21
Apr
08

officium…

Måndag, 21/4 ; St Anselm av Canterbury, 1. Responsorium, (Matutin)

”Non ancilla, sed liberam esse Christi sponsam”

(”Ikkje slavinne, men fri skal Kristi brud vere)

I dag, den 21. April, har vi feira den hl Anselm av Canterbury (f 1033). Opphavleg italienar, benediktinarmunk – men seinare kalla til erkebispesetet i Canterbury. Han vert ein viktig figur i den kyrkjelege rørsla som kalla seg Libertas Ecclesiæ (Fridom for Kyrkja); ei sterk fornyingsrørsle i den mellomalderske katolske kyrkja; med vekt på kyrkja sitt sjølstende i høve til staten og verdslege makter, men også med eit program som sikta på fornying av presteskapet, i utdanning og livsførsel, og av klosterlivet. Bernhard av Clairvaux og hans reformrørsle er ein del av dette. Utan tvil var også ein mann som den heilage Dominikus, hundre år seinare, påverka av denne fornyingsrørsla sine idéar.

Det har ikkje minst vore den vestlege kyrkja sin styrke å ha syn for at kyrkja er katolsk, universell, internasjonal – ikkje ein lokal ”stammereligion” eller statsreligion. Ei styrking av den sentrale pavemakta var ein del av programmet; oftast fordømt som ’maktpolitikk’, men eigentleg uttrykk for ein viktig innsikt: Utan eit overnasjonalt fotfeste vil kyrkja lett verte bytte for nasjonalistiske og statlege målsetjingar.

Den heilage Anselm er også kjend som teolog; ikkje minst i sin refleksjon over Kristi forsoningsverk som ei ’fyllestgjering’ (satisfactio) for menneska sine synder. I skriftet ”Cur Deus Homo” (Kvifor vart Gud menneske) syner han at Gud i Kristus gjekk heilt inn i vårt liv nettopp for å ’gjere fyllest’, for å gjere soning for syndene våre. Dette synest ofte framandt for dagens menneske som ofte har lita kjensle av skuld, særleg overfor Gud. I den kristne livsrøynsla lærer ein å skjøne kor avgjerande det er at Kristus verkeleg har gjort opp for oss!

Eg trur den hl Anselm ville ha kjent seg att i den gamle songen frå bedehustradisjonen (som står i større gjeld til Anselm enn vi vanlegvis tenkjer over..):

”Det var en som var villig å dø i mitt sted / for at jeg skulle leve ved ham..!”

Reklame

10 Svar to “officium…”


  1. 1 Herman
    april 22, 2008 ved 3:44 am

    Det er nettopp det. Pavemakten er blitt fordømt som et onde opp gjennom historien. De færreste tenker på denne makten som en god makt, i motsetning til harde fyrster og tilfeldig forulempende makthavere. I den tidlige kirken var det nettopp et poeng å takke Gud fordi han var mektig, som en motvekt til satans makt som rådde i resten av verden. Ja, for så «sort hvitt» var det, det var satan utenfor og Kristus «inni». Tenk den lille urkirken! Bare noen få mennesker som hadde fått troen på Jesus Kristus av Gud faderens hånd. Dette har siden vokst seg til et stort tre med mange mennsker. Det er jo klart at dette krever administrasjon og det ene med det andre, og når jeg skriver dette glemmer jeg jo det viktigste, nemlig at paven står der som nærmest et minne om St. Peter, han som Jesus kalte klippen og grunnla kirken på. Det kommer vi ikke utenom. Heia paven!

    Hilsen

  2. 2 Guro
    april 22, 2008 ved 3:13 pm

    Jeg synes dette med skyld og soning er vanskelig, men ikke fordi jeg tror mange har liten følelse av skyld overfor Gud og sin neste, tror det er snarere tvert om. Det er vanskelig å forestille seg at kjærlighetens Gud krever soning. Handler inkarnasjonen om å forsone Gud og mennesker?
    Blir dette mer til å begripe om man leser GT?

  3. april 22, 2008 ved 8:49 pm

    Eg trur vårt sinn, våre tankar og vår livskjensle ikkje berre blir forma av «idear», «sannigar» og «innsikter». Det vi heldt for sant og verkeleg vert prega inn i oss gjennom praksis, gjennm handlingar, gjennom kulturelle kodar, gjennom miljø og tradisjonar. Kroppen og fellesskapen «informerer» livet vårt meir enn tankeverksemd og teoriar. Vår kultur er svært innretta på individet si sjølvinnsikt, mest mogeleg fristilt og frigjort – i tilllegg pøsar kulturen på med masse «språk»; i motar, reklame, media osv..

    Gjennomgåande er det lite i dette «språket» som informerer oss om Gud, enn sei om «skuld»… Det er ingen som «bekreftar» oss i at vi har skuld. I alle fall ikkje overfor Gud. Tvert om.

    Det kristne livsperspektivet treng eit miljø, ei øving, ein praksis. Det er eit val vi må gjere: kva slags praksis ynskjer vi å fylgje? Kva veg vil vi gå? Kva fellesskap skal vi lytte til?

    Sanninga, også om Gud og oss, er praktisk. Ved t d å gå til Skriftemål, over lang tid, skjer det noko med oss…

  4. april 22, 2008 ved 8:54 pm

    Slik er det også i livet menneske i mellom. Vi veit at vi den vi elskar, kan såre oss. Ei forsoning, eit oppgjer må til. Ikkje nok å «slette over’…

    Men berre om vi omgåast, «praktiserer» nærleik og fellesskap, vil vi skjøne dette. Menneske som ofte snakkar ut og bed kvarandre om tilgjeving, vil også verte meir vare for kvarandre, vite at dei kan såre og bli såra, at dei treng tilgjeving og at dei kan tilgje…

  5. april 22, 2008 ved 9:02 pm

    Og difor handlar Inkarnasjonen også om forsoning: Full einskap mellom mennesket og Gud; mennesket med kropp og sjel. I Kristi k r o p p gjer Gud det mogeleg for seg sjølv å elske, med kjærleikens yttarste og djupaste uttrykk: Å gje seg sjølv for den ein elskar. Dette er offeret. Og, ja: det var naudsynt også fordi såret og uretten mellom oss og Gud måtte lækjast og gjerast opp, ikkje berre slettast over, plastrast over…

  6. 6 wen
    april 23, 2008 ved 10:22 am

    Og, ja: det var naudsynt også fordi såret og uretten mellom oss og Gud måtte lækjast og gjerast opp, ikkje berre slettast over, plastrast over…

    Sidan Gud er Gud, allmektig, kunne han valt andre måtar å gjera det på. Du menneskeleggjer Gud, tykkjer eg. Det er sjølvsagt rett i og med at han vart menneske, men å forklara Gud sitt val ut frå menneskeleg relasjonsbygging er for meg å redusera Den allmektige. Kan du seia noko om mysteriet?

    Elles: det du seier om ei øving, eit miljø, ein praksis – fremjar … lengt… det finst så lite trusliv i språket, i snakket mellom folk. Og som du seier, det du lever i, tar merksemda og formar.

  7. april 23, 2008 ved 9:55 pm

    Sidan Gud er Gud – så får vi i utgangspunktet bøye oss for den måten han vel å gjere det på…

    Og sjølv om Guds djupaste vesen er løynt for oss, så har han openberra seg for oss – med menneskelege trekk: han elskar, han er indignert, vreid, øm, raus; og alt dette vert endå tydlegare når han vert menneske i Jesus Kristus. Så Gud er menneskeleg, ja! Kanskje det er noko med at vi er skapte i Guds bilete også; at vi liknar på kvarandre, vi og han..?

    Fordi vi har ein «menneskeleg» Gud, kan vi også ha eit «forhold» til han; be, tilbe, klage, takke, angre, elske… Les Salmane i Bibelen.; slik er Gud. Gud er «Gud åt Abraham, Isak og Jakob», seier Jesus; han er ein levande Gud, ikkje filosofane sin «prinsipp-Gud».

    Men nettopp fordi Gud er Gud, vil også hans kjærleik, hans sorg, hans indignasjon; alt i Gud, vere endå djupare, sterkare og meir heilagt. Difor er også det å såre Gud, noko endå djupare og sterkare enn det er det i høve til menneske. Samstundes som Gud identifiserer seg med våre medmenneske; det som råkar dei, råkar han.

    Difor trengs det forsoning. Stor forsoning. Det er det vi feirar og mottek i den hl. messa. «Så høgt har Gud elska verda at han gav Son sin… «. Gav seg sjølv. Gir seg sjølv.

  8. april 23, 2008 ved 9:58 pm

    Og mangelen på «språk» som formar trua, heng nok saman med at trua hos oss er blitt så veldig «finsleg», så veldig «personleg», så privat og inderleg at ho til slutt vert lettare enn luft – og «tatt av vinden». Så her må noko gjerast. Nettopp: gjerast.

  9. 9 wen
    april 23, 2008 ved 11:01 pm

    Gjerast!
    Ja, men me (protestantar), eller la meg snakka for meg sjølv, eg – har så lite øving i å knela, fysisk, og bøya meg, og då er det vanskeleg å gjera noko….
    Å gjera det eg veit at eg skulle ha gjort først… å rydda i eige hus.
    Er dette skrifting, tru….

    Elles: Ok, for Gud er ALT mogleg, også å bli såra…også å ha svake punkt…

  10. april 29, 2008 ved 9:47 pm

    Ja, Guds «svake» punkt er at han elskar oss. Kjærleik gjer svak. Ikkje dumt å ta til med litt fysiske knebøyningar; kroppen gjer noko med oss. Så er det berre å setje ord på det… Dette er skriftemålet.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: