17
Mai
08

nota bene…

DEN SYTTANDE

Rart å vere i Roma ein «17.mai». For ein norsk katolikk, som må leve med ein nasjonalsong der det eine verset seier: ”Fra dets høye Sverre talte / Roma midt i mot”.

No gjorde han eigentleg ikkje det, om eg har skjøna soga rett; det var dei lokale biskopane, særleg erkebiskop Eystein Erlendson, som var hans motstandarar. Han ville styrke kongsmakta mot kyrkja si makt, i ei tid då den internasjonale katolske rørsla Libertas Ecclesiæ (Fridom for kyrkja) vaks seg sterk i vest. Kyrkja skal ikkje gå opp i staten og nasjonen; difor må ho ha eit internasjonalt tyngdepunkt: Roma, der apostlane Peter og Paulus levde – og leid martyrdøden. Slik tenkte ein. Den kyrkjelege ”fridomsrørsla” var ei reformrørsle: prestane si livsførsle, klosterlivet, liturgien – alt skulle lyftast opp. Folk som den hl Bernhard av Clairvaux med sine cisterciensarar, den hl Dominikus med sine preikebrør må sjåast i ljos av dette.

Kong Sverre ville vere- og var ein bra katolikk, noko anna ville vore underleg på den tida. Men meir ”statskyrkjeleg”. Eg skal ikkje blande meg i historikarane si tolking av korkje kongen eller hans epoke. Utan tvil er det trong for ei nyansering av den tradde norske forståinga av mellomalder-historia, inklusive kong Sverre og hans policy. Det har vore ein del av den norske ”myten”.

Og eit samfunn treng ein ”myte”; eit heilskapleg bilete av seg sjølv, med ord som går utover dei abstrakte omgrepa, eit symbolspråk som uttrykkjer grunnleggjande verdiar og sjølve meininga med det samfunnet ein tilhøyrer. Det er faktisk noko av dette eg arbeider med i studiane min her; med dei engelske romantikarane (særleg Coleridge og Wordsworth). Fordi dei gjenoppdaga det poetiske språket som det viktigaste; livet, naturen og samfunnet, ikkje som ein maskin, men som eit kunstverk. Med Gud som kunstnaren og oss som medkunstnarar.

Korleis gjekk det så med ”den norske myten”; som sjølve ”17.mai”-dagen både er ein del av og ei feiring av? I den myten finn vi heile ”det nye Noreg” med Wergeland og Grunnlova, modulert og etterkvart radikalisert av Bjørnson (den norske mytens Melkisedek, så å seie), Ibsen, Kielland, Vinje og Garborg – med den danske raddisen Georg Brandes i bakgrunnen. Men i myten fanst også kristendomen, med litt Olsok og mellomalder etterkvart, men med mykje Bibelsoge, salmevers og Pontoppidan på kistebotnen. Arbeidarrørsla har hatt si stordomstid; sunge sine songar og dikta sin del av myten, ho også. Og målrørsla og fråhaldsrørsla…

Men no? Mitt innspel på ”den 17. Mai” er at den norske myten er gått på grunn; han vert omtala og lagt kransar på, men har ikkje lenger noko sterk, formande kraft. Det er myte på sotteseng. Personleg trur eg ikkje at eit slikt djupare eller høgare ’symbolspråk’ elller ’meiningsunivers’ kan oppretthaldast utan eit religiøst grunnlag. Det finst knapt nok lenger og eg trur óg at tida er ute for å ’samle Noreg’ på eit slikt grunnlag i dag. Vi bør heller oppmode kvarandre til å fornye vår eigen symbolikk; formulere i ord og song, i ritar og skikkar, dei verdiane vi vil stå for. Saman med andre som vil det same. Og gje fridom til dei som ser annleis på det sjølv om vi som kristne vil leggje den kristne tradisjonen til grunn for vårt eige liv og vår eigen fellesskap.

Då kan vi kanskje finne ut kva vi eigentleg vil med samfunnet. Borsett frå å bli stadig rikare.

Ja, vi elsker.. Men kva?


9 Responses to “nota bene…”


  1. mai 17, 2008 ved 7:17 pm

    Med et mye større fokus på individet blir det mindre og mindre tid til ting som tradisjonelt sett har vært regnet som fellesskapets kjennetegn: Nasjonale feiringer, religion, slikt.

    Sverres tale mot Roma var mer som et statement, så å si, om kongemaktens maktbalanse kontra Kirken, enn en tale mot Roma slik man normalt ville tolket uttrykket. I en tid der Kirken hadde mye makt i kongeriket ville Sverre ha mer makt samlet rundt kronen. Oss gale hobbyhistorikere liker slike smådetaljer.

    ~Christer

  2. 2 Sigurd Jorsalfar
    mai 17, 2008 ved 9:53 pm

    Gratulerer med dagen! Årets feiring burde ha en ekstra dimensjon for norske katolikker med 200-årsjubileet for Henrik Wergelands fødsel, venn og «korrekturleser» til pastor Montz, den første prest for St. Olav menighet i Oslo. Fint å tenke på at Wergeland hjalp p. Montz med å preke på norsk! Det er mer enn bare en språklig øvelse. Og Wergeland gledet seg over at p. Montz lot kirken innvie til Norges nasjonalhelgen, St. Olav, i motsetning til kirken i Stockholm som var viet til en utenlandsk helgen (St.a. Eugenia). Takk for din preken på norsk, kjære prekebror!

    Hellige Olav, be for Norge!

  3. mai 18, 2008 ved 8:31 am

    Til Christer: – Det med kyrkja si «makt», er nok ein del av den norske myten, trur eg. Kyrkja hadde, som den viktigaste samfunnsinstitusjonen i einskapssamfunnet, sjølsagt «makt». Men kong Sverre-greia var meir eit spørsmål om kyrkja sin fridom – eller rettare: om hennar overnasjonale (katolske) karakter. Nasjonalkyrkjer under kongens (evt Giskes-) velde, er ikkje bra.

    Til Jorsalfar:
    Mea culpa – at eg ikkje hadde med noko med Wergeland i 17.mai-nota bene! Skal kome tilbake til det/han (sjøl om det eg har av Wergeland her i Roma, berre er det eg har inni meg; eller som det heiter så fint på engelsk: det eg kan «by heart»!

  4. 4 Elizabeth Melly
    mai 18, 2008 ved 8:37 pm

    Kjære Pater Arnfinn!!

    Tusen takk for gode og refleksjoner på nasjonaldagen. Du setter fingen «rett på»!
    La oss be for Norge, for en katolsk oppvåkning og takke for den store tilstømming av polakker som gjør vår kirke sterkere og klarere.

    La oss sammen be for alle konvertitter (spsoelt de norske) at de må bevares i si tro og ta aktivt del i Kirkelivet.

    Lykke til med alt i Roma.
    Alt godt.
    Vennlig hilsen Elizabeth

  5. mai 18, 2008 ved 8:40 pm

    Dette seier eg heilt og fullt Amen til!

  6. mai 18, 2008 ved 11:39 pm

    Enhver aktør med den innflytelse Kirken må sies å ha hatt på den tiden må sies å være en betydelig maktfaktor, spør du meg. Men vi er enige i at statskirkeidéen er utdatert og ideelt sett bør, om ikke avskaffes, så i alle fall sterkt bygges ned på «stats»-siden. Staten står i veien for et sterkere grunnlag for kirkelig enighet.

  7. mai 19, 2008 ved 5:45 am

    Erkebiskop Eystein ville at kyrkja skulle vere fri – i samsvar med den mellomalderske, gregorianistiske («libertas ecclesiæ»-)rørsla sitt program; ho skulle ha «makt» over sine eigne, grunnleggjande institusjonar – framfor alt kallsretten til dei kyrkjeleg embeta. Utan materielt og rettsleg grunnlag og sjølstende, ingen fridom.

    Så kyrkja hadde «makt», som sagt. Men også ordet «makt» har makt og i den norske myten tyder «kyrkja hadde makt» at kyrkja berre var ute etter å sko seg for sin eigen del medan kongemakta stod for folkets beste. Denne myten må, mild sagt, nyanserast.

    Den katolske kyrkja er heldigvis ikkje statskyrkje i Noreg – og eg meiner at «Den norske kyrkja» burde avvikle statskyrkjeordninga konsekvent og fullstendig. Både av kyrkjelege og sivile grunnar.

  8. 8 Herman
    mai 19, 2008 ved 4:11 pm

    Det var nok kongene og adelen/hoffet som var kritiske til kirkens makt. I utgangspunktet! Husk at det tok rundt to hundre år å utrydde katolisismen blandt vanlige folk i Norge! Så har vel myten om makten i Roma sildret inn i folket som et slags credo etter hvert som folket fikk et mer vennlig forhold til kongemakten når de selv erobret styringsretten med grunnloven anno 1814.

    Her forleden hørte jeg forresten en artig historie fra en som fortalte at en bonde som «budde langt fra der hvor nokon trudde at nokon kunne bu» hadde blitt intervjuet et sted på femti-tallet. Der hadde han sagt at: han var nå svært skeptisk til denne nye trua, da. – Ja, mener du pinsebevegelsen, spurte intervjueren. -Nei, det var nå denne lutherdomen da, svarte bonden.

    Ha en fin dag, alle!

    Hilsen


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: