Arkiv for mai 2008



14
Mai
08

officium…

Onsdag 14.mai, den hl Mattias apostel, frå 2. Lesing (matutin)

”In diebus illis surgens Petrus in medio dicipuli”
(”I dei dagane reiste Peter seg midt mellom brørne”)

Sitatet er henta frå Apostelgjerningane 1, 15-26, der det står om valet av ein ny apostel i staden for Judas Iskariot. Det innleier den preika som utgjer den andre lange lesinga i matutinen. Ei preike av Den hl Johannes Krysostomos (’Gullmunn’) – så kalla fordi han var så ein så god predikant; erkebiskop i Konstantinopel, ein av dei store kyrkjefedrene.

Her talar han om Peter: ”primus in choro, primus semper sermonem orditur”; ”fyrst i koret av apostlar, fyrst til å ta ordet”. Peter som ”ordføraren” og leiaren for apostelkollegiet. Katolske kristne ser alt her ”Peters-tenesta”, slik paven, biskopen av Roma, stadig ivaretek henne.

Men festen for Mattias apostel syner også ei anna side ved kyrkja som eit ordna samfunn: Apostlane utgjorde eit kollegium, ein institusjon. Dei var utvalde av Kristus, men nettopp til ei ordning som var føresagd i Skrifta: ”Lat ein annan få tilsynsembetet hans” (v 20, jfr Sal 109, 8). Det greske ordet som er nytta her er: episkopé, slik det endå kling i tittelen ’biskop’. Apostlane er dei fyrste biskopane; dei har eit embete, både kvar for seg, som vitne om Kristus, og som kollegium. Som det gamle Israel var bygd på dei tolv patriarkane, er kyrkja bygd på dei tolv apostlane; på ”grunnvollen åt apostlane og profetane” (Efes 2,20).

Før valet, bed forsamlinga at Gud, gjennom valet åt kyrkja , må syne dei kven han har valt! Valet skjer ved loddkasting! Kanskje ein idé ved langdryge bispeval? Det er den felles bøna som er det ”demokratiske” momentet: Alle bed. Gud svarar.

Vi ser at den tidlege kyrkja var både ”karismatisk” og ”institusjonell”. Ho har både ”ånd, sjel og kropp”. Som oss. Som Kristus; for ho er hans levande lekam i verda.

13
Mai
08

carpe diem…

«FRIARS» I FYLGJET

Eg studerer altså Coleridge for tida. Engelsk diktar, filosof/religionsfilosof, teolog (f. 1772)– ei av dei store i den engelske Romantikken, saman med Wordsworth o.a. Når du les, kjem du, som Oskeladden, over mange ting du ikkje eigentleg ser etter, i bøkene sin ”vegkant”, så å seie.

Som i denne passasjen frå ”The Statesman’s Manual” der Coleridge er innom folkelege religiøse ytringar: valfarter, bønekransar og anna som verka litt rart på den trass alt veloppdregne anglikanaren han var.

I det underlege opptoget fins det luringar så vel som asketar; ”sensuality one one side and self-torture on the other, followed by the motley group of friars, pardoners, faquirs, gamsters, flaggelants, mountebanks and harlots”

Så der møtte eg meg sjølv i prosesjonen: ”Friars”, brørne – det vanlege engelske namnet på tiggarmunkane, som fransikanarar og dominikanarar. Eller som det meir presist heiter: Fraters Minores, småbrørne (fransiskanarane) og Fratres Prædicatorum, preikebrørne (dominikanarane)! I mellomalderen vart fransiskanarane ofte kalla ’gråbrørne’ i si brungråe kutte, og dominikanarane ’svartbrørne» (eng: blackfriars) med ei svart kappe utanpå den ull-kvite. Luther var også tiggarmunk, forresten; Augustinar-eremitt.

Coleridge kjende nok den folklege forteljinga om valfartane til Canterbury («The Canterbury Tales») – og der er ikkje akkurat ”the friars” framstilte i det beste ljoset… Sikkert overdrive, men ikkje usant. Det rare er at trass kritikken av forfallet i desse ordnane – vi skal hugse på at dei rekrutterte vidt og breidt og raskt, og blei svært talrike – høyrde dei med i mellomalderens menasjeri, i Guds store ”Noahs-ark”. Guds kåpe var vid den gongen..

Det kan vel også vere at skikkelege og seriøse ”friars” tidleg blei sett på som litt raggete outcasts. Og det var jo, sant å seie, litt av vitsen! Den hl Thomas Aquinas, av napolitansk adelsfamilie,vart kidnappa av dei kjøtlege brørne sine der han gjekk (!) på veg til Paris, etter å ha joina desse fattige galningane. Hadde han endå sikta på å bli ein mektig abbed på Monte Cassino, så kunne ein vel ha tolt hans svik mot familiens ære ved å gå inn i ordenslivet. Men å bli ’mendiant’, tiggarbror, desse nye lusefantane! Det var skandale.

Kanskje skulle livet til klosterfolk i det heile, og til ”the friars” særleg, vere litt meir radikalt, litt mindre velfrisert og soft edged..? Kanskje høyrer vi heime i prosejonen av dei merkelege: gamblarar (gamsters), prostituerte (harlots), sjarlatanar (mountebanks).. Og til og med: fakirar (faquirs)! Eller: Jesus, tollarar, syndarar….

See what I mean, Coleridge?(han var forresten hekta på opium).

12
Mai
08

officium…

Måndag 12.mai, St Pankras, martyr; Responsorium etter 1. lesing (matutin)

”Iste sanctus pro lege Dei sui certavit, usque ad mortem, et a verbis impiorum non timuit”

(”Denne heilage mannen kjempa for sin Guds lov, like til døden, og for orda åt dei gudlause ottast han ikkje”)

”Usque ad mortem…”, like til døden – det er ord med tungt kristent innhald. Kristus var ”lydig til døden, ja, døden på krossen ”(Fil 2). Eg hugsar orda frå då eg avla mine endelege lovnader, knelande, med mine samanlagde hender i hendene åt Provinsialprioren, fr Bruno; som ein vepnar eller vasall svèr truskap til sin Riddar – og riddaren er djupast sett Gud i Kristus; ”like til døden”. Og kristne ektefolk lovar truskap og kjærleik til kvandre og til Gud, på same vis; ”like til døden”. Eigentleg er det berre ei fullbyrding av dåpslovnaden, på ulike måtar. Vi er døypte til eit heilt liv med Kristus; forsakinga av djevlen og vedkjenninga til Den treeinige Gud lyder ved kvar dåp. ”Like til døden”. Det står eigentleg med usynleg skrift over kvar døypefont.

Meiner vi det? Meiner eg det? Om eg har kraft til å halde ut, er noko eg berre kan vone på og be om. Men eg har insett at det aller verste og usle eg kan tenkje meg, er å bli ein fåfallen, ein apostat, ein som ”var” kristen, som ”var” katolikk. Men som har brote – eller berre bøygd gradvis av, slik det oftast skjer. Ein som ope avsvèr seg det han trudde før. Det syns eg er det tristaste av alt Trist. Ein som på den siste dagen skal sjå den Herren han fyrst fylgde og så forlet. Det er den yttarste Utfordringa, å utfordre sin eigen Skapar, opp i andletet.

”St Pancras” – det er meir enn ein jarnvegstasjon i London. Det er eit menneske, ein martyr, eit vitne. Her i Roma. Under Diokletians forfylgjingar. Sikkert eit enkelt menneske, ein ung kristen frå oldkyrkja, eit romersk menneske. Men no eit evig oppreist menneske fordi han visste: ”Usque ad mortem!”

Det får elles gå som det må, men med Guds nåde aktar eg å henge med til siste runde. Det er visse ting ein berre innser. Heilage Pankras: Be for meg.

11
Mai
08

officium…

PINSE, «femti dagar» etter Påske…

Pinsedag, Akklamsjon ved forbønene (1.vesper)

”Emitte Spiritum tuum et renova mundum”
(”Send ut din Ande og forny verda!”)

Det er det Pinsa handlar om. Denne bøne-akklamasjonen hentar orda sine frå Salmen som seier: ”Send ut din Ande, Herre; og vi vert skapte, og du fornyar andletet åt jorda”.

Vi er så vane med å splitte røyndomen at ”det åndelege” berre har med det indre å gjere. Og det som berre er ”indre” blir så lett borte i ei støvsky. Også i karismatiske krinsar, der Andens gåve blir vektlagd, er det ofte berre dei ’personlege’ opplevingane som er i fokus. Men Guds Ande angår heile livet. Fordi Gud er éin, fordi himmel og jord er eitt, fordi skaparverket er éitt, fordi Guds vilje med verda er at ho skal verte éi verd av alle ’nasjonar og tungemål’, fordi livet vårt er eitt, med kropp og sjel.

Guds Ande var med då verda vart skapt. Guds Ande verkar heile tida i skaparverket; utan Anden ville alt døy og forvitre. Utrenninga av Anden på Pinsedagen er Andens gåve i fullt mål og gjeven på ein slik måte at vi vert fornya i djupet av vårt vesen; Gud legg si lov i hugen vår, som profeten Jeremias seier (Jer 31, 31ff), det er ’den nye pakta’; og vi får nye, levande hjarto, seier profeten Esekiel, han som også ser i eit syn korleis Anden kjem over dei turre og døde beina av Isarel så dei vert levande (Esek 36 og 37).

Denne Andens gåve verkar alt no – med Kyrkja som sjølve ’strålingssenteret’ – men skal utfaldast heilt og fullt på Den store Pinsedagen når Messias kjem att.

Skjønar vi då at både vårt personlege liv, Kyrkja sitt liv, det politiske livet, det intellektuelle livet, kunsten og arbeidslivet – heile ”økologien”, heile det store ”hushaldet” som verda er, har eit åndeleg perspektiv? I Pinsa bør vi be, ja rope til Gud som den tyrste ropar etter vatn, om Andens gåve: Veni, Spiritus Creator!- som det heiter i den Pinse-sekvensen som vi song her ved høgmessa i dag tidleg; ”Kom Heilag Ande, Skaparmakt!”

Fylden av denne gåva, som er Gud sjølv, kan vi berre ta imot som bots-Anden. Profeten Sakarja seier i ein profeti om Pinsedagen, både den historiske i Jerusalem og den eskatologiske, ved enden av tida:”Over Davids hus og Jerusalemsbuane renner eg ut ei nåde-og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge, og syrgja over han liksom ein syrgjer over einaste sonen…” (Sak 12, 9f; les også Joel 3).

Med den sorga, kjærleikens djupe smerte, tek all glede til. Gleda i den fornya venskapen mellom den avviste Gud og det bortkomne mennesket.

Den gleda som heile skaparverket lengtar etter.

10
Mai
08

carpe diem…

KVELD…

Det er sein Pinseaftan her på klosteret. Sit for det meste i mi celle, skrivande. Difor eg er her i Roma; må kome i mål, så helg og yrke glir litt i hop. Kjem med ei pinsehelsing i morgon, vonar eg. Berrre eit lite kveldsvink no…

For stundom er eg innom bloggstatistikken som Word Press tilbyr – og då kan ein også klikke seg inn på andre bloggar, og det ser ut som om dei slenger inn bloggar frå der du er i verda. Så altså: ein blogg, skriven her, men tydelegvis av ein amerikanar eller brite. Som har ein blogg om musikk og svært ungdommeleg kultur. Der kjem eg over namnet på eit rocka blues-band med namnet:»The Invisible Band» (bloggen heiter forresten: «The reborn pagans», så ein skjønar at dette ikkje er ein Vatikan-blogg, hehe). Som nokon vil vite, jobbar eg med Newman og eit sentralt tema i hans teologi: «The world Unseen» eller: «The Invisible World». Den åndelege dimensjonen; englane…

«The invisible Band» syner kanskje at «det åndelege» er hot på mange frontar i dag. Eg ser det som eit hint om at ein søkjer noko «utanfor», om enn aldri så vagt. Det kan også, dessverre, vendast i retning av dei vonde åndsmaktene – som også er ein del av «the invisible world». Flørtinga med desse er fårleg, samstundes som det også uttrykkjer ein trend mot det overnaturlege. Eg plar seie at folk i Noreg er veldig mot djevelens eksistens – for finst han, då finst kanskje også Gud, og det er langt verre! 🙂

Vel, eg var berre raskt innom dei «gjenfødte» heidningane og vende tilbake til trygge linkar som «Indremisjonsbloggen», «Katolikken» og «Breheim-bloggen». Nynorske bloggar, seff!

Så eg får seie som det stod i den italiensk/engelske bloggen ( den med «Guitars, Synths And Assorted Madness From The Coolsounds & Magick Studios):

“Such is life andf it gets suchier every day”!

09
Mai
08

discursus…

TRAJANS SØYLE
– ein romersk meditasjon

Frå: William Wordsworth: ’ The Pillar of Trajan»

”Memorial Pillar! ’mid the wrecks of Time
Preserve thy charge with confidence sublime –

The exultations, pomps, and cares of Rome,
Whence half the breathing world received its doom.

O weakness of the Great! O folly of the Wise!
Where now the haughty Empire that was spread

With such fond hope? Her very speach is dead;
Yet glorious Art the power of Time defies,

And Trajan still, through various enterprise,
Mounts, in this fine illusion, toward the skies;

Still are we present with the imperial Chief,
Nor cease to gaze upon the bold Relief

Till Rom, to silent marble unconfined,
Becomes with all her years a vision of the Mind!

Nokre liner frå Wordsworths dikt herfrå strøket, konsipert på ei Italia-reise i 1825. Han var altså her, ein av dei diktarane eg jobbar med i mine studiar av den Romantiske epoken i England – som bakgrunn for John Henry Newmans teologi.

Rett her nede på flaten under klosteret, på Forum Romanum, står keisar Trajans søyle, med innhogne ”teikneseriar” av kampar og sigrar, ei heil historie i spiral oppetter den enorme søyla..

Men for Wordsworth, som for mange, er sigers-søyler like mykje minnesmerke om kulturars og sivilisasjonars fall som for deira framgang. Mitt inntrykk er også, som eg har skrive i eit dikt her, at antikken ikkje utan vidare er Romas levande røyst. Turistar trakkar rundt – og ser og ser. Eg trur dei må gå inn i kyrkjene, gjerne dei små og anonyme, for å høyre. Der trunar Kristus på si sigersøyle, krossen, og seier: -O weakness of the Great! O folly of the Wise!

Likevel – med eit samlande syn på historia som ein del av ei meniningsfull utvikling, med spor av Gud – kan dei romerske monumenta, massane av bygningar, ruinar, brotstykke og fragment, saman med kyrkjene, katakombane og klostra; det mystiske, kristne Roma; byen over apostelgravene, bli eit bilete, eit symbol, på det indre livet i mennesket. For romantikarane var dette sjølve ”greia”: Den ytre røyndomen er eit symbol – ikkje som vi ofte forstår det, som ein billeg illustrasjon – men eit fortetta, levande bilete som held røyndomen saman for oss, og i oss.

Difor ser vi byen, som alltid vil vere ein æveleg stad, eit verdsentrum (’whence half the breathing world received its doom’) – eit symbol på menneskesinnet; ein intellektuell, åndeleg og moralsk By, med si historie, sine triumfar og nederlag, si lange røynsle, stadig på veg mot orden, fred og venskap.

”Till Rome, to silent Marble unconfined/ becomes with all her years/ a vision of the Mind”…

”Til Rom, ei meir av stille marmor mura inn/ skal bli, med alle sine år / biletet av vårt sinn” .

Det er i alle fall ein måte å sjå det på.

07
Mai
08

officium…

Onsdag, vike 3, antifon for Påsketida (laudes)

”Regem in decóre suo videbunt oculi nostri, alleluja”

(”Ein gong skal augo våre sjå kongen i hans prakt, alleluja”)

Kongen er Kristus; hans ’dekór’, hans prakt og hans regalia vart iført han i borga åt lansdhovdingen Pilatus: Raud kappe, klungerkrans og røyrstav. Det var hans hermelin, hans krone og hans septer. Ein narrekonge. ”Hoffet” hans var hirdmenn frå hovdingborga. Kongesongen var: ”Krossfest, krossfest!”

Dei hengde han på kross-trona; blodet kom i staden for kappa, hendene vart nagla; han måtte sleppe alt, også røyrstaven. Berre klungerkrona beit seg fast.

Regem in decóre suo videbunt... Den latterlege og latterlegegjorde Guden. No- som då: Avvist av høg og låg.

Ein dag skal alle skjøne meininga i Guds ironi; narrekongen ’narrar’ alle: Han skal stå synleg fram i sin guddomlege ’dekór’; han er Kongen som er garanten for rett og rettferd, for all venleik og harmoni. Den gode kongens rike er alltid like vakkert som hans klednad. Vi skal sjå han – ”and all dreams will come true”! Vi skal sjå han – og alt vondt vi har sett, skal bli som om vi aldri såg det.

”Det blir ein gong…” slik startar Guds eventyr. Og mest eventyrleg: Min eigen ’dekór’ vert fornya når eg ser han. Alt eg skammar meg over, vik bort –

”og støvets drakt som her meg bandt/ blir klar som diamant”!

05
Mai
08

poetica…

det går mykje i engelsk i skrivinga mi her, så dikt kjem også på engelsk; sometimes…

TRUST

Now is the hour of trust
There are reasons
How could it be
otherwise?
Signs
friends
encouragement
experience
But not enough
Only
Trust
is enough

Like a nail
you have to hold it
with one hand
The left
Not so good not
so strong but
only keep the
position
the spot
Don’t waver
hold on
be accurate
accurate!
And then:
Use the hammer
again, again, again
beats of confidence
The determined sound
of trust.

(Roma, 5/5-08 )

04
Mai
08

carpe, carpe diem…

RETUR ROMA II

No sit eg faktisk inne i flyet, som enno ikkje har teke av frå Køpenhamn/Kastrup; mellomlanda her; Roma kl 1800, God willing. Sol her også… No startar siste etappe på dette studieopphaldet, fram til 26.juni. Då skal eg heim til Noreg via dei franske dominikanarprovinsen sine Provins-dagar i Lyon.

Har med litt ekstra bøker i sekken no, for skrivinga; Wordsworth’s Collected Poems, og Coleridge, ymse av han.. Skal lese i det på flyturen nedover. Fly er raskt, men meir stressande enn toget…

Det blir fint med Pinse i Roma. Kyrkja treng å opne seg for Andens gåve, heile tida. Liv som ikkje fornyar seg, går i døds-modus. Både kropp og sjel.


rakk akkurat ikkje å sende ovanståande før den pålogga nett-tida gjekk ut, 10 sek forseint – og sidan (kl 1545) har eg vore i lufta, landa i Roma/Leonardo da Vinci, teke toget inn til Termini og buss 64 ned Via Nazionale til Largo Angelicum. No sit eg trygt her ved glaskarmen min, ope vindauga mot kjende siluettar «»hinsides» Forum Romanum. Meir seinare..

04
Mai
08

carpe diem…

RETUR ROMA, IGJEN

Gardermoen. Eg rakk å feire den fyrste messa i klosteret (St Dominikus, Oslo) før eg måtte fly avgarde til flyet. Vemodig å reise frå Noreg ein vårdag som denne. Godveret kom medan eg var på Golsfjellet. Alt fredag ettermiddag letta det opp så eg fekk gått meg ein lang tur bortover moane. Og i går synet fjella seg oppover langs Tisleifjorden, inn mot Jotunheimen på andre sida av Valdres-dalføret. Reisa nedover til Oslo i går var vakker. Ustyrlege elvar som esa opp i den heftige snøsmelitinga, spydde seg nedover fjellsidene, brune av jord og leire som var virvla inn i den strie straumen. Den store elva i dalbotnen, Begna, tek alt med seg, vid og mektig; fyller Sperillen til randa og renn sidan, brei som Nilen, nedover forbi Eiker og Hokksund – etter å ha kvilt seg ei stund i Tyrifjorden og når sitt mål som – av alle stader – er Drammen!

Eg opplever av og til at elvar og bylgjer talar til meg, utan at eg heilt skjønar det med det same. Denne gonge sa det: -Noko er i ferd med smelte, å fløyme over, å endre landskapet, å bane veg for noko nytt. Vi er i ei kulturell overgangstid. Spennande.

No må eg stikke til Gate 40, Køpenhamn neste, så Roma. Vi bloggast!

02
Mai
08

discursus…

eg legg ut ’konsept-manuset’ for foredraget i dag for dei 250 delegatane her, over emnet eg hadde fått oppgjeve. Hovudpunkta/eit konsentrat…

’BLÅ KORS’ – ÅRSKONFERANSE, FRED 2/5-08; FOREDRAG: ”KVA ER DET ’FELLESKRISTNE?’ ”

Vi er i dag vitne til ei endring av haldningar og konstellasjonar i det som handlar om ’det felleskristne’. Uventa konstellasjonar: Katolske kyrkje og Misjonssambandet/lågkyrkjeleg kristendom står saman. Jamvel Pinsevenene og karsimatiske rørsler er inne i dette (døme). Ikkje berre når det gjeld det ’etiske!; også når det gjeld dogma/lære. Rett nok har dei tradisjonelt ’katolsk-kritiske’ endå vondt for å innrømme endringa, men det er kulturavhengig, og vil endre seg vidare.

I eit protestantisk dominert miljø som det norske, har ’det felleskristne’ lett blir konsentrert –eller redusert – til nokre enkle parolar: -Bibelen! Jesus! Nåden! Les meir «discursus…»

01
Mai
08

carpe diem…

GOLSFJELLET HER!

Vel framme på Sanderstølen på Golsfjellet; skal tale til Generalforsamlinga i Blå Kors om ”Kva er det ’felleskristne’?”

Eit ynskje om å høyre meir om Den store Tradisjonen, om det som ligg før reformasjonen, om røtene tilbake til kyrkjefedrene og oldkyrkja. Då vil ein oppdage dei sentrale dogma (trinitetslæra og kristologien), avgrensinga av NTs kanon (kva som skulle gjelde som ekte, apostoliske skrifter), liturgien, sakramenta, kyrkja som ein synleg og ordna fellesskap (med både karismar/nådegåver og embetsordning) og som diakonal/sosial fellesskap. Så her får eg trø til… Går det bra, skal eg blogge det!

Reisa frå Roma gjekk fint; måtte finne meg i å ta fly denne gongen, så vi sveva over snøkledde alpar, oppover kontinentet og inn i regnskodda over Austlands- området. Rett på bussen til Valdres, vart henta på Leira og innlosjert her. Pax et bonum!




kategoriar