Arkiv for august 2008



13
Aug
08

officium…

Tysdag, vike 3, Mika 4 (matutin)

”For frå Sion skal lovlære gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem”.

Desse orda minner om at Guds openberring til frelse for verda er sentra i Israel og Jerusalem, og vidare i Jesus Messias og kyrkja.
Men dei syner òg kva som er brennpunkta i openberringa: Gudstenesta og Retten.

Sion er tempelberget. I templet blir offera framborne og Gud tilbeden – men der vert også Guds lov, Guds bod, Gods ord lært og tillempa. Prestane i templet skulle bere fram offera – men dei skulle også lære og rettleie (Esek 7, 26; Mika 3,11, Haggai 2,11). Apostelen kalla seg ”Kristi Jesu prest mellom folkeslaga” og ”ein lærar for folkeslaga” (t.d. Rom 15, 16; 1 Tim 2,7); ein biskops teneste, som arvtakar frå apostlane, er både å presidere over kyrkja si gudsteneste og ta i vare det kyrkjelege læreembetet. Liturgi og eit liv i samsvar med læra kan ikkje skiljast.

Kyrkja må alltid vere ein talsmann for retten og rettferda. Heile Guds frelsesplan for verda er eit ”rettferdsprosjekt”; Guds rettferd er eit uttrykk for harmonien og freden i universet. Det rettferdige livet, både individuelt og sosialt/politisk, er sjølve basen for at kjærleik, einskap, godleik og sanning skal vere det miljøet, den ”økologien”, heile skaparverket lever i. Utan rettferd vert liturgien ueigentleg og falsk. Utan eit verkeleg fredsteikn – ingen kommunion (jfr Matt 5,22f). Paulus irettesette korintarane fordi dei ikkje delte med kvarandre under kjærleiksmåltidet, noko som medførte at dei feira ein ”uverdig” og ugyldig Eucharisti (1 Kor 11, 17f), ”eg toler ikkje vondskap og høgtid saman”, seier Herren (Jes 1, 13).

Gud er rettens Gud. Lovsong og rettferd høyrer saman.

Reklame
11
Aug
08

officium…

Måndag, vike 3, Hosea 14 (matutin)

””Eg vil vera som dogg for Israel; han skal bløma som ei lilje og røta seg som trea på Libanon” (v 6)

Vi er vane med å tenkje på Gud som ein motstandar, ein som set grenser for oss, ein som er annleis enn oss. Og det er sant: Mennesket har opponert mot Gud og han går i rette med oss. Han er ’annleis’, ikkje ein skapning, men Skapar, uutseieleg i sitt djupaste vesen.

Likevel: Han ville skape oss, han har skapt oss i sitt bilete, han held skaparverket oppe og velsignar det. Han har gripe inn i historia for å frelse oss og fornye heile skapningen, han vart menneske i Jesus Kristus og gjorde seg til eitt med oss.

Mennesket er skapt for Gud; for å vere hans barn, han vil gjere oss heilage – ”guddomleggjere” oss. Det er fyrst ’i Gud’ at mennesket vert fullt og heilt seg sjølv. Gud tek ikkje frå oss det sant menneskelege; han let det kome til sin fulle rett. Som menneske er vi i djup fellesskap med alt som er til og har del i det skapte sin ”herlegdom” (”All jorda er full av hans herlegdom”, Jes 6,3; Sal 72,19). Gud såg sitt eige verk og såg  ”at det var godt” (1 Mos 1).

Gud har skapt oss med sitt eige Ord, i sin eigen Visdom og har lagt dette skaparordet og denne visdomen inn i alt det skapte. Dersom skapningen formar seg etter Visdomen, vert livet prega av den guddomlege rettferda, godleiken, sanninga og venleiken og den guddomlege harmonien, Guds-freden (jfr hebraisk; shalom) og Guds-kunnskapen gjennomstrøymer heile røyndomen (Ordtøka 8, 22f).

I inkarnasjonen og frelsesverket, i Kristus, får vi del i dette i sin fullnad. Gud sameinar seg med oss og let oss få del i sin eigen kjærleik – som er den høgste nådegåva, den høgste dygd; ja, hans eige vesen, for: ”Gud er kjærleik” ( 1 Joh 4,5). Slik får vi også del i Guds eigen ”kreativitet”; den skapande evna som ytrar seg i alle menneskeleg evner – kunstnarleg, sosialt, kulturelt, erotisk, fysisk og psykisk.

Kva er det å leve anna enn å opne seg for dette, ta i mot dette; kjenne at det vil deg vel, at det er godt?

Slik jorda let seg vatne mjukt av dogga, let seg kjærteikne av regnet og sola… Slik skal du møte Gud.

10
Aug
08

nota bene…

RETTSKOLLISJONAR

Ein katolsk prest har fått medhald i norsk arbeidsrett mot den katolske kyrkja. Biskopen hans ynskte å forflytte han og ordensfelleskapen han tilhøyrer, kalla han tilbake til Polen på grunn av den fastlåste situasjonen. Både som prest og som ordensmedlem har han avlagt lovnand om lydnad mot kyrkja og sine medbrør.

Men norske faglege og rettslege instansar er sjølvsagt heilt ukjende med andre reglar og rettskulturar enn sine eigne. Triumferande viser ein til kor uhaldbart det ville vere om presten skulle tape: -Då kan jo kva katolsk prest som helst risikere å verte send kvar som helst i verda, når som helst! Nettopp. I prinsippet kan eg, som dominikanarpater, få melding om å reise til Kina for å leve og arbeide der i morgon den dag. Både den katolske kyrkja og dominikanarordenen er internasjonale storleikar og baserer seg på at menneske får eit kall i livet; eit kall som kan gå utover normale borgarlege sedvanar. Sølibatet er ei livsform, nedervd frå Kristus sjølv, som tek høgde for at eg kan gjere drastiske livsval utan å forsøme forpliktingar mot familie og ektefelle.

Kan så ein prest eller eit ordensmedlem handsamast heilt vilkårleg og omsynslaust? Nei. Kyrkja og ordensfellsskapane har lover og ordningar som gjer greie for rettar såvel som plikter, både for lekfolk, prestar og klosterfolk. Den kanoniske retten –kyrkjeretten – representerer ein lang og velprøvd tradisjon, ivareteken av juridiske fagfolk og utøvd gjennom regulære og opne institusjonar. Dominikarordenen har sidan år 1217 vore styrt gjennom konstitusjonar (grunnlover) som er seks hundre år eldre enn den norske grunnlova, justerte og endra av demokratisk valde synodar fram gjennom historia utan at den opphavlege intensjonen vert sett til side.

Den aktuelle domen i arbeidsretten og debatten i etterkant er eit godt døme på kor overrumpla norsk opinion er vorten av ein ny samfunnstilstand. For det fyrste avslørerer det ein manglande kunnskap om andre kulturar og rettsformer. Her trengs det både ei historisk og ei global oppdatering. Den katolske kyrkja ekspanderer her til lands for tida og ein vert tvungen til å setje seg inn i korleis ein slik fellesskap funksjonerer både rettsleg og moralsk fordi det rett og slett vedkjem det faktiske livet for stadig nye nordmenn som praktiserer sin religion og sitt livssyn.

For det andre er det ei utfordring på det prinsippielle planet: Kan det finnast fleire offentleg-rettslege einingar innan nasjonalstaten? Er all rett samla i dei statlege domstolane slik ”all makt” er samla i stortinget? Er alt som ikkje går ut frå den nasjonalstatlege organisasjonen å rekne som ”privat sektor”? Desse spørsmåla melder seg ikkje for den nasjonale statskyrkja på same måten som for frie kyrkjer. Ved reformasjonen opphøyrde den lutherske folkekyrkja å vere ein eigen juridisk storleik og gjekk etterkvart med hud og hår opp i det kongelege regimet. Statsretten slukte kyrkjeretten.

I nyare tid har ein sett teikn på eit sterkare medvit om kyrkja si rolle som eit sjølvstendig samfunn; i den statskyrkjelege reformrørsla og i krigsåra då ”Den norske kyrkja” faktisk var statsfri sone og insisterte på sin eigen åndelege og rettslege identitet, uttrykt i vedkjenninga ”Kirkens Grunn” (1942) og – endå viktigare – i folket og presteskapet sin praksis. Dei seinare åra har ordninga med kyrkjeasyl aktualisert dei same prinsippa: Finst det område der den statlege makta må godta stengde dører; om ikkje på formelt rettsleg grunnlag som i den mellomalderske asylretten, så i det minste av etiske og nesten sedvane-rettslege grunnar?

Saka med Hamar-presten rører i høgste grad ved religionsfridomen og rettsavgjerda burde ankast til høgare hald. Det nasjonale samfunnet treng at det er plass for radikale livsformer som går ut over det kulturelle A4-formatet; livsformer som har ein institusjonell og rettsleg basis og ikkje berre høyrer heime i den private eventyrlysta. Slike livsformer er prestetenesta i den katolske kyrkja, og likeeins klosterlivet med sine lovnader om friviljug sølibat, fattigdom og lydnad.

Det er naivt og provinsielt å tru at norsk jus skal kunne tvinge den katolske kyrkja til å oppgje si kallsforståing og sin kallspraksis. På sikt må kyrkjene kanskje vere budde på fleire kollisjonar med A/S Noreg. Kyrkjeleg dominans over samfunnet har hatt si tid, men alternativet er ikkje å pendle over til servil tilpassing. Alternativet er samtale på likefot så langt det er mogeleg. I siste instans martyriet.

(Fyrst publisert i spalten ”Signert”, Klassekampen, den 10/8-08 )

10
Aug
08

officium…

Sundag, vike 3, Hosea 11 (matutin)

”Då Israel var ung, fekk eg han kjær” (v 1)

Israels histore er ei kjærleikshistorie. Heile frelseshistoria er ei kjærleikshistorie. Hosea er den ivrige, lidande, heftige, brennhuga, guddomlege kjærleikens profet. Guds kjærleikshistorie er som alle kjærleikshistorier: Det unge mennesket som fell inn i elskarens hjarta; forelskinga, det spontane, det umotiverte, ugrunna, berre symaptien, tiltrekkjinga, fascinasjonen, ømleiken, viljen til å satse alt for å vinne og eige den ein elskar.

Gud elska Israel slik. ”Då Israel var ung…” Det var ikkje ein nedlatande, kjenslefri kjærleik som elska av plikt, for å vere eksemplarisk. Det var ein kjærleik full av lidenskap og dramatikk, krangel og sjalusi. Altså ein verkeleg kjærleik. Ein slik som vi alle vil bli elska med. Vi vil ikkje vere reine hjelpeobjekt, klientar, casus. Gud vil ikkje bli æra berre som ein nyttig figur for folkemoralen, eit støttepunkt for ”prinsippa” våre. Han vil bli elska av fullt hjarta. Gud elskar slik unge menneske elskar og han elskar dei i ungdomens venleik og utstråling. ”Då Israel var ung…” For Gud er du alltid ung, dersom du er eit levande menneske.

Fyrst når dette er sett, levd og utfalda, kan vi sjå at Gud elskar grenselaust, alvorleg og fullkome. Vår kjærleik – aldri så glødande, aldri så edel – kan svikte, kan sprengast og ta slutt, eller bli destruktiv. Men Gud elskar alltid. ”Eg er Gud og ikkje eit menneske. Heilag midt i mellom dykk; eg vil ikkje koma med harme”, seier han (v 9). Guds kjærleik er heilag fordi han er ’heil’, fullført. Slik han ropa ut på Golgata: ’Det er fullført!”

Då ropa han etter deg, som han har elska frå du var ung…

07
Aug
08

officium…

Torsdag, vike 2, Hosea 1,1-9; 3, 1-5, (matutin)

”..skjelvande skal dei koma til Herren og dei gode gåvene hans i dei siste dagar” (v 5b).

Mennesket i vår tid skjelv sjeldan for anna enn dårleg helse og hemma livsutfalding. Dei verkeleg alvorlege sidene ved livet fortrengjer ein ofte, som døden. Det siste ein kunne tenkje seg å skjelve for, er Gud. Om Gud fins, er han grei.

Litt meir ”frykt og beven” (Kierkegaard) hadde friska opp i livskjensla. Angsten for alvor forflatar oss. Tanken på at vi på den yttarste dagen skal svare for livet vårt, med ævelege fylgjer, burde få oss alle til å skjelve litt meir. Tanken på at døden er viss og dagen han kjem, uviss, burde også vekke oss opp. Den største revolusjonen i historia er kanskje den nesten fullstendige endringa av medvit i vår kultur; medvitet om livet etter døden, om mennesket sitt ævelege ansvar. ”Et kulturelt jordskjelv” kallar sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen det i eit intervju.

Likevel er det ikkje fyrst og fremst denne akutte otten Hoseas talar om når han ser Isarel skjelvande kome til Gud i dei siste dagar. Her er det meir enn redsla som spelar med; her skjelv ein i age og glede, i overvelding og undring. Her har orda forstumma, her er det den skakande og fornyande opplevinga av Gud som utfaldar seg. Som når du opplever noko stort, noko ”for” stort. Kjærleiken, gjensynet, venleiken, sanninga, rettferda – det kan møte deg som ei strøymande elv, som eit stormkast, som eit ljoshav – du er omslutta, du er overmanna, du er elska, du er uverdig og verdig på same tid.

Slik er det å erkjenne Gud, og livet – som er eit anna namn på ”dei gode gåvene hans”. Fullt ut skal vi oppleve dette i ”dei siste dagar”, når alle filter er borte. Når vi er klare og når Gud er klar. For det store møtet.

06
Aug
08

officium…

Kristi forklårings dag (Transfiguratio Christi), 2 Mos 13, 17 -14,9 (matutin)

”Herren gjekk føre dei, om dagen i ein skystolpe som synte dei vegen, og om natta i ein eldstolpe som lyste for dei. På den måten kunne dei fara både dag og natt” (v 21).

Herren var nær folket sitt i den lysande eldstolpen. I Det gamle testamentet vert dette Guds-nærveret sett som ein ’engel’, ein representasjon av Gud. Slik vert dette underet eit teikn, ein typos, på Jesus Kristus, den inkarnerte Guds Son, Logos, Ordet, Den andre personen i Den heilage treeininga. Gud er nær, men han er den ævelege, den ”hinsidige”, den overveldande, den lysande. Elden og ljoset – det er dei guddomlege elementa.

Jesus Kristus er nær oss; så nær kom aldri Gud før, han tok på seg vårt kjøt og blod, han bar våre sjukdomar og våre synder, han døydde vår død; han er nær oss i kyrkja, i brør og systre, i presten, i sakramenta. Han går saman med folket sitt; ”sjå, eg er med dykk alle dagar”, sa han (Matt 28, 18-20). Men hans nærvere er lysande! Han er ”Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av den sanne Gud” (Nicenum). Han synte seg på Tabor saman med personar frå den himmelske verda – og då let han det guddomlege ljoset, den guddomlege naturen, kome til syne, så dei tre næraste læresveinane hans kunne sjå kven han var, og er: Sonen, Menneskesonen med ”håret kvitt som ull eller som snø, og augo logande som eld, føtene…som bronse, glødd i omnen, og røysta…som bruset av veldige vassmengder”, slik apostelen også skulle sjå han i sitt Patmos-syn (Joh Op 1, 12f), slik han ein dag skal kome att i sin fulle herlegdom. Då skal eldstolpen slå seg ned for alltid, då slær han opp teltet sitt midt mellom oss og skal aldri bryte opp til nye leirar, nye rundgangar i øydemarkene, i tåredalane.

Han er Elden, han er Ljoset, han er Gud. Kven andre er ein kristen, ”kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?”(1 Joh 5,5). Han tilbed eg, for han fell eg ned, i han skal eg og heile skapningen helgast, guddomleggjerast, gjerast lysande av det gode, det sanne og det vakre. Han er Pantokrator, Allherskaren; Kyrios, Herren; i si høgre hand held han Sjustjerna (Joh Op 2, 16).

Med han kan eg ”fara både dag og natt”, til det vert berre dag.

05
Aug
08

officium…

ei stund framover vil eg i «officum» ta fram tekstar frå matutinen (lese-officiet/den tidlege morgonbøna,/ottesongen; tradisjonelt beden om natta eller i otta), frå eit av dei lengre lesestykka frå Bibelen eller kyrkjefedrene. Den kontinuerlege lesinga (lectio continua) av bibelske og patristiske tekster er det som pregar nettopp denne tidebøna. Dette lesepensumet vart markert utvida og fornya ved liturgireformen frå Det andre Vatikan-konsilet. I løpet av eit år vert størstedelen av Bibelen og viktige bolkar av fedre-tekstene på denne måten lesne og mediterte over i den katolske kyrkja sin liturgi…

Tyusdag, vike 2, Amos 7 (matutin)

”Gå din veg, du sjåar…” (v 12a)

Amasja, presten i den kongelege riksheilagdomen i Betel, ville ikkje vite av ein lurvete landsens profet, som Amos frå Tekoa. Bort med urokråka som forstyrrar den offentlege harmonien og riksidyllen!

Men Amos var ingen profesjonell yrkesprofet. ”Eg er er gjetar og dyrkar morbærfiken”, sa han (v 14). Han var ingen religiøs karrierist, han hadde ingen eigne planar og ingen pretensjonar om å vere åndshovding eller kjendispredikant. Han var berre overrumpla av Guds røyst, han skjøna ikkje kva som eigentleg hende; han hadde berre høyrt at Herren tala – og då måtte han tale. For: ”Når løva brøler, kven må ikkje reddast då? Når Gud Herren talar, kven må ikkje då tala profetord?”. Same regelen gjeld òg den andre vegen: -Korleis kan nokon driste seg til å forkynne utan ei djup røynsle av Gud, utan ei djup overtyding om at du har ein bodskap som du må bere fram på trass av deg sjølv?

Dette ligg så snublande nær det motsette; at forkynnaren identifiserer sine eigne tankar med Guds tankar. Den verkelege profeten er ikkje sjølvhevdande, men sjølvkritisk. Han er viljug til å tape, utan truslar på eigne vegner; viljug til å verte kasta i brunnen som Jeremia, til å kastast i fengsel som Johannes døypar, til å krossfestast, som Kristus. Profeten kan vere djupt forferd over sin eigen bodskap – fordi det ikkje er hans bodskap. Og han kan berast av ei nesten lett glede, som apostlane: ” Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt” (Apgj 4, 21). Ein profet eller apostel er viljug til å la seg forvise, han har ingen personleg agenda: ”Dei gjekk bort frå Rådet, glade fordi dei var haldne verdige til å tala i Jesu namn skuld” (Apgj. 5,41).

Men om dei må, om Røysta lyder, går dei like gjerne tilbake og talar dei same orda. Dei verkelege ”sjåarane” – eit anna namn på profetane – utfordrar alltid uretten, fordi dei talar og lever Sanninga. Dei vert alltid utrydda. Og er alltid uutryddelege.

02
Aug
08

carpe diem…

NUMEDAL

har jammen trådlause nett, også! Utanfor kaféen på Lampeland, ved Flesberg, har eg hekta meg på uder kaffirasten. Er nemleg på veg, køyrande med klosterbilen, til Rollag. Det silregna og var gråare enn grått i Oslo, men opp mot Kongsberg og oppover Numedalen har det letta.

Eg likar denne dalen. Her er det mykje mellomalder, i bygningar og dåm. Breitt, varmt Austland, men med det ekstra lyftet som eit norsk dalføre gjev. Dei store dimensjonane, roa, det kontemplative… Alle landskap har ein «sakramental» valør; dei er «teikn» på sider ved Guds skapargjerning, av Guds venleik. Berre du ser det, har auga for det.

Klokka fire deltok eg som katolsk prest i ei luthersk vigsle, i Nordstrand kyrkje. Den eine parten er katolikk. Vigsla stod den lutherske soknepresten for. Eg hadde preika og var med i forbøna og velsigninga. Ei uanstrengt og meiningsfull form for ekumenisk kontakt. Denne helga er altså i ekumenikkens teikn – ikkje konstruerte «tiltak», men deltaking i vanlege samlingar, dele det du har å gje. Ikkje polemisk, men tydeleg. Du får også noko tilbake. Som på den måten «kjem heim» og gjer kyrkja sin katolisitet rikare.

À propos: I det nye magasinet «Strek» (siste nummer) les eg i dag om pinsekyrkjelyden Filadelfia i Oslo: Der har dei faktisk ein tre-persons kommunitet, vaksen fram frå bibelskulemiljøet, med regelmessige tidebøner i løpet av dagen, med meditasjon, lectio divina, stille tider og måltidsfellesskap. Utan lovander og for eit år om gongen, men med ein husregel som strukterer livet. Nøkternt. Tilpassa situasjonen der fellesskapen lever. Eit hjartepunkt i den større forsamlinga. Noko som utviklar seg, som finn sin veg. Tolle, lege, i «Strek»! Gode teikn. Som så ofte er uventa!

01
Aug
08

Carpe, carpe diem…

Her på Otta stasjon no, kom for ti minutt sidan, frå Lom; toget går om fem minutt. Gudbrandsdalen, ikkje minst Otta-dalen, er vakker. Den einskaplege arkitekturen med brunsvidde hus frå ulike tidsepokar. Til og med bilgarasjar er vakre som stabbur og glir inn i heilskapen. Meir om dette…

Her er det torever og blå himmel samtidig. Slik er livet. Oslo neste.

01
Aug
08

officium…

Torsdag, vike xvii i året, messe, 1. Lesnad: Jer 26, 1-9

”Kanskje vil dei då høyra…Og så skal eg endra min plan..” (v 3)

”Kanskje” – er det eit ord som kan kome frå Guds munn; han som er den alllmektige, den trufaste, den ævelege? Kan han endre sin plan, kan han verte usikker?

Ja – fordi han elskar. Fordi han ”vil at alle menneske skal verta frelste”. Kjærleiken gjer sårbar, kjærleiken gjer uviss, kjærleiken gjer veik, kjærleiken gjer nølande. Guds veike punkt, Guds ”kanskje” – det er DU. Den menneskelege personen; eit levande vesen, Guds bilete, ein likemann. Det må Gud handskast med.

Profeten Jeremias såg langt inn i Guds lidande hjarte. Han såg at den gamle ”grunnlova” hadde fotnotar. Grunnlova er at livet vårt har konsekvensar, at urett går utover både oss sjølve og andre, at det gale er fatalt og uoppretteleg. Men Jeremias såg at Gud let kvar og ein av oss svare for seg sjølv, og det gjev oss også fridom til å rette opp att våre brot, til å kome til sans og samling. Gud held alltid denne døra open, han har overlete utfallet til oss. Så lenge vi kan gjere ’metanoia’, endre sinn og innstilling – så lang er Guds ventetid. Han ventar og ser. Han utset.

Dette er sjølve sjansen i livet vårt. Ingen ting er fastlåst; du kan kome ut av snara, ut av mønstret, ut av tvangen. Du har ein fristad til å omrømme deg. Døra i veggen. Ljos i det mørke rommet.

Men du må raske på. Når Gud nøler, må du ikkje nøle. Eit ”kanskje” vibrerer av von, men også av ansvar. Grip dagen, grip Guds ”kanskje”..




kategoriar