20
Mai
08

carpe diem/discursus…

PÅ SPORET AV ROMANTIKARANE

Endeleg kom eg meg til plassar i Roma der det er meir å finne av den litteraturen eg treng å sjå på før eg er ferdig her.

Såleis hamna eg i dag på det eksotiske ”Keats and Shelley House” på hjørnet av plassen ved Spansketrappa. Og etterpå i det viktoriansk trygge Newman-senteret i Via Aurelia, oppover forbi Vatikanet.

Regnet plaskar ned i kveld – som det gjorde tidlegare i dag då eg sprang avgarde på sleipe brusteinar bort dei smale gatene forbi Jesuittane sitt universitet, Gregoriana, forbi Trevi-fontena og til huset der altså Keats, Shelley, Byron og andre heldt til når dei var i Roma. Der finst det eit lite eksotisk bibliotek med gamle utgåver av engelske romantiske diktarar, men også anna litteratur om diktarane og diktinga deire. Heilt opp på loftet vart eg teken med, av den trivelege engelske styrarinna. Der hadde ho kontoret sitt med PC og ein liten hund, ein fox terrier, slike som tradisjonelt vert/vart brukte i den aristokratiske revejakta, med lordar, horn og hestar. Styrarinna viste seg å vere frå Nordaust-England og var svært på bylgjelengde då ho høyrde at eg var norsk vestlending. Yorkshire, Lindisfarne, det skotske høglandet, Hebridane og Iona – stader eg har vore fleire gonger – viste seg å vere ein felles ”romanse”. Vel, bøkene vart funne, eg las ei stund og gjorde avtale om neste vitjing. Her får ein ikkje låne bøkene med seg, nemleg; dei må lesast on location.

Av dei engelske romantikarane er det særleg Coleridge som opptek meg. Både han og Wordsworth og fleire knytte gjenoppdaginga av kjenslene, imaginasjonen, intuisjonen, språket og poesien til eit åndeleg syn på røyndomen. Coleridge var, trass (eller på grunn av?) sin storslagne, intense personlegdom heile tida sterkt oppteken av kristen tru. Medan Byron og ikkje mist Shelly var ateistar, den siste svært rabiat og krass. Men begge likte Coleridge… Shelley drukna på ein båttur i Middelhavet, endå berre ein ung mann – og vart brend på bål på den kvite sandstranda. Det mystiske og okkulte som kunne fascinere romantikarane, får her ein skugge av det demoniske og tragiske over seg, syns eg..

Kva var det som gjorde at nokre vart vantru og andre truande av dei intellektuelle frå denne epoken? Sjølsagt fordi dei var ulike; å plassere folk i ’epokar’ (les: båsar), som ”Romantikken”, er ettertida si sortering. Det var i alle fall ein periode der den menneskelege personen i sitt djup, med heile seg, med kjensler, kjøt og blod, med dunkle djup og høge lengsler blir funnen fram att etter Opplysingstida sin kjølege objektivisme. Som endå får oss til å tru at det er ”fornufta” som avgjer våre viktigaste val og overtydingar. ”Go back as far as you may, you cannot come to a man without a previous aim or principle”, skriv Coleridge ein plass. Du ber alltid med deg noko som orienterer personlegdomen din; ei grunnretning, ei grunnkjensle, noko personleg, som påverkar også tru eller ikkje tru.

Det meiner eg Romantikken syner oss. Mennesket reagerer, tenkjer, vil, med heile seg. Når nokon ikkje trur, er det ikkje fordi han eller ho ikkje ”kan” på grunn av fornuften. Det er eit spørsmål om kva som er dine djupaste sympatiar. Gjevne i di livshistorie, i den kanskje umedvitne visjonen eller draumen om korleis du vil leve livet ditt.

Både Coleridge og Shelley var kompliserte, ofte ulukkelege. To uregelemessige verb. Som valde ulike gramatikkar for seg sjølve.

Kvifor er nokre Coleridge og andre Shelley? Og kven er du?


20 Responses to “carpe diem/discursus…”


  1. mai 21, 2008 ved 12:33 pm

    Utvilsomt Chesterton.

    Tror jeg kan gjøre dårligere ting enn å anbefale en kikk på http://www.amazon.com/Stress-Her-Regard-Tim-Powers/dp/1892391791/ av den katolske fantasyforfatteren Tim Powers.

  2. 2 Lars
    mai 21, 2008 ved 1:57 pm

    Ikkje Shelly i alle fall.

    Det du skriv om personlegdom og tru hev nok mykje føre seg. Det ser ein ikkje minst i nett-diskusjonar mellom ateistar og truande, der båe partar
    freistar nytta rasjonell argumentasjon men kjem sjeldan nærare kvarandre.

  3. mai 21, 2008 ved 8:28 pm

    Blir nok nærmere Coleridge enn Shelly, selv om jeg har hatt tider hvor jeg var enig med Shelly i mye.

    Når det gjelder diskusjoner mellom ateister og teister er vel et av de større problemene det at partene ikke akkurat har så lett for å se hverandres synspunkter. Ateister jeg har snakket med har ikke hatt lett for å forestille seg Gud slik Han blir beskrevet, likeeins har ikke mange teister jeg vet om noen videre forutsetning for å forestille seg et univers uten Gud.

    «En vitenskapsmann som utelukker det overnaturlige er som en voksen mann som fremdeles er redd for monstre under senga». Fri parafrase etter hukommelsen, husker ikke hvem som sa det eller hvor jeg leste det.

  4. mai 21, 2008 ved 8:52 pm

    Takk for alle desse kommentarane!

    Eg meiner ikkje at tru er rein «synsing». Men at vi treng ein «utvida» intellektualitet. Tenkjing dreier seg ikkje berre om abstrakte logiske «omgrep» , ei heller berre om det som kan registrerast empirisk(det som blir registrert av sansane). Intellektualitet omfattar kjennskap til tekstar, til poesi, til menneske sine røynsler, draumar og tankar, om intuisjon, eller: «imaginasjon» som romantikarane kalla det; førstellingsevne, samlande syn og grep på det du les, ser, opplever. Verda og du sjølv som eit levd liv, med heile deg.

    Vi er blitt «smalt» aristoteliske og endå smalare positivistiske. Desse måtane å tenkje på har okkupert/monopolisert/usurpert «det intellektuelle». I trusspørsmål er dei fleste eg samtalar med, vulgærpositivistar, vil eg seie. Dette sit veldig fast.

    Vi treng ein Romantikk til. Postmodernismen var noko av det…

    For å «utvide» seg, må menneske opne opp til det estetiske, det kjenslemessige – og til det moralske, og kanskje måtte oppdage at å tru på Gud inneber endring av livsførsle. Det er det få som vil. Der støyter ein på både individuell og kulturell/kollektiv prestisje.

  5. 5 Alexander
    mai 22, 2008 ved 3:40 pm

    ”Go back as far as you may, you cannot come to a man without a previous aim or principle”.

    Dette fikk meg umiddelbart til å tenke på Skjervheims artilkkel «Deltakar og tilskodar», som var et vektig innlegg i positivismestriden i norsk samfunnsforskning på 50-60-tallet. Han mener det er umulig for en samfunnsforsker å trekke seg helt ut fra objektet en studerer.

    For tiden leser jeg Edward de Bonos (han med «lateral thinking» ) bok «I am right, you are wrong», hvor han går i rette med de som bruker fastlåste kategorier for å ekskludere andre ideer. Som hjerneforsker illustrerer han hvordan persepsjonen styrer logikken, og hvordan persepjoenen styres av allerede innarbeidede mønsteret. Dermed brukes logikken til å forsvare ens eget utgangspunkt. Ikke bare det, men det man faktisk erfarer ut av en situasjon eller egen erfaring, vil avhenge av tidligere mønstre. Dermed blir ikke bare epistemologien situasjonsbetiget, men selv ontologien blir problematisk å fastslå med sikkerhet.

    Dette bringer meg tilbake til Coleridge slik jeg kjenner ham best, nemlig som politisk filosof. Russel Kirk («The conservative mind» ) siterer fra Lay Sermons: «Experience itself is but a cyclops walking backward, under the fascination of the Past, and we are indebted to a lucky coincidence of outward circumstances and contingencies, least of all things to be calculated on in times like the present…» Erfaringen må forankres i Ideer, ellers blir den uten mening.

    Det meste av kvantitav samfunnsforsking bruker matematiske modeller for både å forklare og predikere. Problemet er at forutsetningene i modellene (gausskurven, «rasjonelle» aktører) ofte er gale. Og da hjelper det ikke at modellen er perfekt. I denne sammenheng anbefales Nassim Talebs bøker «fooled by randomness» og «The black swan».

    Til slutt om Aristoteles. Den danske sosiologen Bernt Flyvebjerg («Social science that matter» ) trekker et forsømt aristotelisk begrep frem fra glemselen for å redde samfunnsforskningen fra positivismen, nemlig «phronesis». Der «episteme» beskriver den eksakte vitenskap som passer i lukkede systemer, altså innenfor deler av naturvitenskapene og matematikken, og «techne» beskriver anvedt og praktisk vitenskap, typisk ingenørvirksomhet, beskriver «phronesis» praktisk visdom basert på intuisjon og dømmekraft. Han trekker blant annet veksler på postmodernister.

    For å konkludere, så lander jeg nok hos Coleridge, selv om jeg til tider har hatt noe av Shelley i meg. Men den kvalifikasjon at selv om jeg er tung til sinns i blant, holder jeg meg unna opium 🙂

  6. mai 22, 2008 ved 10:28 pm

    Oj, det blei seint her (innspurt på skrivinga..), men vonar vi kan halde tråden – fordi eg synst det var ein vettug og spennande kommentar du har kome med, Alexander! Forfriskande og overraskande for meg at det er nokon «der ute» som har eit tilhøve til Coleridge! Sjøl gjekk eg på skule (det som ein gong i tida heitte «gymnas» ) då vi fekk inn namn som Coleridge, Wordsworth, Carlyle og mange andre også frå engelsk kultur- og literaturhistorie.

    Seinare har fyren blitt stadig meir interessant – pga Newman-studiane mine, og dermed som eksponent for ein «alternativ» kultur-impact, som eg i dag også finn igjen i den postmoderne kulturkritikken. Og i teologiske nyorienteringar som er påverka derifrå (meir om det, ein gong..).

    Edward de Bonos kjenner eg ikkje til, så eg oppmodar deg, Alexander, til å skrive litt meir her om han… Men eg skjønar at han også kan reknast som ein «alternativ» tenkjar og det er nettopp det vi treng i dag. Positivismekritikken har berre så vidt begynt, spør du meg og har i alle fall vore lite reflektert inn i det teologiske feltet. Fordi teologien lenge har pendla mellom platt modernisme (liberalteologi, sekulariseringsteologi, avmytologisering, kulturprotestanisme… ) og defensiv anti-modernisme.

    Å forstå tenkjing og refleksjon mindre som «techne» og meir som «phronesis» er nettopp det som trengs. Menneskeleg rasjonalitet som meir «praktisk», som «dugleik». Som fordrar samanheng og overlevering, som treng konkret fellesskap og sosialitet. Alle som kan og vil gjere dette gjeldande – der dei studerer, føreles, skriv, diskuterer og bloggar – bør oppmuntrast til å la si røyst høyre.

    Alexander – du må også seie litt meir om korleis du kom bort i Shelley. Tungsinn er, ikkje minst i Romantikken og hos Coleridge, naudsynt for å kunne dikte og tenkje. Og leve. Samtidig som Coleridge var merkeleg munter og forsonande. Ikkje minst på grunn av si tru. Trur eg.

    Trua på det ævelege livet gjev ein lett ironisk, humoristisk distanse til visse fortredelege sider ved livet her i «tåredalen», «haec lacrimarum valle» ..

  7. mai 22, 2008 ved 10:34 pm

    Det er vel ganske umulig å trekke seg helt unna det man studerer — «double slit»-eksperimentet beviste jo en gang for alle at det faktum at noe blir obervert kan forandre resultatet. 🙂

  8. mai 22, 2008 ved 11:09 pm

    Takk for det! Og oj igjen, for her ser eg at parentesane mine har forvandla seg til smiley-ar atter ein gong.. Greitt nok ved sidan av «gymnaset», men «kulturprotestantisme» er så nitrist at der burde det i alle fall ikkje vere nokon fraternisernade blunke-smiley. Skal ordne det i morgon, og det er jo snart, så no: God natt!

  9. 9 Alexander
    mai 24, 2008 ved 2:40 pm

    Jeg kjenner ikke de Bonos arbeid svært godt, boken jeg leser (se link: http://www.amazon.com/Right-You-Are-Wrong-Renaissance/dp/0140126783/ref=pd_bbs_sr_12?ie=UTF8&s=books&qid=1211635624&sr=8-12) er av mange som har stått i hyllen og stirret anklagende på meg. Det jeg visste fra før er at han er opphavsmann til begrepet «lateral thinking», som er en måte å tenke på som skal hjelpe folk å bryte ut av vante tankemønstre. Dette blir ofte eksemplifisert gjennom «gåter» med svar som ikke er innlysende.
    Dette kan oppleves som noe søkt, men boken hans er god.

    Når det gjelder Shelley (det staves slik, i følge Wikipedia «)) kjenner jeg heller ikke ham veldig godt. Russel Kirk (link: http://www.amazon.com/Conservative-Mind-Burke-Eliot/dp/0895261715/ref=pd_bbs_2?ie=UTF8&s=books&qid=1211636620&sr=8-2) kontrasterer den konservative Coleridge med den radikale Shelley og hans «Promethean defiance». Det er vel det jeg til tider har kjent drag av, selv om jeg ender opp hos Coleridge. Når det er sagt er «Ozymandias» en utmerket gravskrift over menneskelig hovmot. Byggverk av menneskehender vil alltid falle i grus (alt har sin tid»)) det være seg om de er av stål og betong eller ord og tanke.

    I så måte (gratulerer med dagen, forresten :-)) er vel dominikanerne (selvsagt ikke eksklusivt!) kalt til å fremskynde prossessen med å rive dem, som Paulus sier, «…vår kamp… er mot tankebygninger…»

    Det er helt klart nødvendig med alternativer til rasjonalisme (som isme!) og anti-modernisme. Rasjonalismen kan ikke forestille seg det som ikke kan måles og veies, eller utledes deduktivt i en lukket system ( kan man slik sett si at Kirken «falt for eget grep» da skolastikken ble en intellektuell øvelse uten liv? Hva ville St. Thomas si til det? Som hans ordensbror regner jeg deg kvalisifert til å svare).

    Jeg tror jeg avslutter med dette, til slutt legger jeg inn linkene jeg ikke allerede har lagt ut til bøkene jeg nevnte i forrige kommentar:

    Bengt Flyvbjerg, «Making social science matter»: http://www.amazon.com/Making-Social-Science-Matter-Inquiry/dp/052177568X/ref=sr_oe_2_1?ie=UTF8&s=books&qid=1211639803&sr=1-2

    Nassim Taleb, «fooled by randomness»: http://www.amazon.com/Fooled-Randomness-Hidden-Chance-Markets/dp/0812975219/ref=pd_bbs_1?ie=UTF8&s=books&qid=1211639940&sr=1-1
    «The black swan»: http://www.amazon.com/Black-Swan-Impact-Highly-Improbable/dp/1400063515/ref=pd_bbs_2?ie=UTF8&s=books&qid=1211639940&sr=1-2

  10. mai 25, 2008 ved 4:41 pm

    Alexander; sorry at kommentaren din kom så seint på her; vanlegvis er det ikkje naudsynt å «godkjenne», men av ein eller annan grunn (alle linkane, kanskje?) blei denne lagt på venting. Så snart eg såg det, godkjende eg og- voilà! Eller voici, alt ettersom…

    Svarar etterkvart…

    Og sjølsagt er det Shelley, med e før y-en; det gjekk litt fort og i halv-svevne igjen. Og faktisk blir eg også av og til litt skjerm-blind.. Takk for korrekturen og vaken lesing! 🙂

  11. mai 25, 2008 ved 7:52 pm

    Til Alexander igjen:

    Linkane dine har eg ikkje fått sjekka endå – så kommentar til dei må du ha til gode…

    Når det gjeld Aquinas og skolastikken, nå eg fyrst innrømme mi tidvise ergring over at eg ikkje fekk studert han som eg kunne ha gjort dersom eg hadde blitt dominkanar tidlegare. Men etter det eg har forstått av ein del nyare teologi, særeleg i anglosaxisk setting, er det grunn til å revidere den gjengse betong-thomismen. Etter nyare oppfatting var det ettertida (Suarez o s v) som utvikla thomismen i så abstrakt og rasjonalsitisk retning. Thomas sjøl var, meiner ein, langt meir ein tradent/overleverar – med mykje Augustin (sjølsagt i vestleg mellomalder!) og berre av den grunn påverka av Plotin/nyplatonismen; og også av Pseudo-Dionysios og dermed ytterlegare eit platonsk innslag (eg kjenner at Coleridge smiler meg i nakken no..).

    Dertil var han ein observant preikebror og tiggarmunk frå tida før dekadensen, ein verkeleg kontemplativ teolog. Skillet mellom det skolastiske og det monastiske kjem seinare. «Skolastikken», både hos Thomas og Bonaventura – kjem altså etter skolastikken. Og skikkeleg ’til hovudet» går alt seinare med etterverknaden av Descartes, Opplysinga og… ja, du veit..

    Eg er altså for ei gjenoppdaging av den «førskolastiske» skolastikken og den «før-thomistiske» Thomas – som eg trur vil vere meir platonsk og like mykje klosterbror som «doktor». Vi skal elles hugse at dominikanarane dreiv teologi før Aquinas. Teologien i mellomalderen – og også for Aquinas! – var primært Skrift-teologi, Bibel-utleggjing. Som det var det for kyrkjefedrene. Thomas ville truleg seie i dag: – Vel og bra at de les min vesle Summa, men les også det som er langt meir omfattande i min produksjon: mine bibelkommentarar!

  12. 12 Alexander
    mai 26, 2008 ved 6:09 am

    Betong-thomisme! Herlig uttykk :)!

  13. 13 Kristin
    mai 26, 2008 ved 9:11 pm

    Jeg leser akkurat en interessant bok av Fergus Kerr om noen av det 20.århundres store teologer og kirkehistorikere som «gjenoppdaget» før-skolastikken og holdt et slags oppgjør med «betong-thomismen» (og fikk svi for det av sine overordnede). Mange av dem, som Marie-Dominique Chenu og Henri de Lubac, var selv dominikanere. Og forfatteren, Fergus Kerr, er også dominikaner og professor i Edinburgh. På det du sier, fr. Arnfinn, stiller du deg tydelig i denne tradisjonen, gjør du ikke? Kerrs bok heter ganske enkelt «Twenthieth-Century Catholic Theologians» (Blackwell 2007). Instruktiv, lærerik og perspektiverende for en ikke-teolog!

  14. mai 26, 2008 ved 9:43 pm

    Det stemmer heilt – sjøl om eg er bere ein liten bror i den store rekka!

  15. mai 26, 2008 ved 9:48 pm

    Og boka du nemner, tilrås kjøpt og lest (av meg sjølv, inkludert)! Takk for tipset! Dessutan: ingen katolikkar er «ikkje-teolog»; viktig og bra at alle truande i dag er teologisk interesserte og funderte, alle på sin plass og sin måte. Så stå på!

  16. mai 26, 2008 ved 9:49 pm

    Og det er litt av vitsen med denne bloggen…

  17. mai 27, 2008 ved 7:39 pm

    Men vi ikke-katolikker er ikke nødvendigvis teologer? Woohoo! 🙂

    Enig med poenget ditt — en person som tror på noe uten å være nyfiken rundt det; det er en halv person. En god vitenskapsmann er en person som aldri slutter å stille spørsmål, og det gjelder like mye for en god troende.

  18. mai 27, 2008 ved 8:19 pm

    Haha, den var nok litt kjapp frå mi side, men eg prøvde jo fyrst og fremst å halde styr i eigne rekkjer, see? Som svensken seier: «-Någon j..vla ordning måste det vara!». 🙂 Sjølsagt er all god teologisk interesse/interesse for god teologi å oppmuntre! For meg er teologi interessant fordi det opnar røyndomen for meg: naturen, mennesket, universet, tekstane, historia, kyrkja, bøna. Gud. God teologi for meg har alltid substans i seg frå Bibelen, kyrkjefedrene, liturgien, mystikken. Og alt dette tête à tête med all menneskeleg filosofering og fundering..

    Kom igjen, alle teologar der ute!

  19. 19 Alexander
    mai 28, 2008 ved 6:24 am

    På besøk hos en venn fikk jeg øye på en bok jeg umiddelbart kastet meg over, «Why Religion matters» av Houston Smith (http://www.amazon.com/Why-Religion-Matters-Spirit-Disbelief/dp/0060671025/ref=pd_bbs_sr_1/103-5708048-4662221?ie=UTF8&s=books&qid=1188837007&sr=1-1)
    Den er et kraftig oppgjør med positivismen, og er godt og entusiastisk skrevet.

    Er det noe et materialistisk verdenssyn ikke inspirerer til, så er det entusiasme. Hos romantikerne svinger følelsene, men jeg mener man absolutt kan si at de var preget av entusiasme, i alle fall deler av tiden.

    Og ordet «entusiasme» kommer fra «en Theos» og betyr «full av Gud»…

  20. 20 Alexander
    mai 28, 2008 ved 6:26 am

    Linken virker visst ikke 😦


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: