29
Aug
08

officium…

Fredag, vike 1, Jeremia 4, 5-28 (matutin)

”Dine elskarar vanvørder deg…” (v.30)

For profetane er avgudsdyrking å halde seg med elskarar. Vi vil vere truande, men det som har med Gud å gjere, er blitt keisamt, rutineprega, ein klisjé. Det formar ikkje lenger livet vårt som noko vi elskar og satsar på. Vi heng med.

Då dukkar sidespranga opp, også i åndeleg tyding. Ein versjon av oss seier dei rette tinga når det er forventa – men tilpassar liv og tale til det som fremjar karrieren og  populariteten og som gjer livet meir komfortabelt. Kvifor skal eg vere ein ’prinsippryttar’, ein ’fariséar’, ein ’hyklar’, ein ’fundamentalist’? Kvifor skal eg plage andre med det eg sjølv står for?

Denne smidige, urbane haldninga og livsstilen ét opp substansen i trua. Ein vakker dag forlet du Gud og flyttar inn til ’elskarane’ dine for godt. Skalet fall av.

Eit truande mennneske eller ei kyrkje som utviklar seg slik, får nok applaus og godord av sine nye vener. Men eigentleg vanvørder dei eit menneske eller ei kyrkje som langsamt let seg gli bort frå ”sin fyrste kjærleik”, som utholar seg sjølv, som ikkje held seg oppreist og står for si tru.

Det utrue mennesket misser fyrst Gud, så misser det alt det ville oppnå.

Reklame

0 Svar to “officium…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: