14
Sep
08

homiletica…

KROSS-MESSE («IN EXALTATIONE CRUCIS»), 14/9-08, ST DOMINIKUS KRK. JOH 3, 13-17

Brør og systre!

Det vi feirar i dag, er sjølve sentrum i evangeliet, i Kristi bodskap, i kyrkja sitt liv, sentrum i liturgien: Jesu Kristi frelsesverk på krossen! Heile Jesu liv og verksemd peika fram mot dette topp-punktet – som ein lang ”Ordets liturgi” som kulminerer i den store elevasjonen, opphøginga på kross-treet: ”Som Moses reiste slangen i ørkenen, slik skal Menneskesønnnen løftes opp”, høyrde vi i den fyrste lesinga.

Liksom Israel fekk slangegifta i seg då dei knurra mot Gud i ørkenen, slik er heile menneskeslekta råka av ”hoggormen”, av demonen, heilt frå paradisets hage, der han overlista menneska. Vi har slangebittet med oss – og vi merkar det kvar gong revolten mot Skaparen vår skyt opp i oss, som vi las i den fyrste lesinga: ”De talte mot Gud og Moses …”, altså mot Gud og hans ord. Den eksplisitte, medvitne og tydelege motstanden mot Gud, agget mot Gud – det er vår sjukdom.

For menneskets kall er å ”sjå Guds rike”, høyrde vi i evangeliet; ”å bli født på ny”, å få ”evig liv”, å ”bli frelst fra undergangen”, å leve i venskap med Gud.

Alt dette, seier Jesus, får vi del i ved å ”sjå opp” på den eigentlege koparslangen, på den opplyfte Menneskesonen, ved å tru på han!

Den opplyfte Menneskesonen, det er han som Gud har gitt som eit offer for oss, ja det er Gud som i Kristus gir seg sjølv for oss. ”Så høyt elsket Gud verden, at han gav sin enbårne Sønn”, gav han ”til pris”… Å ”gi”, å ”gi til pris” – det er i Bibelen det ame som å utgi, å hengi, å ofre. Det er dette offeret som er sentrum i heile kosmos, i heile universum; her ville Gud ”forsona alt med seg, alt i himmelen og på jorda” (Koloss. 1,20). Difor lyfter vi hostien, Menneskesonens offer, opp over alteret og seier: ”Se Guds lam, se han som tar bort verdens synder. Salige er de som kalt til Lammets bord”!

Brør og systre! Det er den opplyfte Menneskesonen som er den store utfordraren for alle menneske, for kvart menneske. Det som gjer oss til menneske, er nettopp desse store, evige perspektiva: Eg er skapt i Guds bilete, eg er ikkje berre biomasse, ein biologisk maskin; livet mitt varer utover døden, eg skal møte Gud, korleis står eg meg då? I møtet med Menneskesonen får alle dei store orda meining: ansvar, skuld, fridom, død og liv.. I møtet med Menneskesonen møter du deg sjølv. Han har skapt deg, ein dag skal du kallast fram for hans tronstol!

Nikodemus kom til Jesus om natta. I sjelesorgens indre rom blei han initiert i-, innført i Menneskesonens mysterium; andlet til andlet blei han utfordra til tru eller avvising. Slik møter han oss alle i dag, blikk mot blikk..

Men ein dag skal alle sjå den opplyfte Menneskesonen; det blir den store festen in Exaltatione Crucis, (festen for Opphøginga av krossen), den store Kross-messa!: Då skal han som vart lydig til døden, ja til døden på krossen , lyftast opp for augo på alle, då skal han få det namnet som står over alle namn, då skal alle kne bøye seg- i himlen, på jorda og i djupet – og kvar tunge skal sanne: «Jesus Kristus er Herre – til Gud, Faderens ære’! (jfr Fil 2, 1-11).

Reklame

0 Svar to “homiletica…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: