21
Mai
08

officium…

Tysdag, vike VII i Året, frå 1. Lesing (matutin)

”Omnia tempus habent…”

(”Alt har si tid”)

”Alt har si tid”, sier den ettertenksame og flegmatiske Qohelet, Forkynnaren (Fork 3,1)

Vi må leve i ’noet’ høyrer eg ofte sagt. Oftast er det berre uttrykk for den livsfilosofien og livskjensla som verkeleg er vårt tids; Epikurismen: det dennesidige, den kloke livsnytinga, å akte som illusjonar alt som er utover det. Er ikkje Forkynnaren berre ein semittisk Epikur:”Det beste eit menneske kan gjera er å eta og drikka og unna seg gode dagar midt i alt sitt strev” (Fork 2,24)?

Eg hadde nær sagt; tvert om. Han er heller pessimist. På vegne av mennesket sine dumme ambisjonar, som er ”fåfengd og jag etter vind”. Erkjenninga som han utforskar, er ei heilt anna: ”Eg fekk sjå at det òg kjem frå Guds hand» (v. 24b).

Alt kviler i Gud – det er Forkynnaren sin bodskap, det er den sanne visdomen. Hans coole visdomslære må vere der for å balansere det som også er sant: Gud har gjeve oss fridom, ansvar, skaparevne; vi er medskaparar. Men mennesket gjer vel i å kjenne sine grenser likesåvel som sitt potensiale.

”Alt har si tid” – det innbyd deg til ta i mot det som hender. Du skal kjempe, du skal ikkje godta alt, men du skal godta at akkurat no er det denne fasen, denne utfordringa, denne sorga, denne gleda du skal takle. Tida er skapt av Gud, ho er ikkje eit tomrom. Vi kan samarbeide med tida. Det gjer du når du tek deg tid– eigentleg: tek i mot tid – til å gjennomleve det som hender deg. Det er noko anna enn å tvihalde på det lukkelege ”noet” ved å sjå alt som kan forstyrre deg, som illusjonar som skal ignorerast. Kanskje er det verkeleg, men ”kvar dag har nok med si eiga sut”, seier Herren – han som er den eigentlege Qohelet, Forkynnaren. Ta deg tid til å leve ferdig den ’tida’ som no er komen til deg; gjer det som skal gjerast så godt du kan, lat smil kome, lat tårer få renne; slepp det til! Du har tid.

Etterpå kjem noko anna, ei anna tid, ei anna glede, ei anna prøving.

Gud tek seg den tida han treng med oss. Til ei kvar tid.


3 Responses to “officium…”


  1. 1 Alexander
    mai 22, 2008 ved 3:45 pm

    Et annet godt sitat fra forkynneren er «…tid og anleding møter dem alle…» Det kan passe til de skråsikre positivstene…

    Jeg har forøvrig kommentert utfyllende i posten nedenfor. I forsøket på å sette boktitler i parentes kom det med noen utilsiktende smileys, så ignorer dem, bortsett fra den siste…

  2. mai 22, 2008 ved 4:28 pm

    Haha; eg har også hatt same smiley-problemet! Som går ut på at tastekobinasjonen parentes og kolon blir ein smiley, dersom avstanden blir for liten. Eller noko slikt. Eg har lese den utfyllande kommentaren – og syns at smila var på sin plass og absolutt ikkje til å sjå bort frå! Skal prøve å kommentere, kort, seinare i kveld, til den utfyllande kommentaren frå deg – som eg like svært godt; så her skal det vere 🙂 !

  3. 3 Kristin
    mai 23, 2008 ved 2:03 pm

    Takk for denne teksten. Har ikke så mye å si , annet enn at jeg leser denne teksten om igjen og om igjen og finner mening i mye av det som ikke har vært så lett i livet. Finner mening og mot. Og ja, tårene har falt.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: