24
Aug
08

nota bene…

STATEMENT

Denne bloggen ynskjer å stå for at truande menneske skal kunne gå med lyft hovud i dette landet. Utan ynskje om å fortrengje dei som ikkje trur. Dersom tru og overtyding skal vinne fram, må det vere gjennom forkynning, argumentasjon og samtale. Som apostelen seier: ”Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit” (2 Kor 4,2). Rettslege og politiske privilegia som skal sikre ein kristen dominans i samfunnet, er ikkje ynskjeleg eller mogeleg. Rett og slett fordi det ikkje er kvalifisert dekning for det i folkefleirtalet.

Som truande skal vi forvente, ja, kjempe for, å kunne vedkjenne og praktisere det vi trur, på alle plan samstundes som vi gjev plass for andre som har den same retten.

På dette grunnlaget skulle det ikkje vere vanskeleg å solidariserere seg med truande menneske også i andre religionar; menneske som ofte ser samfunnet vårt med eit friskare blikk; mindre tilpassa, mindre resignerte enn det mange kristne er blitt. Difor kjenner eg til dømes ei sterk samkjensle med ein representant for Islam som Usman Rana – som vann Aftenpostens kronikk-konkurranse i år og som har sett samfunnet sitt tilhøve til religion på dagsorden på ein overtydande måte.

Synspunkt på desse tinga kjem ofte fram i kommentarane i denne bloggen. Nesten alltid på ein sivilisert og venleg, ikkje-ekstrem måte. Det er det sjølvsagt plass for. Men fordi problematikken så ofte gjer seg gjeldande, tek eg det med jamne mellomrom opp også her, på bloggen si ”framside”. Eg ynskjer at den kristne tradisjonen skal oppretthaldast i Noreg og i dei gamle kristne landa. Men det kan berre skje ved ei indre fornying av dei truande og av trussamfunna. Og ved å akseptere at kristendomen ikkje lenger vil vere ein dominerande majoritet. Å reagere med frykt og skrekkbilete, er ikkje konstruktivt.

Heller ikkje er det konstruktivt å tru at Noreg kan forbli så einsarta som det kanskje har vore. Den typiske nordmannen vil ikkje lenger vere ein lyslugga, nominelt luthersk skiløpar. Han eller ho vil vere truande eller sekulær i mange sjatteringar. Sannsynlegvis vil vi sjå ei aukande polarisering mellom religiøse og ikkje-religiøse nordmenn. Dei truande må lære seg å dele plassen med andre, kanskje vere i mindretal, utan å verte korkje aggressive eller feige. Dei ikkje-truande må lære seg at Gud er komen (tilbake) for å bli.

Det burde heller ikkje vere eit alternativ for kristne å prøve å redde kristne verdiar i ly av den arrogante sekularismen som presenterer seg som ”den vestlege kulturen”. Det finst ein vestleg kultur i positiv tyding, men han treng i dag ein nyansert og grundig revisjon i sitt tilhøve både til det åndelege og det materielle.

Våg å tru på Gud i denne tida. Våg å vise til di tru og til Gud i det du seier og forfektar i den offentlege samtalen. Prøv å forstå dei som argumenterer på eit anna grunnlag. Ver ikkje redd for andre truande. Ver heller ikkje redd for dei som ikkje trur. Ver den du er! Vi lever i ei utfordrande og spanande tid!

Reklame

3 Svar to “nota bene…”


  1. 1 Marit
    august 24, 2008 ved 1:48 pm

    Takk for utfordringa og oppfordringa. Det er spennende tanker i samtalen på denne bloggen og andre blogger om kristen tro, tanke og politikk fortida.

  2. august 24, 2008 ved 4:05 pm

    Takk! Du har rett i at det er ein meir frimodig tone både i bloggar og elles. Sorg har si tid, men må avsluttast. Trua sine skansar i fortida er – fortid. Notida og framtida er samansett og open. Som truande kan vi vere tydelege og utfordrande.

  3. 3 Herman
    august 24, 2008 ved 5:40 pm

    Vi lever i en spennende tid. Absolutt.

    Hilsen


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: