17
Sep
08

Carpe diem…

I VESTERVEG

har eg vor i dag. Dagtoget til Stavanger med sol og skyer og vakre haustlandskap langs det sørlege Noreg. Nydeleg når det opna seg mot havet nordover langs Jæren! Ærendet er foredrag/forelesing i Forum for Religion og Samfunn på Universitetet i Stavanger (fredag) og møte med 110 ungdomsskuleelevar på Jørpeland (torsdag).

No losjerer eg hos ein familie eg kjenner i Årdal; ferje til Tau og ein halvtimes køyretur innover Ryfylke. Garden heiter Valheim, eit stykke oppe i bygda. Her har det vore busetnad frå tidlege tider, med gravminne og andre spor heilt frå bronsealder og folkevandringstida. Ryfylke-naturen har ein eigen poesi; frodig og mjuk mot skallete berg og nesten trolske fjellformasjonar, med heiar og høgfjell innanfor og fjordidyllar utanfor. Eg er tilbake i Oslo, om Gud vil, fredag kveld. Prøver å fylgje med på mail og blogg så godt eg kan. Innimellom arbeider eg med ting som skal skrivast, lesast – og tenkjast. Preikebror på farten…

Reklame

2 Svar to “Carpe diem…”


  1. 1 wen
    september 17, 2008 ved 10:35 pm

    Kva skal du snakka om på universitetet i Stavanger? Har vore der i Forumet ein gong. Det var bra!
    Og kva er oppdraget på ungdomsskulen på Jørpeland?
    Eia var vi …..begge stader 🙂

  2. september 18, 2008 ved 6:08 am

    God dag, ja! På universitetet skal eg snakke om – relgion og samfunn: «Mellom teokrati og sekulært einevelde». Og her på Jørpeland ungdomsskule skal eg innom klasser i REL-timane og så delta på ei større klassesamling. Då skal eg svare på spørsmål knytte til den katolske kyrkja og kloster-/ordenslivet. Ei blanding av religionsundervising og folkeopplysing for fjortisar (og lærarar) 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: