Arkiv for april 2008



11
Apr
08

poetica…

ikkje Roma, men Oslo…

APRIL I BYEN

Blåe himlar
kvelver seg over dagen
gråe skuggar
spring opp nedanfrå
smyg seg fram frå krokane
gøymer seg under trekronene

lydar og teikn
dreg forbi
utanfor meg

midt i mellom stend eg
skal løynast
oppslukast
når himlen og skuggane
blir eitt
i det kjølege kveldsmørkret

då falmar himlane
då lyser skuggane

då går eg inn
i alt.

Reklame
11
Apr
08

officium..

Torsdag, vike 3, al 132 (vesper)

”Dette skal vera min kvilestad for alltid” (v 14)

Salmen handlar om Sion, så nøye knytt til David og hans dynasti. Sion, med templet, viser det stabile i tilhøvet mellom Gud og Israel. Templet er paktsteltet i ”fast form”. Ikkje i stadig oppbrot og leirslagning som i ørkenen, ikkje alltid på veg. Men ståande støtt på berget.

Gud vandrar med folket sitt; folket vandrar med sin Gud. Men Gud vil ikkje berre vandre. Han vil bu. Han vil kvile, som etter skapinga. ”Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. Han skal vera deira Gud. Han skal ’turke burt kvar tåre frå augo deira..’ (Joh Op 21, 3-4). Den fullkomne kvila står endå att. Men vi veit at all uro skal verte borte ein gong. Gud og vi. Skal berre vere hjå kvarandre. Ikkje meir å ”lære”, ikkje meir å sjå – anna enn Gud sjølv.

Gud sjølv ser fram til denne ”sabbaten”, han vil kvile, vere hjå. Ikkje lenger kalle, streve, prøve – for å mennesket med seg. Det gjeld no også: Gud ynskjer å vere hjå deg. Han treng ein plass å bu. Han forlet deg ikkje så lett. Han er vant med telt, han slår seg ned under terebinten, han valde seg Sion, han stig ned på altaret, kviler på den kvite duken, på ”corporalet”, let seg bere til tabernaklet. Det lyser ved døra hans, han er heime.

Alt dette for at du skal vere hans telt, hans tempel, hans altar, hans corporale, hans tabernakel. Hans heim. Der han kan kvile ut.

10
Apr
08

officium..

Onsdag, vike 3, sal 126 (vesper)

”Då fyltest vår munn med latter…” (v 2)

Latter står det. Ikkje glede. Glede er eit litt slite ord, særleg i prestemunn. Latter er aktivt, eit frambrot, ei hending… Bibelen brukar meir handlingsord og hendingar enn stille og rolege substantiv.

For glede er noko som kjem frå ein annan stad, som ei gåve. Plutseleg vert munnen fylt av noko! Vi har ikkje kontrollen, vi får ikkje tid til å tenkje fromme, riktige og ”glade” tankar. Plutseleg hende det uventa: Vår lagnad vart vendt! I den stengde veggen opna ei dør seg på vidt gap; ljos og fridom strøymde inn. Akkurat då!

Glede i Bibelen er at Gud trør til. Glede er ei hending – og ei vending, ei anna retning. Det er bekker som yre og opprømte tek til å renne i ei anna lei, i motsett lei! Gud er ein Gud som vender bekker og set alt på hovudet, som kjem ramlande inn i livet vårt – når han fyrst kjem. Vi får ikkje summa oss. Her gjekk vi og sådde med tårer – og no har vi fanget fullt av mogne kornband!

Glede i Bibelen – det er alltid kjølvatnet etter Guds ’store gjerningar’. ”Store ting har han gjort mot oss”, syng Israel (v 3). ”Store ting har han gjort mot meg”, syng Maria (Magnificat, Luk 1,49). ”Store ting har han gjort mot desse”, seier dei som ser oss (v 2).

For korleis skulle det elles gått med oss?

08
Apr
08

officium…

Måndag, vike 3, sal 124 (vesper)

”Hadde ikkje Herren vore med oss – så skal Israel seia” (v 1).

Vågar du å seie det: ”Hadde ikkje Herren vore med oss..”? Vi er er så religiøst prektige og altruistiske; skulle Gud liksom ”vere med oss”, han er jo tilsynelatande så fråverande frå mange andre? Kvifor skulle han verne meg, høyre meg, sjå meg?

Men Gud er ikkje ein generelt godviljug ”landsfader”. Han er intenst personleg. Han er Gud for Nokon, ikkje for ”alle og ingen”. Han er Israels Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, Davids Gud, dei fattige og hjelpelause sin Gud, sine veners ven. Han er levande. Han gjev – og han vil ta i mot. Han vil ha eit ”forhold”.

Sant: han gjer ikkje skil på folk og let sola si gå opp over vonde og gode og regnet falle på rettferdige og urettferdige (Jak 2,1; Matt 6,45); du skal ikkje bruke Gud mot dei andre eller tru at han bryr seg om rikdom og ytre status. Men han kjem springande i møte med den eine bortkomne sonen på heimveg. Han oppsøkjer den eine forvilla sauen, leitar etter den eine vesle mynten han har mist.

Han opnar hjarta sitt for dei som opnar sitt eige for han. Han svarar dei som ropar. Han er din Gud. Han elskar deg som om du var den einaste.

Vågar du å innsjå det? Med godt samvit?

06
Apr
08

officium…

Sundag, vike 3, sal 149 (laudes)

«Lovsyng han der dei trugen er samla» (v 1).

Denne salmen er ein del av slutt-fanfaren i Psaltaret. Bøner, vedkjenningar, visdom, klagerop og takkesongar – heile den lange salmevandringa, ei vandring gjennom livet, er ferd med å munne ut. I den aller siste salmen (sal 150) er det berre gjallande horn, cymblar, pauker, dans og halleluja. I salme 149 er det endå eit overblikk som skal gjerast, sjølve planen med skaparverket, med Israel, med kyrkja, som skal stadfestast, oppsummerast: Å syngje den nye songen for Herren; han som held kongar og mektige i sjakk og kronar dei hjelpelause. Kaos, urett, menneskeleg hovmot – ingen ting skal til sjuande og sist kunne skiple grunnlaget for livet, for universet.

Det er denne trua på den djupe stabiliteten og meininga i tilveret som gjer at vi kan leve med det tvetydige, med det motsetnadsfulle, med det verkelege livet. Midt i verda, midt i kosmos finst Gudsfolket; ”dei trugne”, ”Sions søner”, dei som ”har lovsong til Gud i sin munn”, som prisar hans namn ”med dans”. Midt i verda finst det ein fest! Gud, som held alt oppe, er yttarst ute, lengst borte – og nærare enn alt, inst inne. Her! No!

Når eg skriv dette, har eg nettopp feira ”den kosmiske festen”, Evkaristien, messa, på ’Herrens dag’, Dominica (som sundagen endå heiter i latinske land), i klosterkyrkja her. Verda sitt sentrum er eit altar, omkransa av lovsong og bøner. Ved det får eg stå. Det er mitt ”standpunkt”.

04
Apr
08

officium…

Vike 2, torsdag, Joh Op 3,20 (matutin, responsorium, 1. lesing)

”Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra/ då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg. Halleluja”

Eukaristien/nattverden er ein sosial rite, kyrkja som måltid. Men det er ein fellesskap, ein komm-union, ein koinonia (gresk), ei deltaking ikkje berre mellom oss innbyrdes. Det er ein fellesskap, ei deltaking, ein sosialitet mellom den einskilde og Kristus. Utan tvil er ’individet’, personen, som Kristus tiltalar i Sendebreva åt kyrkjene (Joh Op 2-3) også kolletivt tenkt. Det er den lokale kyrkja som er ”Du”! Men dette inneber nettopp ein personleg dimensjon i forståinga av kva kyrkja og kva det kristne livet er.

Vi må verte ein del av eit ”Du” – også som lemer i Kristi kyrkje. Vi må våge intimiteten. Vi må sleppe Kristus inn på oss. Vi må sleppe han inn. Opne. Det overflatisk ’opne’ pregar oss lett. Vi opnar ikkje dei inste dørene. Skriftemålet og den direkte bøna – med ord og utan ord – er den opnande rørsla. Å repetere intime klisjéar, er ikkje nok. Den verkelege døra inn til livet ditt er lett å finne: Det konkrete, kanskje banale. Gjennom dei verkelege handlingane som du vågar å setje verekelege ord på, opnar døra seg.

Det er i den aktive lyttinga til Guds Ord, i meditasjonen, i skriftemålet og i den intime bøna du kan høyre ”den intime røysta”. Kristus, Logos, Ordet (Joh 1), han som ”lyser for kvart menneske”, som talar til kvart menneske.

Skal vi feire evkaristien rett, må vi ”sleppe han inn”. Heilt inn.

”Herre, eg er ikkje verdig at du går inn under mitt tak! Men sei berre eit ord, så vert sjeli mi lækt!”

03
Apr
08

nota bene…

på trykk i Klassekampen i dag (ikkje som «Signert»-spalte, men som kronikk); dialog med Jon Michelet…

Kronikk:
GUD, MICHELET OG RADDISANE
Av bror Arnfinn Haram

Kven skulle tru at tru skulle bli eit tema i Klassekampen og på venstresida? Som noko anna enn arrogant og sigersikker harselas, skiftande med aggresjon og krigserklæringar?

Men kven skulle trudd at Jarnteppet rivna og at Berlin-muren fall?
For nokre er det eit teikn på den universelle sigeren åt kapitalismen og marknadsliberalismen; for meg er det eit teikn på at det fins sider ved mennesket – både som individ og som kollektivt og historisk vesen – som ikkje let seg utrydje ved vald og makt eller stengje ute med jarnteppe og murar. Spørsmålet om Gud er eit slikt spørsmål. Fordi det er eit spørsmål om mennesket.

Difor er det eit teikn på noko djupt menneskeleg når Jon Michelet skriv bok om dette. Bra at han gjer det på nettet – eit raskt og direkte medium og ein omveg rundt dei etablerte forlaga som endå har for mange skruplar med å publisere ei slik bok. Av Jon Michelet.

I boka tek Michelet opp ein dialog med underteikna, særleg med utgangspunkt i Signert-artikkelen ”Raddissyndromet” (29/12-07). Eg vil takke Jon Michelet for responsen; fordi han nettopp viser ei skvær og open haldning både til sjølve spørsmåla eg tek opp og i måten han diskuterer dei på! Det er noko nytt. Det er det viktigaste. Og Michelet vedstår seg at han stadig ikkje er truande – men seier at tru og ikkje-tru er posisjonar som båe må takast på alvor og ha talerett i det offentlege romet.

Michelet imøtegår meg når eg hevdar at venstresida har hatt kyrkja, trua og religionen, for ikkje å seie Gud sjølv, som ein hovudfiende. Greitt: Eg tek litt hardt i, men det er for å få venstresida till å stå tydeleg fram og slutte å rølpe. Om Gud og dei som stadig trur på han, ikkje er hovudfienden, så dess betre. Notert. Eg trur nok likevel at avsmaken for religionen er temmeleg innarbeidd blant folk som vil kalle seg politisk radikale. Stikkord Dagbladet burde vere eit bra hint i så måte. Jøje meg; kva har ein ikkje måtte finne seg i av nedlatande desinformasjon gjennom åra når det gjeld både Gud og fanden, for å seie det slik.

Raddisane er ikkje åleine heime lenger, så dei kan ikkje lenger spele yndlingsmusikken sin med fullt slagverk utan at nokon reagerer. Neste gong ein raddis drar dei gamle og einsidige historiene om inkvisisjonen eller om kyrkja si brenning av ”millionar” hekser, så skrik eg. Neste gong eg høyrer omkvedet om ”makta i Vatikanet”, så skrik eg igjen. Neste gong nokon hissar seg opp over religionen som hovudårsak til krig og konfliktar og død og forderving, skal eg minne om Sovjet-tida og om Aust-Europa under kommunismen, eller om verdskrigane, om Hiroshima og Nagasaki, om Mao og Pol Pot, om Napoleon, Bismarck og fleire andre – og alt som har vore utført i namnet åt sekulariteten, nasjonalismen, antiklerikalismen eller ateismen. Det meste berre for kort tid sidan, historisk sett.

Jon Michelet: Det er denne offentlege atmosfæren eg er ute etter i ”Raddissyndromet”; det er og den som gjer at du har måtta vere dristig og risikere ditt gode radikale skinn ved å seie at du tenkjer over spørsmålet om Gud, om døden og det som kjem etter, at breva frå kristne menneske ikkje har handla om at dei fordømer deg og andre ikkje-truande. Tvert om. Det er eit slikt kulturelt klima du har medverka til å endre ved din ærlege og usnobbete samtale med deg sjølv og andre. Det gjer stort inntrykk på meg.

På eitt viktig punkt er du samd med meg: At venstresida (og eg la til: Også høgresida) går på ideologisk tomgang. Ikkje berre fordi dei store kommunistiske prosjekta vi kjenner, stort sett er borte; ja, vi tenkjer alt på dei som fjerne minne. Ikkje berre fordi den kapitalistiske økonomiske politikken dessverre har vunne verda for seg. Men fyrst og fremst fordi ein ikkje har noko verkeleg intellektuelt og moralsk alternativ. Den siste store religionserstattinga for idealistiske menneske er borte. No er det berre den praktiske materialismen og marknadliberalismen igjen. Mange på venstresida held fram med å hylle eit naturalistisk og vulgær-darvinistisk menneskesyn. Å erklære seg som hedonist, er i ferd med å verte stovereint.

Ei kvar fornying og vidareutvikling av etikk og filosofi fordrar ein tradisjon; ingen kan starte helt frå skratsj. Kva er venstresida sitt alternativ når sosialismen er vorten så fragmentert og utydeleg som han er? Og når ein også har eit så problematisk og stort sett negativt syn på den kristne og religiøse tradisjonen? Resultatet må verte eit samanraska mixtum compositum av ateistiske filosofar frå antikken, litt Epikur og kynikarar, litt allround Opplysingstid, eit innslag av Nietzsche og av antireligiøs eksistensialisme samt ein knivsodd med marxisme for dei mest nostalgiske. Ein ting er få dette til å henge saman – noko anna er det å få det til å funksjonere som ein etisk og politisk inspirasjon utanfor akademia, komiteane og kafeane.

Venstresida framstår på denne måten meir og meir som ein kulturradikal livsstils-elite, stadig betre tilpassa konsumsamfunnet og den økonomiske liberalismen. Gjenoppdaginga av dei religiøst forankra tradisjonane i tenkjing og etikk vil endå vere ei altfor krevjande bot å pålegge dei venstreradikale – sett frå ein skriftefars synspunkt, så å seie. I mellomtida burde ein få tilbake den radikale venstresida sitt hovudfokus på utanrikspolitiske saker og på engasjementet for fred og internasjonal rettferd. Var ikkje det noko av hovudgrunnen for at SF i si tid vart til?

Vi treng eit nytt offentleg etos der ein ikkje avviser utfordrande religiøse innspel i den store ”samtalen”. Det krev pionérånd og ikkje lite civil courage. Det synest eg Jon Michelet har vist med boka han har lagt ut på nettet. Hans opne og samstundes gåtefulle dialog med seg sjølv og med oss, er kanskje kortfatta uttrykt i W B Yeats’ fortetta strofer, ”The four ages of Man”:

He with body waged a fight,
But body won; it walks upright.

Then he struggled with the heart;
Innocence and peace depart.

Then he struggled with the mind;
His proud heart he left behind.

Now his wars on God begin;
At stroke of midnight God shall win.

02
Apr
08

carpe diem…retur Termini!

OM KJENDE BYAR, OM NAPOLI, OM HAVET – OG OM AT ALLE MINE VEGAR HAR FØRT MEG TILBAKE TIL ROM

Tilbake i Roma. På klosteret, i mi celle og mine studiar. I går morgon rulla natt-toget frå Paric-Bercy inn på Roma Termini, ca ein time forseinka.

Det var fint å vere i Paris eit par dagar. Men ei kjensle melde seg: Som så mange andre kjende storbyar, risikerer Paris å bli sitt eige museum. Alt er vakkert, alt er på plass, eg er i det perfekte ”Paris-museet”. Rundt den perfekte byen, ligg den gamle ringvegen som ein mur mot det som er utanfor; drabantbyane, dei sosiale problema, multikulturen, aggresjonen, opprøret. Inne i ”byen” er også den intellektuell kulturen ”vel bevart”, raffinert, elevert, fransk, parisisk. Men hender det eigentleg noko nyskapande? Vakre byar må ikkje sminke seg til døde, må ikkje berre halde på den gamle fasaden. Dei må sleppe verda inn på seg – ikkje berre som turisme. Roma er også ein ”omvisings”-by. Greitt nok; folk vil sjå. Men dei må ikkje sjå byane i hel. Roma vert redda av det levande mysteriet inst inne, lengst nede: Apostlane, martyrane, trua… Men Paris? Treng eit lite jordskjelv – både arkitektonisk, intellektuelt og moralsk, spør du meg.

Kontrasten til både Roma og Paris opplevde eg i dag. Hadde éin dag att på Interrail-billetten min, og sidan aprilsola skein varmt over Italia, tok eg Intercity-toget på føremiddagen, ned langs kysten. Rufsete, meir søritaliensk, kaotisk, trafikk og klesvask om kvarandre… Sjølv om det var hektisk, senka skuldrene seg. Ikkje så pretensiøst som dei store ”kjendisbyane”. Eg fann hamna med borga ute på ei lita halvøy, den vide Napoligulfen utover mot horisonten, Capri fjernt i disen. Hav. Midt-jord-havet. Kom meg utpå det langsgåande bylgjevernet av digre, kalk-kvite kampesteinar; det lukta sjø, trass min atlantiske skepsis… Vesuv tronande bak den vid-ringa bukta…
Måtte til sjøen, måtte ha vore i ”bella Napoli”.

Toget for tilbake over slettene langs kysten igjen. Sola går ned. Termini.

Reknar med å vere i meir normalt gjenge igjen med Officium o l no framover…




kategoriar