28
Aug
08

officium…

Torsdag, vike 1, Jermia 3,1-5, 19 – 4,4 (matutin)

”Så seier Herren til mennene i Juda og til dei som bur i Jerusalem: ’Bryt dykk nytt land, og så ikkje meir mellom klunger” (v.3)

Jeremia har forkynt korleis Herren gong på gong har høyrt Israels angerbøner og klagegråt. Men det har berre vore overflatisk anger og billege tårer.

Det er noko med omvendinga som fordrar eit verkeleg sporskifte, at ein flyttar skikkeleg ut av det forfalne livshuset sitt og byggjer noko nytt. Ånda og stemninga frå det som har vore sjukt og usunt, heng i veggene og trengjer gjennom igjen. Stundom nyttar det ikkje å snu og vende på den sure jorda eller så ut gode forsett i ein krattskog av sløve vanar. Stundom må du ”bryte nytt land”.

Det krev at vi vaknar opp frå den uforpliktande sytinga over vårt dårlege liv. Gjer noko. Gå og snakk med ein ven eller sjelesyrgjar. Lytt til eit råd. Sjå livet ditt utanfrå, gjennom andre. Ta i mot ei oppmuntring som klan gje deg tru på at det nyttar å endre seg. Ingen er for gamal og fastlåst til det.

Kva er det du skal endre?

Reklame

0 Svar to “officium…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: