19
Apr
08

officium…

Laurdag, vike 4, 2. Responsorium (matutin)

”Sic præcebit nobis Dominus: Posui te in lucem gentium”

(”Dette er Herrens bod til oss: Eg har sett deg til eit ljos for folkeslag” Apgj 13, 47)

Israelitten Saulus vert apostelen Paulus – og sprengjer veg for Guds frelsesplan frå Israel ut til alle nasjonar. Han var framleis israellitt; for Guds misjon til heile verda låg gøymt i hans kall til Israel: ”Mot ditt ljos skal folkeslag fara… Øyar og strender ventar på meg” (Jes 60, 3 og 9).

Verda venta! Og apostelen som Gud hadde sett til ”eit ljos for folkeslag”, ”gjekk seg over sjø og land” og spurde alle: ”kvar høyrer du vel heime?” Han ville at alle skulle vite: Vi høyrer heime hos Gud. Vi er kalla til å hylle hans Messias! Fordi det er han verda er skapt ved. Fordi det er han som har overvunne maktene som held folka nede: døden, synda og demonens makt.

Gud har lagt noko av sin vilje og si meining inn i alt som er og særleg inn i tankane og samvita åt menneska. I alle lokale og nasjonale kulturar er der spor av Gud. Der er noko som bind menneska og nasjonane saman. Difor har det meining å arbeide for universell rett og rettferd og for at jorda -med sitt biologiske og zoologiske liv – skal vere vår felles heim. Medan vi ventar på den endelege fornyinga av ”himmel og jord” ved Kristi atterkome.

’Dei sameinte Nasjonane’ (SN/FN) og alle gode, internasjonale samarbeidstiltak er eit uttrykk for at Guds verd er éi! Som kristne skal vi ta dette på fullt alvor. Ein reint ”nasjonal kristendom” er ikkje kristendom. Kristi bodskap er universell.

Dess viktigare er det at menneske ikkje aktivt utelet Gud frå forståinga av dei universelle verdiane. Det vert stadig tydlegare at desse verdiane fell frå kvarandre dersom den teologiske og åndelege forankringa vert borte. Ikkje slik at trua på Gud og på Kristus må offisielt godkjennast av alle. Det ville vere i strid mot den menneskelege fridomen. Det avgjerande er at ikkje trua på Gud vert undertrykt og medvite fortrengt frå det internasjonale romet.

Som kristne veit vi at verda kviler i Herrens hand og at det er Kristus som er det eigentlege Lumen Gentium, Ljoset for folkeslaga!

Og kanskje er det fleire enn vi veit som anar det…?

Reklame

5 Svar to “officium…”


  1. 1 wen
    april 20, 2008 ved 12:14 am

    Vi høyrer heime hos Gud.

    Berre for at me gjer det. Ikkje fordi me treng det, fordi me tener på det, fordi det er lurt, fordi me kan kjenna oss trygge, fordi me veit kor me skal venda oss i nauden, fordi prestar lever lengst…. Men fordi det er slik det er.
    Her er det ikkje vits med lister, 10 gode grunnar til å tru…..
    Den eine grunnen – fordi det er meininga – er den einaste interessante.
    Dette enkle svaret er nok. Ingeting anna gjev eigentleg meining.
    Eg tykkjer at katolsk forkynning er klårare enn, iallfall Den norske kyrkja her.
    Kommentar? Innsikta mi er jo noko avgrensa…

  2. 2 fransiska
    april 20, 2008 ved 12:44 pm

    Lumen Gentium! Takk for denne inspirerte teksten:)

  3. april 21, 2008 ved 8:03 pm

    Hei Pater Haram! Her er en link du kanskje vil like, handler om det Dominikanske ritus: http://dominican-liturgy.blogspot.com/

  4. april 21, 2008 ved 9:50 pm

    Sorry for litt sein oppdatering her; pga stuide- og exil-livet..

    Men, til Wen, kan eg berre stadfeste at tru på Gud ikkje er eit «ekstra» som vi legg oss til, det er å få innsikt om at mennesket faktisk har heilesitt liv frå Gud. Å tru er å bli klar over røyndomen, ikkje å få ei ekstra interesse…

    Det høyrere med til historia, den menneskeleg historia, at mennesket har «reist heimanfrå», som den bortreiste sonen i Evangeliet (Luk 15). Han måtte «kome til seg sjølv», stå opp og gå heim til far sin. Resten hugsar vi frå bibelsoga. Det er trua sin veg.

  5. april 21, 2008 ved 9:50 pm

    Og linken skal eg sjekke i morgon!

    Bona notte!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: