13
Aug
08

nota bene…

«KRISTI STJERNE GÅR IGJEN OPP I AUST»,

er tittelen på ein stor artikkel i «The Tablet «/9.august-08 (engelsk, katolsk magasin). Sikkert som eit à propos til OL, rapporterer bladet om kyrkja si aktuelle rolle i Kina; mest om den katolske kyrkja, men også ein del om dei protestantiske kyrkjesamfunna.

Og kven her til lands, i media og elles, er klar over fylgjande: At den katolske kyrkja aukar med 100 000 konvertittar kvart år frå ulike samfunnslag!? Det ville tilsvare 4600 britar, sett i høvet til folketalet! Eller at det er 1500 seminaristar (prestestudentar)!? Den langvarige og smertefulle delinga mellom ei «statstru/statsregistrert» katolsk kyrkje og den uregisterte/lenge underjordiske Roma-tru kyrkja er i ferd med å viskast ut. Det dreiar seg ikkje om trusspørsmål, men om å godta statsmaktas hardhendte krav om statleg anerkjenning av alle utnemningar og dermed om å sikre at den primære lojaliteten går til staten og ikkje til den «framande» pavestolen. I røynda er no 97 % av alle biskopane godkjende av paven og i kommunion med han. Så dette går seg til. Men endå sit det både prestar og biskopar i fengsel fordi dei har nekta den statlege registeringa; om dei ikkje direkte vert tekne av dage, så døyr mange i fengsla.

For kristne i andre land burde den åndelege oppvakninga og den kyrkjelege veksten i Kina vere ei enorm oppmuntring. Fordi det er stort seg sjølv, fordi det er ein tankevekkjar for alle som har trudd og trur at kyrkja og trua kan utrydjast – og fordi Kina i framtida vil verte ei stadig meir innflytingsrik makt i verdssamfunnet, ikkje berre økonomisk, men også kulturelt.

Det gamle ordtaket, som sikkert passar for olympiske atletar, passar også for kyrkja i Det fjerne austen: Per aspera ad astra! Gjennom kamp til stjernene! Noko å tenkje på også for norske katolikkar og norske kristne i det heile…

Reklame

16 Svar to “nota bene…”


  1. 1 Ståle Wilhelmsen
    august 14, 2008 ved 7:00 am

    Det skal vel være: Per ardua ad astra

  2. 2 Eio
    august 14, 2008 ved 7:22 am

    tror nok det skal være vokativ

  3. august 14, 2008 ved 7:27 am

    Kanskje det finst i fleire versjonar? «Per aspera» er i alle fall ok – «apsera» kjem av adjektivet «asper» (stridt, hardt, røft..) og tyder «dei stride tinga’/’det som er stridt».

    «Per ardua» vil ha om lag same tydinga – så her er det berre å velje!

  4. august 14, 2008 ved 7:31 am

    Vokativ vil eg ikkje tilrå; det er ein modus som kan gå på livet laus, jfr. Alexander Kiellands: » «Mensa rotunda» sa lille Marius, og døde». Élas! 🙂

  5. 5 Eio
    august 14, 2008 ved 7:34 am

    Tror nok kanskje det skal være ablativ da. eller kanskje huskestativ

  6. august 14, 2008 ved 7:38 am

    Eller Blablativ – ein kjend modus i geistlege og akademiske krinsar…

  7. 7 Eio
    august 14, 2008 ved 7:40 am

    Kanskje særlig i prestevikarkretser…

  8. august 14, 2008 ved 7:49 am

    Nei, her eg tenkte eg meir på heilt andre grupper samt eigne rekkjer.. Prestevikarar er eit velsigna unntak!

  9. 9 Eio
    august 14, 2008 ved 7:52 am

    Men du står fast på Extra ecclesiam, nulla salus?
    (Eller skal det være eccelesio?)

  10. august 14, 2008 ved 8:06 am

    Grammatikalsk er saka klar; teologisk er det meir komplisert. Gode gamle Cyprian (som er vel er opphavsmann til uttrykket?) må forståast rett…

    Med «eccelesio» o. l. er det i alle fall heilt sikkert nulla salus… 🙂

  11. 11 Eio
    august 14, 2008 ved 8:10 am

    Komplisert ja. Men enten er man vel innenfor eller utenfor? Finnes det enda flere teologiske gråsoner?

  12. august 14, 2008 ved 8:25 am

    Kanskje ikkje eit spørsmål om «soner», men om retning… På Cyprians tid var det mange medvitne skismatikarar; skulle ein berre kunne «ta ut» sakramenta frå sin samanheng? Det var Cyprians anliggande, trur eg. Sakramenta og nådemidla har meining som ein integrert del av kyrkja sin heilskap, meinte han. Kommunion er ein «pakke»; tru, doktrine, embete, sakrament… «Ein lekam, ein Ande… ein Herre, ei tru, ein dåp, ein Gud og far for alle» (Efes 4, 4-5).

    Om «retninga» handlar også Jesu ord: «Den som ikkje er med meg, er imot meg..» (matt 12, 30) / «Den som ikkje er mot oss, er med oss» (Mark 9, 40) See?

  13. 15 Ståle Wilhelmsen
    august 14, 2008 ved 6:49 pm

    Jeg bøyer meg i støvet og erkjenner at ordtaket finnes i forskjellige versjoner.

  14. august 14, 2008 ved 7:06 pm

    Bøying trengs ikkje; fint at det finst variantar!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: