13
Apr
08

nota bene…

«BUKK FRA LUFTEN, BUKK FRA BUNDEN..»
-om «statskyrkjeforliket»

Framtida for «Den norske kyrkja» og statskyrkjerordninga vedkjem oss alle. Det er utan tvil ei historisk hending at politikarane no er «forlikte» om å gje slepp på statleg utnemning av «Den norske kyrkja» sine toppleiarar. Denne utnemningsretten er det aller viktigaste «maktpunktet».

Men ting kan tyde på at gåva har ein prislapp: Ei styrking av det såkalla «kyrkjelege demokratiet». Her legg ein m a opp til at fleire av statskyrkja sine medlemer skal ta del i dei kyrkjelege vala. I den til no rådande ordninga har vala i hovudsak vore knytte til gudstenesta. Det er ikkje tilfeldig, men har ei klår teologisk grunngjeving – som både politiske og kyrkjelege instansar no synest å oversjå: Det er det gudstenestefeirande gudsfolket som agerer ved dei kyrkjelege vala. Det er dette som også kjem til uttrykk i gamle ordinasjonsritual der folket blir konsultert om korvidt det fins hindringar for ordinasjonen, og elles ytrar si tilslutning ved akklamasjon eller på annan måte. Ei slik konsultering er stadig førutsett i t d den katolske ordinasjonsordninga.

Det «folket» som er aktivt i det kyrkjelege «folkestyret», er altså det praktiserande gudsfolket. Minimum av «praksis» er å vere tilstades ved gudstenesteferinga; i prinsippet bør ein vere ein fullt kommuniserande (med-)lem i kyrkja.

Det er denne grunntanken ein no kan sjå ut til å vinke farvel til i «Den norske kyrkja» – ved å vilje massemobilisere flest mogeleg nominelle kyrkjemedlemer. Det er klårt at dersom desse vala vert politiserte – kyrkjepolitisk og-/eller partipolitisk – vil dei få innverknad på statskyrkja sin trusmessige og etiske profil. Politikarane endrar altså taktikk: Det grepet ein no kanskje må gje frå seg når det gjeld statskyrkja sitt toppsjikt, vil ein ta att ved eit sterkare grep på grunnplanet.

Folkeleg oppslutning om kyrkja – og det gjeld for alle kyrkjesamfunn! – kan ikkje i dag sikrast gjennom politiske valordningar, men gjennom ei auka og verkeleg oppslutning om den trua og den bodskapen kyrkja forkynner. Alt anna er «strutsepolitikk». For ikkje å seie «bukkeritt»!

PS: Les elles «Klassekampen»s (!) vettuge kommentar på leiarplass i går, laurdag 12/4-08

Reklame

10 Svar to “nota bene…”


  1. 1 wen
    april 13, 2008 ved 5:52 pm

    Har du sendt dette innlegget til aviser? Viss ikkje, kan du gjera det? Prøv også Stavanger Aftenblad: debatt@aftenbladet.no

  2. april 14, 2008 ved 9:35 am

    Har ikkje sendt det, nei. Du får heller tipse VL og Stavanger Blekka om denne blogg-posten… 🙂

  3. 3 wen
    april 15, 2008 ved 8:48 pm

    I blekkje [I blekke] f2 (smh med *blad; jf norr blaðka «lite blad»)
    1 *blad (1)
    2 bladrik vokster, t d om *hestehov (2) og vasslilje
    3 kortblad
    4 lite påakta og lita avis
    5 noteblad

    Du får tipsa sjølv….

  4. april 15, 2008 ved 9:13 pm

    Slik går det når ein legg seg ut med (norsk-)lærarar! 🙂 Sjølsagt verkar det litt ironisk å «antyde» at Aftenbladet er ei «lita» og «lite påakta» avis – og det var vel meininga. Aftenblekka… det kling ikkje dårleg, syns eg.Tvilar på at dei tek inn så «ukorrekte» innlegg..

  5. 5 wen
    april 16, 2008 ved 3:37 pm

    Jo, det kling faktisk ganske dårleg for oss som «alltid – heile livet» har abonnert på avisa. Me må jo vera litt sånn… eller kanskje veldig sånn…

    Men denne eine gongen mistenkjer eg deg for å snakka om ting du ikkje har greie på. Kor mange gonger har du blitt avvist frå spaltene i Aftenladet?

  6. april 16, 2008 ved 6:35 pm

    Haha, her kapitulerer eg fullstendig! Faktisk har eg aldri prøvd å få noko på trykk i Bl..Hm.. orsak: Aftenbladet. Får sjå om eg tek meg på tak og sender det.. Eg er ingen stor lesarinnlegg-skribent. 🙂

  7. april 16, 2008 ved 6:43 pm

    Eg gjer meg nok litt dummare enn naudsynt her; faktisk rekna eg Stavanger Aftenblad lenge som meir seriøs og sjølvstendig m o t til kyrkjelege spørsmål, men seinare syns eg at ho har vorte veldig mainstream «norsk»; som dei andre sør-og vestnorske regionsavisene; Fedrelandsv, Bergens Tidende, Sunnmørsposten… No er dei blitt «Aftenposten» for sitt distrikt. Kvifor er presse- og journaliststanden så ekstremt konformistisk, eigentleg?

  8. 8 wen
    april 16, 2008 ved 10:15 pm

    Det er kanskje bygdedyret….
    Men – nettopp! Derfor er lesarbrev og kronikkar viktige! Og der kan kven som helst prøva seg. Nå er det jo slik at dei fleste lesarbreva kjem frå lokale (regionale!) skribentar, og det er jo og eit poeng, at det er her me får ta del i den offentlege debatten. Men berre prøv. Eg er spent på kven sin påstand det er som blir gjort til skamme….

    Sei i frå om eg skal begynna å sjå etter.

    Eg kan ikkje samanlikna Aft.bl. med dei andre avisene, og Aft.bl. kunne klart vore betre, men dei har i alle fall gjeve plass til trusdebatt heile vinteren/våren til nå. I dag var der eit lite innlegg som viste til korleis heile Noreg gler seg over Märtha Louise sitt badn som er på veg. Samstundes som Stavanger universitetssjukehus tilbyr heimeabort i 9.veke. Men då gjeld det visst ikkje eit badn….

  9. april 17, 2008 ved 6:38 am

    «Heimeabort»?! Eg skjønar ikkje korleis vil skal kunne greie å syngje: «Ja, vi elsker dette landet» etterkvart…

  10. april 17, 2008 ved 6:45 am

    -og sjølv om det også finst konformitetspress i redaksjonane, er nok «bygdedyret» stadig levande, er eg redd 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: