23
Aug
08

officium…

Laurdag, vike 4, Jes 37, 21-38 (matutin)

”Kven er du krenkjer og vanærar? Kven tek du til ords mot? Høgt lyfter du augo dine mot Israels Heilage” (v. 23)

Dette spørsmålet rettar Gud, gjennom Jesasjas profeti, til assyrarkongen Sankerib. Gud kunne bruke mektige fyrstar og stormakter til å tukte både Israel og andre folk. Men turen kom også til dei mektige dersom hovmodet deira tok overhand. Gud held verda i si hand; i den handa vert også Sankerib liten.

Det menneskelege hovmodet mot Gud er eit fenomen som vi ikkje lenger vågar å peike på. Vi skjønar ikkje lenger for ei sterk kraft og kva for ein einvis vilje som ytrar seg i Guds-opposisjonen. Kritikken og arrogansen mot trua og det som er heilagt, er ei utfording av Skaparen sjølv; auga mot auga, panne mot panne, hardt mot hardt.

Misstydingar, vonbrot, legitim lengt etter fridom – alt dette kan liggje bak uviljen mot trua. Men menneske kan verkeleg vilje bryte med Gud; fornekte og forkaste han. Veit det verkeleg kva det gjer då: -”Kven tek du til ords imot? Høgt lyfter du augo dine mot Israels Heilage”.

”Gud” er blitt ein merkelapp, berre eit ord. Vi bør – når vi bed og når vi vil nemne Gud elles – stundom seie: ”Israels Heilage!». Ein levande vilje, eit djup av visdom, eit grep om verda. Han som har tala gjennom profetane. Ord som innhentar oss før eller seinare.

Kven er det du vil ta til ords mot, menneske? Har du tenkt på det?

Reklame

0 Svar to “officium…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: