19
Aug
08

homilia…

20.SUNDAG I ÅRET, 17/8-08, ST DOMINIKUS KRK; MATT 15,21-28

Brør og systre!

Det handlar i dag om at kyrkja er eit folk av alle slags folk, eit folk av alle folkeslag og nasjonar. Ja, djupast sett handlar det om at Gud vil éi verd – fordi det er éin Gud – Gud er Gud for alle folk, ”så sant Gud er éin”, seier Paulus i Romarbrevet (3).

Dette perspektivet ser vi alt i Det gamle testamentet; Gud er Israels Gud, men gjennom frelseshistoria opeberrar han seg nettopp som Gud for alle folk. Som vi høyrde i den fyrste lesinga: ”De fremmede som har sluttet seg til Herren, som vil tjene Herren og elske hans navn og være hans tjenere…som holder fast ved min pakt, dem fører jeg til mitt hellige fjell og lar dem glede seg i mitt hus der de kan be”. Og vi høyrer dei orda som Jesus viste til då han reinsa templet: ”For mitt hus skal kalles et bønnens hus for alle folk”.

Heile denne Guds plan opnar seg fullt opp i Den nye pakta, Det nye testamentet, når Jesus Messias stig fram i folket, fram i verda, når han drar ”ned mot landet omkring Tyros og Sidon”. Han forkynner og kallar saman det messianske folket av både jødar og heidningar, frå Israel og frå folkeslaga – og det omfattar dei som trur at han er Messias; Den salva, Kongen og Forløysaren som Israel venta på, ja som heile verda eigentleg ventar på. Guds folk omfattar no alle dei som trur Guds lovnad. Heilt frå den fyrste store truande, Abraham, alle truande sin patriark, sin far.

Denne trua er kjenneteiknet på kyrkja. Du kjem inn i kyrkja gjennom dåpen og ferminga; i det du, heilt personleg og tydleg, forsakar Den vonde og vedkjenner trua på Den treeinige Gud, slik vi gjer i Credo (trusvedkjenninga). Dette er dørstokken vi alle må over; rik eller fattig, ung eller gamal, høg eller låg, mann eller kvinne, uansett nasjonalitet og bakgrunn. Trua er kyrkja si tru – men ho vil bli vedkjent og istemt av av deg og meg!

Denne trua, dette credo, er ei lovprisande tru. I grunnen er Gloria/Laudamus som vi syng i alle høgmesser, ei lovprisande trusvedkjenning:Vi priser deg, vi velsigner deg, vi tilber deg… Herre vår Gud, himlens konge, Gud, allmektige Fader, Herre, du enbårne Sønn, Jesus Kristus, Herre vår Gud, Guds Lam, Faderens Sønn…osv ”

Men denne trua er, som særleg evangelite viser oss i dag, også ei påkallande tru, ei bøn, eit rop: ”Herre, du Davids slnn, ha miskunn med meg”, ropte den kananeiske, altså heidenske, kvinna som fylgde etter Jesus, Ja, det står at ho ropa; det står endåtil: ”hun fortsetter å rope etter oss!” Irriterande, einvis, pågåande, fokusert på sitt problem, si naud: dottera som var plaga av demonar; fokusert på Jesus Messias; ikkje ”den lille hjelperen”, som hos Peter Smart, men Den store hjelparen!

Brør og systre: Å tru, å vedkjenne den messianske, den kristne Trua, er å be, er å rope, er å forvente at Gud kan hjelpe. Detter ropet lyder også i messa kvar gong vi syng: ”Kyrie, eleison/Christe, eleison”! Det er eit naudrop, men også ei hylling av Messias, av Kristus; han er Herren, Kyrios; han er forbarmaren, hjelparen, frelsaren!

Den som ikkje lenger forventar at Gud høyrer oss og kan gripe inn, har eigentleg slutta å tru. Han er blitt ein ’deist’, ein som kanskje reknar med at ein guddom har skapt verda – men som ikkje lenger har noko med verda å gjere; ein fjern guddom, eit moralsk prinsipp, ein skugge.

Å feire messa handlar om å møte den levande Gud, ein Gud som handlar, som veit om oss, ein Gud vi kan kalle på, som høyrer oss. Kanskje du ikkje synst du har noko problem å stresse Gud med i vår velstand, kanskje du synst alt går på skinner? Husk då vår grunnleggande naud: at vi skal døy, at vi skal svare for livet vårt, difor ber vi i den fyrste evkaristiske bøna: ”styr våre dager i din fred, fri oss fra evig fordømmelse og tell oss med blant dine utvalgte”!
Mange menneske, mange kristne, mange katolikkar, går svevngjengaraktig i møte med sin evige lagnad. Å våkne opp for dette, hjelper på vår tru, på vår bøn – og vi lærer, om ikkje før å rope: ”Herre, du Davids Sønn, ha miskunn med meg!”

Den same trua viser seg også i dein enkle, konkrete bønene; når menneske tenner eit ljos og ber om Guds hjelp og dei heilage si forbøn. Den har ei stor tru, som vågar å påkalle Gud i dei små tinga, i det verkelege livet!

Å tru er å be, uten ”persons anseelse”, å be er å rope, til han som er Messias for alle folk! Difor seier vi også idag:
”Herre, lytt i nåde til alle bønner fra dem du har villet samle om ditt alter!”

Reklame

0 Svar to “homilia…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: