14
Aug
08

officium…

Torsdag, vike 3, Mika 5 (matutin)

”Mellom mange folk skal Jakob vera som dogg frå Herren, som ei regnskur på gras” (v6)

Gud er som ”dogg” for mennesket, for folket sitt. Men Israel (Jakob) og dei truande er også som ”dogg” for verda. Det uttørka får liv. Det som har vekstkraft i seg, tek til å gro. Død og hardstampa jord blir bylgjande enger og åkrar.

Det menneskelege livet, kulturen og samfunnet, sjuknar når det ikkje opnar seg mot himlen, mot Gud og hans frelse. ”Trolldomsmiddel”, ”teikntydarar”, ”steinstøtter”, ” Asjera-pålar” (v 11-13) – alt det vi vender oss til i staden for til Gud, alt dette ”legg byane i øyde” (v 13). For menneske i dag er tilhøvet til Gud ofte fjerna frå breidda av livet og berre noko som vedkjem det snevert ”personlege”. Kristendom som ”livssyn”. I Bibelen er heile røyndomen ’teologisk’. Utan Gud vert verda liggjande i regnskugge og solskugge. Alt er på plass, men livskrafta manglar.

Dei som slepp Gud til og lever saman med han, vert ei kjelde til liv der dei ferdast; i det dei tenkjer, talar, kjenner, gjer… Ikkje ved si eiga kløkt, men ved å vere opne mot Skaparen sin.

”Når dei fer gjennom den turre dalen, gjer dei han til ein kjeldevang” (Sal 84, 7).

Reklame

0 Svar to “officium…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: