22
Apr
08

officium…

Tysdag, vike 1, 3. Antifon (vesper)

”Misericordia Domini plena est terra. Alleluja”

(”Jorda er full av Herrens miskunn. Alleluja!”)

Eg la merke til det idag i antifonen (omkvedet før- og etter dei bibelske salmane i tidebønene). At jorda ikkje berre er full av Herrens ”herlegdom”, men også av hans ” miskunn”.

Naturen kan verke skremande; mennesket er så lite og veikt, dimensjonane og kreftene er så veldige og trugande. Det er sant: Noko er skada i naturen og i samspelet mellom skapningane; ”heile skapningen sukkar og stønnar” under forgjengelgdomen (Rom 8, 20f). Det har også med mennesket sin disharmoni å gjere. Han har forplanta seg til alt som er.

Og i det nære spelar det også inn. Når vi er opne mot skapningen, tek skapningen i mot oss. Ljoset fyller augo våre, badar kroppen vår; mørkret løyner oss, når vi gret, når vi søv, når vi vil vere fortrulege i kjærleik og ømleik; ja, møkret gjev meg ei kappe å slå rundt meg også når eg skal be i det løynde til min Gud. Steinen vert ei hovudpute, eit hardt kinn å legge seg inn til; vatnet svalar og omfamnar oss og stettar torsten i oss, den sterkaste fysiske trongen av alle, eit bilete på ur-lengten i kroppen og sjela. Jorda er myrk og djup, som eit morsliv; havet opnar alle dørene i livet ditt på vidt gap, vinden yter deg glad motstand eller fyller segla dine, driv livet ditt vidare…

Slik kunne vi halde fram. Menneske snur ryggen til oss stundom. Skaparverket, jorda, ser stort på det. På deg. Gud har fyllt henne med miskunn. Ho har nok å gje.

Reklame

6 Svar to “officium…”


  1. 1 Rob
    april 23, 2008 ved 7:22 am

    Hei pater

    Kristendomen forklarer disharmonien i skaperverket med menneskets syndefall. Menneskets fall fikk på en måte innvirkning på hele skapningen.
    Men hva med tiden før menneskets fall? Før mennesket overhodet hadde oppstått som art? Var alt da bare harmoni? Nei, det ser ikke slik ut (ut i fra seriøs forskning).. Hva med blodtørstige dinosaurer og andre morderiske øgler? Meteoritt nedslag? oversvømmelser og død…

  2. april 23, 2008 ved 8:07 am

    Hi, man!
    Takk for artig spørsmål! Svar kjem seinare; må fyrst gjere/skrive ein del andre ting i dag… På gjenblogg !

  3. april 23, 2008 ved 6:20 pm

    Hei igjen…

    For det fyrste må vi passe oss for ei anakronistisk ‘samkøyring’ av Paulus’ perspektiv på skaparverket og ei et moderne evolusjonistisk syn. Paulus – og Bibelen og kyrkja sin teologiske tradisjon – er ei teologisk tolking av det skapte, uansett korleis sjølve skapingsprosessen elles har arta seg. Men er det noko i denne tolkinga som har plass for det som var ‘før’ mennesket?

    Ja. For det fyrste skal vi ikkje tenkje at skaparverket var ‘fix ferdig’ frå børjan, ikkje heller i ‘paradis-tilstanden’. Gud har ein ‘økonomi’ (ei hushaldning) med skaparverket fram mot det heilt fullkomne, slik vi kan lese om det t d i Jes 11, 6f (om “ulven som skal bu saman med lammet ´” o s v).

    Eg veit ikkje kor sikker kunnskap den ‘seriøse’ vitskapen eigentleg har om dinosaurane sin meny; men Bibelen tenkjer seg ikkje rovdyra som ein del av disharmonien i skaparverket; dei har i alle fall sin plass undervegs. Også meteorittar og flaumar, vêr og uvêr inngår i skapardramaet. Vi har nok eit altfor “mjukt” syn på sakene; verda som ein litt pynteleg Hakkebakkeskog, eller eit norsk villastrøk…

    Les heller Salme 104:

    “ Du grunnla jorda på hennar søyler, aldri i æva skal ho rikkast. Havdjupet gøymde henne som ei kappe, vatnet stod over fjella: men det flydde for ditt trugsmål, laut røma for ditt toremål. Det steig over fjell og seig ned i dalar til staden du hadde fastsett for det. Du sette ei grense det ikkje går over, det skal ikkje gøyma jorda meir. Du let kjelder strøyma fram i dalane, bekker mellom fjella. Du gjev vatn til alle ville dyr på marka, der sløkkjer villesla sin torste. Der har fuglane under himlen reir, dei syng mellom greinene. Du vatnar fjella frå din høgsal, og jorda fyllest med grøda du gjev. Gras lèt du gro for dyra, og for mennesket vokstrar som dei kan dyrka. Slik lèt du brødet koma frå jorda – og vinen som gjer menneska glade. Du lèt andletet skina av olje, og gjev brød som styrkjer mennesket. Herrens tre får sløkkje torsten, sedrane på Libanon, som han har planta. I dei byggjer fuglane reir, i sypressen har storken sitt hus. I dei høgaste fjell har steinbukken sin heim, i bergskortene finn grevlingen livd…. Du sender møker, og natta kjem; då krek dei fram, alle dyr i skogen. Unge løver brøler etter rov og krev at Gud skal gje dei føde. Så renn sola, dei smyg seg bort og legg seg til ro i sine holer. Då går mennesket til si gjerning, vil gjera sitt arbeid alt til kvelds..”

    Les resten også! Måtte legge ut heile denne teksten; her har du bibelsk skapingsteologi. Mennesket sitt frykt for naturen er ikkje primært grunna i naturens ‘villskap’, men i vår relasjon til naturen. Som sagt: ein dag kjem den fulle harmonien, i Guds rike.

    Om det er dinosaurar der, vil vise seg ☺

  4. 4 Rob
    april 23, 2008 ved 7:04 pm

    Takk for svar pater!

    Men hva består skaden/disharmonien som også har forplantet seg til skaperverket i? «Noko er skada i naturen» skriver du i officium. Hva er dette «noko»?..

  5. april 29, 2008 ved 9:59 pm

    Rob, orsak seint svar pga mitt Roma-opphald:

    Sjølve harmonien, venskapen, mellom mennesket og naturen er skada (ikkje heilt øydelagt, heldigvis!!). Det er altså sjølve relasjonen mellom oss og resten av naturen eg tenkjer på. Men vi veit at dette påfører naturen skade: den økologiske krisa syner oss det tydeleg.

    At skaparverket ligg under «forgjengelegdomen» pga mennesket , tek bort noko av den fulle glansen og harmonien som alt det skapte skulle utstråle. Verda er vakker, men ho er ikkje «ferdig» enno. Ja, mykje av det vakre er sjølve «hintet» om det endå vakrare, er lengten etter det vi anar. Les Augustin (som har det frå Bibelen, frå Platon -og frå si eiga livsrøynsle) om denne måten å sjå verda på.

    Skaparverket, naturen, mennesket – det vert seg sjølv fullt ut når «Gud vert alt i alle».

  6. 6 Rob
    april 30, 2008 ved 6:53 am

    Takk for godt og grundig svar, pater!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: