg oppfattar han. I praksis vil det seia at velsigning frå ein katolsk pater kjennest – tydeleg.
    Er dette uinteressant for pateren? Tel det ikkje viss ein ikkje fullt og heilt er innanfor den katolske kyrkja?
    Ein pater med mange års erfaring i Noreg, eit protestantisk land, kan vel ikkje vera uvitande om dette signalet!?
    Eg fekk ikkje høve til å spørja pateren i Haugesund, men eg kunne tenkt meg å vita om biskopen hans, i Oslo, har noko å seia i denne saka.

    Eg var så glad for at eg ikkje hadde lokka andre med meg til å gå fram i kyrkja i går. Det var tilfeldig, for eg hadde eigentleg avtala med ei vennine at me skulle gå i lag, men så rakk ho ikkje fram. Hadde eg utsett nokon andre for denne opplevinga, hadde eg kjent meg ti gonger verre…..

    Eg vil ikkje dramatisera ei einskild, for så vidt lita hending, men eg er interessert i korleis eg skal tenkja om dette.

  5. 5 Ingvild
    oktober 24, 2008 ved 9:55 am

    Enten må pateren stå for det han gjør, eller så har du misforstått situasjonen (om det er mulig, vet bare de som var der…), og da må det kunne oppklares. En som har vært i Norge så lenge, kjenner helt sikkert praksisen. I mitt tilfelle var det derimot en besøkende prest fra utlandet. Jeg vil utfordre pater Arnfinn til å svare på dette! Det kan være vanskelig nok å ikke kunne motta kommunionen, men også å bli «nektet» velsignelsen er for drøyt!
    Du viser styrke ved å være takknemlig for at ingen andre ble utsatt for det samme, og du fortjener å bli møtt seriøst. Guds fred!

  6. oktober 24, 2008 ved 10:31 am

    Eg held meg heilt utanom den overståande samtalen, og ville bare kommentera innlegget direkte. Eg er så einig med deg i det med å våga å vera ærleg. Livet er ikkje eit sjakkbrett. Den er modigast og sterkast som ikkje prøver å gjera livet til taktikk

  7. oktober 24, 2008 ved 12:37 pm

    Orsak litt seint svar; har vore undervegs til eit møte i dag…

    Sjølsagt er det heilt på sin plass å lufte smertefulle opplevingar som den «forsmådd» viser til!

    Eg tek atterhald om at presten har vore forvirra eller har misstydd situasjonen, men dersom det var ei overlagt handling, er det – også sjølsagt – heilt feil framferd! Men etter alt eg veit, er ikkje dette vanleg praksis her til lands; dei fleste prestane kjenner «teiknet» og gjev ei velsigning.

    Eg ville ha teke kontakt med presten eller med nokon i kyrkjelyden der som kan seie noko om kva som er praksis i den katolske kyrkja i Haugesund.

    Dessverre er prestar med dårleg framferd like universelt utbreidd som kyrkja. Ta det som ein isolert episode – og skriv gjerne nokre ord til biskopen.

  8. 8 Herman
    oktober 24, 2008 ved 12:47 pm

    Jeg tror ikke at paven ville rette kritikk mot prester som ikke snur seg og går når det kommer protestanter eller andre som vil motta velsignelse i stedet for kommunion. Selv har jeg aldri sett noen gjøre dette i St. Dominikus, og jeg tror ikke det blir praksis der heller. Dette er nok noe utenom det vanlige.

    Hvis jeg skulle prøve å finne en mulig årsak, ligger nok dette hos presten selv. Kanskje han hadde fått litt nok av stadig å se protestanter som mottar velsignelse i laaang tid, uten å ta standpunkt til hvorvidt de vil konvertere. For mange som bærer kirkens ånd vil nok protestantisme og protestanter virke trettende på mange, men det skal selvfølgelig ikke gå ut over enkeltmennesker eller grupper av mennesker.

    Når jeg sier trettende er dette fordi at et menneske som bekjenner seg til den katolske tro gjennom flere århundreder har måttet finne seg i ganske mye fra den protestantiske siden. Hele tiden høre at vi ikke er den rette kirken, hele tiden møte folk som går i rette med deg og som selv mener seg rett. Jeg har selv opplevet dette, uten å ville gjøre annet enn å be for dem som utøver denne kritikken. Vi får hele tiden høre om inkvisisjonen, for eksempel, og tilstanden under reformasjonen. De ferreste av disse kritikerne vil se på seg selv og sin egen kirke for å finne ut om vi kanskje ikke har vært like «flinke» til å utøve dyp urett mot andre, enten som kriger, heksebrenning, slaveri og andre lystigheter.

    Når det er sagt, eller skrevet ned, er jeg ganske sikker på at «gesten» ikke var personlig ment.

    Fred i Kristus

    Hilsen Herman

  9. 9 Ingvild
    oktober 24, 2008 ved 1:16 pm

    Herman: det synes for meg som om du her går i en tradisjonell felle: Angrep er det beste forsvar? Å finne årsak her blir bare spekulasjoner, uansett.
    Arnfinn: Godt å høre at du er klar på at slikt ikke skal skje i Norge!

  10. 10 Rob
    oktober 24, 2008 ved 2:08 pm

    Trøtt av å se protestanter som stadig mottar velsignelse….??????
    Hvilket begredelig forsøk på en forklaring..
    Hvilken sann kristen ønsker ikke Guds velsignelse over sine medmennesker, uansett bakgrunn?

  11. oktober 24, 2008 ved 4:05 pm

    Til Herman:
    Eg trur ikkje det er nødvendig å forklare eller unskylde opplagt dårleg framferd, dersom det ikkje var misstydingar som gjorde det.

    Til Rob:
    Eg trur heller ikkje at Herman meiner ein skal bli «trøtt av» å velsigne folk. Det han har i tanken, er vel at nokon treng eit push til å ta stilling, av og til, etter lang tids utsetting/venting. NB Det trur eg ikkje gjeld «forsmådd» som opplevde episoden i Haugesund.

    Summa: I Noreg er det vanleg at ein katolsk prest velsignar ein ikkje-katolikk som kjem fram under kommunionen. Det bør alle kunne forhalde seg til og forvente overhalding av. Eg tvilar på at presten har ei formell plikt til å gje velsigning; her dreiar det seg ikkje om «plikt», men om vanleg, menneskeleg og kristeleg omsyn og framferd.

  12. 12 Herman
    oktober 24, 2008 ved 8:21 pm

    Til alle sammen. Dette var ikke rettet som noe angrep, og jeg vil slippe å forsvare den aktuelle presten fordi handlingen gikk ut over normal oppførsel. Frater Arnfinns løsning er nok den beste: skriv et brev til biskopen og spør hvorfor dette skjedde.

    Det jeg ville med mitt innlegg var nok heller å belyse klimaet mellom to kirker som enda ikke er blitt helt ut enige, selv ikke etter fem hundre år. Det kan nok avstedkomme mye også i dag.

    Hvorfor kan vi ikke bli enige? Hva gjør at vi må strides? Hvorfor alle former for beskyldninger, hvorfor må det alltid fortsette?

    Hilsen

  13. 13 forsmådd
    oktober 25, 2008 ved 1:08 am

    Eg fekk såpass med tid i Haugesund at eg kunne følgja gode råd om å søkja oppklaring hjå pateren direkte. ( Eg bur ikkje i den byen, så dette var einaste sjanse på lang tid.)

    Det synte seg at kontoret var stengt i dag, lapp på døra. Men sidan eg først var der, gjekk eg bort til sakristidøra i kyrkja like ved, kika på låsen, men såg at døra kanskje var låst. Tenkte eg måtte prøva likevel, og knatta lett i det eg tok i handtaket. Innanfor der stod pateren og sette blomar i ein vase.
    Men – det vart ikkje noko blidt møte. Pateren blei forstyrra, og hadde ikkje tid. Men igjen, sidan eg nå stod andlet til andlet med han, spurde eg om han kjende meg att frå i går. Jodå, han gjorde det.

    Så blei det ei oppklaring og ei stadfesting.

    Oppklaring:
    Pateren hadde velsigna – idet han la oblaten han tok opp, ned att på fatet. Eg oppfatta ikkje at han gjorde krossteikn med oblaten, og at det var ei velsigning. For meg såg det ut for at han nølte ein augneblink i det han la oblaten ned att på fatet. Den krossen han, etter som han sa, teikna i lufta, har vore ualminneleg liten. Derfor blei eg og ståande der, nokså tafatt, heilt til han gjorde teikn til at eg skulle gå. Mi oppleving var å bli føysa vekk.

    Stadfesting:
    Noko meir velsigning enn det var det ikkje aktuelt å gje. Ikkje med ord og ikkje berøring. Også dette var for mykje! Kva skulle eg der å gjera i det heile?! Nattverden er for katolikkar! Det var utanom liturgien, og det var ein skikk som ikkje førekjem andre stader enn i Noreg.
    Det vart ein tullesamtale. Total sperring.

    Då eg gjekk tilbake til kyrkja i dag, var det for å spørja, for å forstå, ikkje for å diskutera og krevja. Eg gløtte på døra, og kom ikkje busande inn. Eg ville ikkje klaga, men fortelja korleis eg hadde opplevd det.

    Eg var overtydd om at ein pater ville vera interessert i det. Eg tenkte ut frå meg sjølv. Eg tykkjer det er fint om folk kan seia det direkte til meg korleis dei har opplevd ein situasjon. Det gjev jo høve til å klåra opp, og er det noko me vel vil alle, så er det det, å forstå kvarandre sine handlemåtar og reaksjonar…..tenkte eg….

    Eg er og overtydd om at pateren si historie frå denne hendinga vil vera annleis enn mi. Og hans vil vera like sann som mi, for han.

    Etterpå tenkte eg at det kanskje var eit teikn til meg…. ikkje meir lefling med det katolske…. eller kanskje det berre var eit teikn på at menneske er menneske – og ikkje Gud.

    Når eg fortel alt dette, er det fordi – eg er skaka, men mest fordi eg ynskjer at biskopen skal sjå til at den katolske kyrkja har eins praksis n.d.gj. velsigning av slike som meg – og Ingvild – i alle fall i Noreg. Eg hadde aldri kome på å gå fram i det heile, viss eg ikkje var blitt beden med, av ei nonne t.o.m.
    Men den invitasjonen sette eg stor pris på. Eg var lukkeleg i lang tid over den første berøringa, og har vore det kvar gong sidan.
    Det er og eit teikn på einskap, i trua på ein sann Gud. Når ein statskyrkjeprest velsignar ein katolikk, er det og eit teikn for heile kyrkjelyden på at me står saman. Det er ikkje så gale å vera positiv til det katolske….

    Om det ikkje let seg gjera å påleggja paterane å velsigna med ord og kross i pannen, så kan dei få pålegg om å hengja opp ein lett synleg plakat om at me ikkje er velkomne i køen med nattverdsgjester. Det vil eg respektera, akkurat slik som eg respekterer at eg ikkje får nattverd.

  14. 14 Herman
    oktober 25, 2008 ved 5:02 am

    Kjære forsmådd.

    Jeg er veldig glad for at du fortalte alt sammen om dette. Det er jo Gud op

  15. 15 Herman
    oktober 25, 2008 ved 5:18 am

    Kjære forsmådd.

    Jeg er veldig glad for at du fortalte alt sammen om dette. Det er jo Gud, og ikke prestenes oppførsel, som kaller mennesker til den katolske kirke. Det er hver enkelts kall som fører oss frem, ingen kan tvinge deg inn med problematiske oppfatninger.

    Det var modig og bra gjort av deg å oppsøke presten på egen hånd, og da ikke i formen av et oppgjør, men bare som en saklig forespørsel.

    Den katolske kirken er stor, og ikke alle mennesker er like. Men fordi vi som går i kirken ser kirken som et hele, har vi lett for å forlange likhet. Denne historien bekrefter mer enn annet hva vi alle vet: at vi alle, mer enn noe, bare er mennesker. Også presten, også du, også jeg, også vi.

    Fred i Kristus

    Hilsen Herman

  16. 16 Herman
    oktober 25, 2008 ved 5:25 am

    Til frater Arnfinn: Beklager den påbegynte feilen over innlegget ovenfor. Den oppsto fordi jeg skriver fra en telefon.

    Hilsen

  17. 17 Ingvild
    oktober 25, 2008 ved 6:53 am

    Du er jamen modig! Og at du er skaka er jo ikke underlig, tvert om. Jeg vil bare dele hva en annen klok prest sa til meg etter min erfaring tidligere i høst: Ikke la deg forvirre av mennesker, stol på Gud og din egen prosess…

    Ellers har jeg mottatt velsignelsen på flere måter – de fleste tegner korset i luften (men tydelig) og nærmest hvisker ordene – raskt. Å få korset tegnet i pannen, slik som hos St.Dominikus, gir en helt annen og mer konkret opplevelse, så takk for det – pater Arnfinn.

  18. 18 forsmådd
    oktober 25, 2008 ved 3:18 pm

    Eg er elles på landsmøtet til Amnesty International, Noreg.
    Her er det eit anna fokus:
    Amnesty skal vera stemme for dei stemmelause, t.d. for dei 500.000 kvinnene, dei aller fleste i den fattige verda, som kvart år døyr i samband med svangerskap og fødsel. For kvar kvinne som døyr, er det 20 som blir skadde under fødselen, mange fordi dei er altfor unge til å fø. Kroppen er ikkje klar for påkjenninga. Når mor døyr, går det sjølvsagt ut over borna. Dei morlause ungane er utsette. Mange døyr.

  19. 19 forsmådd
    oktober 25, 2008 ved 9:49 pm

    Det gjekk litt fort i ein pause her – litt uklare formuleringar ovom her… Men i alle fall kan eg melda at amnesty vil arbeida for grunnleggjande menneskerettar knytt til fattigdom. Rett til mat, bustad, helse…Det er ei naudsynt dreiing av engasjementet i organisasjonen framover. Følg med!

    Så eit apropos til debatten om rasisme i Noreg:
    Vinje kommune, øvre Telemark, fekk amnestyyprisen i kveld, for vellukka integrering av flyktningar i kommunen. Ordførar Arne Vinje takka og fortalde om kor godt flyktningar frå Somalia, Liberia og Bosnia hadde funne seg til rette, også i mindre grender i kommunen. Alle var i arbeid, ungane var godt integrerte, og ingen av dei var representerte på kriminalsstatistikken. Ingen ville sentralisera seg. Heile bygdalag støtte opp om flyktningane sitt hjelpearbeid heimlandet deira.

  20. 20 forsmådd
    oktober 25, 2008 ved 10:40 pm

    Til Herman,
    det blei ikkje så sakleg som eg hadde planlagt. Men slik er det. Me lukkast ikkje alltid sjølv om me møter med gode intensjonar.

  21. 21 Herman
    oktober 26, 2008 ved 6:41 am

    Det gjør ingenting. Ha en god søndag i dag.

    Hilsen

  22. 22 anna
    oktober 26, 2008 ved 1:27 pm

    Kjære forsmådd,
    jeg er sikker på at du har opplevd et unntak og jeg håper indelig at opplevelsen ikke skremmer deg vekk fra katolisismen. Du bør absolutt skrive et par ord til biskopen om det, for det er helt nødvendig at alle utenlandske prester som virker i Norge blir inneforstått med dette tegnet – alle de katolske menighetene i Norge praktiserer dette. Det er heller ikke bare en norsk skikk – jeg har hørt at den kommer fra Sverige. Det er uansett et fornuftig tegn å ha i en verden som blir mer og mer kulturelt blandet. Jeg kjenner til et motsatt tilfelle så og si. For et par år siden fikk jeg nemlig anledning til å eksportere velsignelsestegnet til et tradisjonelt katolsk område hvor jeg av og til reiser i retrett. Pateren i den lokale kirken på et lite, men svært turistifisert sted sukket at han skulle ønske han hadde et tegn for å vite hvem som egentlig kunne motta kommunion når en kirke full av turister strømmet frem til alteret. Jeg fortalte at i Norge, siden vi er et protestantisk land, har innført denne skikken med hånden på skulderen slik at de som ønsker det kan gå frem og bli velsignet, og slik at presten rolig kan dele ut kommunionen til katolikker. Han ble kjempebegeistret og syntes det var et utrolig smart tegn, og håpet han kunne få gjøre det i sin kirke. Så nå er jeg spent på hva som har skjedd når jeg kommer tilbake.

  23. 23 Ingvild
    oktober 26, 2008 ved 5:45 pm

    I følge en søster (nonne) jeg snakket med, er det ikke så sjelden de opplever at de har en prest som ikke kjenner tegnet – men siden de selv stort sett kjenner de besøkende i klosteret, kan de få varslet presten og forklart hva som forventes. Det ga meg ikke den helt store tryggheten å høre det… Så det kan faktisk virke som om en eller annen bør skrive til biskopen. Men jeg er ikke så sikker på om det er oss som er «forsmådd» som skal ta den byrden?

  24. 24 forsmådd
    oktober 26, 2008 ved 6:13 pm

    Veit du, eg har tenkt at biskopen berre kan lesa denne bloggen. Nokon må berre seia det til han.
    Ja, ikkje sant Anna, i eit multikulturelt samfunn er dette ein god og viktig idé.

  25. oktober 26, 2008 ved 9:21 pm

    Og med dei kloke orda set vi strek for denne runden! Takk for at emnet vart fokusert!

  26. 26 forsmådd
    oktober 26, 2008 ved 10:15 pm

    Det hadde nå vore fint om biskopen kunne få seia noko, om han kjem til å lesa dette.

  27. oktober 27, 2008 ved 11:00 am

    Biskopen får sjølsagt ordet om han ynskjer det…

  28. 28 forsmådd
    oktober 31, 2008 ved 2:01 pm

    Eg skreiv til biskopen og fekk svar – og, ettersom eg forstod at han hadde problem med å koma inn på sida her, løyve til å sitera:
    ………..
    Derfor svarer jeg bare prinsipielt, at de som kommer frem for velsignelse, skal få den. Dette er bispekonferansens avgjørelse, og gjelder i hele Norden. Dessuten er det et oppmuntrende og forsonende tegn.

    Vennlig hilsen,
    +Bernt Eidsvig.

  29. november 2, 2008 ved 9:15 pm

    Roma locuta; causa finita (Roma, les: biskopen, har tala; saka er avgjort)! Bra!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: