22
Okt
08

officium: Onsdag, vike 1, Ester 14 (matutin)

”Hjelp meg, den einsame, som ikkje har nokon annan hjelpar enn deg” (v. 3)

Ester bed. Ho skal inn til ”løva” (v. 9), til kongen. Ho er redd. Verkeleg uredde menneske er redde; dei vågar å vedstå seg si redsle.

Dei vedstår seg si einsemd, at dei er fullstendig avhengige av Gud. Det var dette som var styrken til jødefolket når dei var utleverte til sine fiendar. Det er dette som er styrken åt barnet. Og åt dei heilage. ”Når eg er veik, då er eg sterk”, seier Paulus (2 Kor 12,10).

Mange menneske kjenner seg stundom heilt kjøvde av alt det vonde og smertefulle som har råka dei. Fortvilinga har berre éin utveg: Å opne munnen og tale ut: ”Hjelp meg, den eisname..”.

Menneske kan tale ut med andre. Men si djupaste fortviling og lengting kan menneske berre tiltru Gud. Kva skjer når menneske ikkje kan be lenger, ikkje lenger kan opne seg, fulllt og heilt, for Den Høgste? Då lagrar fortvilinga og det indre trykket seg i kropp og sjel, i samfunnet sine mentale ”kjellaretasjar”. Då går redsla over i aggresjon og destruksjon.

Få redsla ut. Ta henne i munnen. Tal til Gud. Gje han alt.

Reklame

6 Svar to “officium: Onsdag, vike 1, Ester 14 (matutin)”


  1. 1 Bjørg Mai (Maria) Salberg
    oktober 23, 2008 ved 4:42 pm

    Finner ikke Ester 14??????

  2. 2 Ingvild
    oktober 23, 2008 ved 5:31 pm

    Jeg tenkte det skulle være 1-4, men jeg finner heller ikke dette sitatet i vers 3…??

  3. oktober 23, 2008 ved 6:39 pm

    Sorry; eg skulle ha gjort merksam på fylgjande: Den katolske (og ortodokse) Bibelen er basert på «Septuaginta», den greske omsetjinga av GT, gjort av jødar, ikkje minst i dei store diasporamiljøa. Det var dette som var ordlkyrkja sin Bibel + dei NT-lege skriftene som etterkvart kom til. Seinare omsett til latin («folkespråket», Vulgata) av St Hieronymus. «Septuaginta» tyder «Dei sytti»; omsetjinga var gjort av sytti jødiske omsetjarar.

    Den protestatntiske reformasjonen førte til at calvinistar og andre reformert påverka samfunn (som den anglikanske kyrkja) kutta ut Septuaginta/Vulgata og brukte den kortare hebraiske kanon (masoret-teksten). Luther valde ei mellomstilling; han tok med dei bøkene som var i Septuaginta, men ikkje i den hebaraiske kanon – og plasserte dei mellom GT og NT (dei skåkalla «GT-lege apokryfane», bøker som i fylgje Luther var «gode og oppbyggjelege», men som ikkje hadde full kanonisk status som Heilag Skrift). Alle dansk-norske biblar hadde desse skriftene med heilt til bibelutgjevinga vart overteken av Bibelselskapet, ein avleggjar av det britiske «Bible Society». Det britiske bibelselskapet godtok ikkje å ha med dei «apokryfe» GT-skriftene.

    For katolikkar og ortodokse er det altså fleire skrifter med i GT enn i vanlege, norske bibelutgåver. I Daniels bok og i Esters bok er det ein del avsnitt/kapittel i tillegg. Teksten ovanfor (Ester 14) står eigentleg i kap 4, men i den norske utgåva av «Apokryfene», er desse sette opp som separate kapittel på slutten av boka; difor «kap 14».

    Bibelselskapet har fleire gonger utgitt «Apokryfene» (dessverre berre på bokmål) – og det finst ein heil-bibel-utgåve der desse slkriftene er med. Dersom ein vil ha dei i ein Bibel med original-rekkefylgje, kan ein kjøpe ei utgåve (engelsk, fransk, tysk ) av den s.k. «Jerusalemsbibelen» («La Bible de Jérusalem«); ei moderne katolsk omsetjng av heile Bibelen, med godt noteapparat. Prøv på St Olavs bokhandel i Oslo.

    Dei bibelske bøkene det dreiar seg om, er: Tobits bok, Judits bok, Visdomens bok, Jesu Sirak sons visdom, Baruks bok, 1.og 2. Makkkabear bok. Katolikkar og ortodokse reknar altså ikkje desse skriften som «apokryfe», men som vanlege, kanoniske skrifter, inspirerte av Gud, som Heilag Skrift.

    NB: Dei s.k. «NT-lege apokryfane» (som t.d.’Tomasevangeliet» )blei avviste av kyrkja og er ikkje med i noko utgåve av Bibelen.

  4. 4 Ingvild
    oktober 23, 2008 ved 7:13 pm

    Takk for fyldig informasjon! Jeg var kjent med de «deuterokanoniske» bøkene (stemmer?) som ikke står i min Bibel, men visste ikke at det også var noen avsnitt fra Ester og Daniel som var der. Jeg har kjøpt «Apokryfene» og var egentlig inne på tanken å lete der etter den teksten du viser til. Så da gjør jeg det!

  5. 5 Ingvild
    oktober 23, 2008 ved 7:19 pm

    Arnfinn – i den nye utgaven av «Apokryfene» ser jeg at hele den greske Esters bok er trykket i sammenheng. Det er jo mye bedre enn å lese innskudd etc separat. Gleder meg til å lese den.

  6. oktober 23, 2008 ved 7:26 pm

    Det er fint! Eg kikka i den gamle utgåva frå Bibelselskpaet… Og skrifene blir også kalla «deuterokaniniske», ja.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: