Arkiv for mars 2008



09
Mar
08

officium…

Fredag, vike 4, sal 145 (vesper)

”Alle vender augo ventande til deg, og du gjev dei mat i rette tid. Du opnar di hand og mettar alt som lever, med det som godt er” (v 15)

Denne salmen er som korbogen i ein katedral; eit stort spenn over livet, ein lovsong, boren av tilliten til at røyndomen er halden oppe av ein grunnleggjande godleik og generøsistet: av Gud. Ikkje utan grunn er det det siterte verset ovanfor som er kyrkja si klassiske bordbøn. Det er den vi bed i klostera, det er den som også står i Luthers Vesle Kateikisme.

Det er ikkje eit blindt univers som omgjev oss; Vi kan vende augo ventande mot Guds andlet. Menneske og dyr – alle er benka rundt Guds bord. Sjølv om hunger og naud herjar verda; instinktivt forventar vi at det eigentleg skal vere mogeleg å leve her for alle.

Miljøkrise, kløfta mellom dei rike og dei fattige – det kan lett gjere oss kyniske, pessimistiske og resignerte. Vi sluttar å tru på overskotet i skaparverket. Evolusjonens harde lov vil sikkert frigjere jorda frå Mumle Gåsegg-mennesket som aldri får nok.

Eg trur mennesket har sin plass i skaparverket så lenge det kan be si bordbøn, forrette sin evkaristi, si takkseiing. Så lenge det seier:

”Herren er god mot alle, miskunnsam mot alle sine skapningar. Heile din skapning takkar deg, Herre, dei som held di pakt, prisar deg” (v 9-10).

Utan lovprisinga og takka, tilliten til det gode, døyr også det sosiale ansvaret.

Reklame
08
Mar
08

carpe diem…

IN ATRIIS DEI

”I Herrens føregardar”… eller ”hans tempelgardar”… eller ”hans klostergardar”.. Alt dette kan vere ei bra omsetjing av denne salmestrofa frå dagens Laudes (morgonbøna). Eg bur i alle fall stadig her i ”Herrenes atrium” i Roma. Våren kjem sakte; det har vore surt siste vika. Idag er det klårt med skarp sol; som ein god ’nordaust’-dag på Haramsøya, vil eg seie. Eit friskt og ”tydeleg” ver. Til å bli glad av.

Det er verdt å merke seg at den ortodokse, ekumeniske patriarken i Konstantinopel/Istanbul, Bartolomeos, er i byen! For å treffe pave Benedikt. Det er eit svært god tilhøve mellom dei, noko som i høg grad påverkar det ekumeniske arbeidet. Bartolomeos er svært positiv til tilnærminga mellom den katolske og den ortodokse kyrkja. Ikkje alle ortodokse er samde med han i dette, men eg trur det går den rette vegen – for den katolske kyrkja, er relasjonen til dei ortodokse høgste ekumeniske prioritet. Sett frå katolsk synsstad, er det ein grunnleggjande einskap mellom desse systerkyrkjene, trass det som er ulikt, og trass at den fulle fellesskapen ikkje er på plass. ”Katolsk” og ”ortodoks” er jo på sett og vis to ord for det same. Kyrkja kan eigentleg ikkje vere anten «katolsk» eller «ortodoks» – ho må vere begge deler.

Hovudutfordringa er korleis ein skal forstå ”Peter-embetet” (betre: ”Peter-tenesta”), altså pavens plass og funskjon. Dessutan er det problem knytt til dei s k ”unerte” kyrkjene; ortodokse/orientalske truande som i si tid ”godtok” paven og gjekk i kommunion med den katolske kyrkja. Desse er i røynda katolikkar, men fylgjer sin eigen ”ritus” (ortodoks/orientalsk liturgi, kyrkjerett, skikk- og bruk o s v. M a har dei ikkje sølibatplikt for sekular-prestar; vanlege kyrkjelydsprestar, knytte til eit bispedøme). Opprettinga av desse kyrkjene, er sjølvsagt noko som skaper splid i den «austlege» kyrkjefamilien. I dag ville den katolske kyrkja ikkje gått i gang med noko slikt. Men dei unerte kyrkjene har etterkvart si eiga historie, med forfylgjing og kamp for sin eksistens, og då er det ikkje mogeleg å berre «avskaffe» dei med eit ekumenikk-politisk pennestrøk.

Det blir spanande å sjå kva som kjem ut av patriarkens vitjing! Eg skal prøve å fylgje litt med i media her. ”Religionspolitisk” har det sjølvsagt svært mykje å seie korleis einskapen mellom ”aust” og ”vest” utviklar seg, både i høve til Islam og til samfunnsutviklinga elles. Fleire og fleire innser at religionen si rolle vil vere avgjerande for framtida, både kulturelt og politisk.

07
Mar
08

officium…

Torsdag, vike 4, sal 144 (vesper)

«Våre stabbur er fulle” (v 12

Her talar eit menneske som står midt i eit godt liv. Ein mann som har ansvar for å sikre landet mot fiendar, som ser for seg folket sitt med ”søner som likna planter” og med døtre som ”søyler, hogne ut i tempelstil” (v 12). Forrådshusa er fulle, saueflokkane beitar, kyrne kalvar når dei skal (v13-14).

Her talar eit menneske som ikkje har ei splitta oppleving av livet. Det gode og vakre er godt og det kjem frå Gud. Difor syng han nye songar og spelar på tistrengja harpe; han er kanskje konge, men likevel ein glad trubadur. Han har ikkje gløymt seg sjølv som Guds gjætargut som spela i lundane og som spela demonane bort frå kong Sauls tunge sinn.

Men nettopp når han kjenner at det gode livet er noko som Gud unner han, vert han også vàr sin eigen veikskap som menneske; Han ser kva for ein utsett og naken skapning mennesket er. Det er ”som ein vindpust, dei dagar det lever, som ein skiftande skugge” (v 4). Og han ser at der er fiendar på ferde; menneske som har brote ut av Guds godleik og vil opprette sitt eige rike, bygt berre på makt, rikdom, vald og sløgskap. Slik kan mennesket alliere seg med fordervskreftene; det som trugar det gode livet.

Difor: midt i sin blide tryggleik som Guds barn og Guds ven må mennesket gripe etter Gud. David – mannen etter Guds hjarte, fordi han kunne vere glad og sterk, og samstundes våge å vere redd (!) og avhengig.

Ver konge – og ver som eit barn. Som David. Takk og ver glad når livet er godt. Slepp aldri Gud.

07
Mar
08

officium…

Onsdag, vike 4, sal 139 (vesper)

”For du har skapt mitt indre, du har vove meg i mors liv” (v 13)

Ein av dei vakraste salmane i Bibelen, ein av dei sterkaste tekstane i den menneskelege historia. Å vite seg skapt av Gud, å vite seg kjend av Gud; sitjande, ståande, sovande, vaken, stum eller talande, i morgonroden ved havet, i det høge, når du er løynd av mørkre eller omgjeven av ljos, om natt eller dag; kroppen, hjarta, tankane – i alt er eg heilt og fullt inneslutta i Gud.

Han er Den løyndomsfulle, og eg er også ein løyndom, eit under, eit menneske. Eg er ikkje berre ”slengt” inn i tilveret; eg er voven i Guds vev. Sakte har mønsteret vist seg på veven: dette er Arnfinn, voven inn i den menneskelege familien, voven inn i skaparverket, voven inn i kyrkja, voven inn i historia, inn i framtida, inn i Gud.

”..forma djupt i jorda” (v 15). I mors liv. Guds vevstol. Der bur Gud. Der vert vi til.

Å vere eit menneske er å seie: -”Det er for underfullt til skjøna, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det” (v 6).

05
Mar
08

officium…

Ttysdag, vike 4, sal 137 (vesper)

”Korleis kan vi syngja Herrens song på framand jord?” (v 4)

Her handlar det om noko meir enn vanleg heimlengt. For israelitten var lovsongen og landet nøye knytte saman. I det heilage landet låg Sion og templet, der kunne offera berast fram, der hadde prestane og levittane sine byar og si teneste, der kunne salmane syngjast, der møtte folket og Gud kvarandre.

Vi er vane med å tenkje at tru og trusliv berre er noko ”heilt personleg” som vi kan ha med i kofferten kvar vi så er. Ein del at toilettet.

Kristen tru er ikkje lenger på same måten knytt til det historiske Israel; Jesus Messias gjorde Guds rike og Guds folk universelt. Templet er borte. – Likevel er det ikkje berre eit spørsmål om ”min tro”, som det heiter i ein avisvignett. Trua og tilbedinga har også no si forankring, sin plass, sitt land, sitt tempel, sin heim.

Den herlegjorde, levande Messias og kyrkja, hans kropp, er templet, i kyrkja sin midte feirar vi takkofferet (evkaristien/messa) til påminning om hans sigersdød (1 Kor 11, 26), der vert Ordet gjeve vidare i forkynning og undervising, der kan vi samlast med våre hyrdingar, der vedkjenner vi vår felles tru. Der lever vi livet vårt. Der er vi heime. Som det vakkert heiter i Den norske kyrkja si gamle forbøn: ”Du har gjeve oss ein heim i di kyrkje på jorda og sett oss et æveleg mål hjå deg”.

Å tru er å høyre til.

04
Mar
08

carpe diem…

TRASTEVERE, TYSDAGSKVELD

Rapport frå gata; rett framfor meg tar «Via della Paglia av» til høgre; eg har vore ein tur på vitjing på «Det norske Instituttet» oppe på Gianocolo i kveld, invitert av dei norske studentane, Andreas (Snildal) og Tor Ivar (Hansen). Vi har snakka om Welhaven, romantikken (som eg arbeider med for tida) og mangt anna. Vi har gått ned trappene, forbi den vesle kyrkja «San Egidio» der ei av dei viktigaste katolske rørslene i vår tid starta, med kombinasjonen av bøn, fellesskap og sosialt ansvar. San Egidio-fellesskapen har medlemer som er vanlege lekfolk, familiefolk – og prestar. Deira «regula» har to punkt: 1) Be regelmessig. 2) Ha ein fattig ven.

Det har vore svært fint å bli kjent med desse norske studentane i Roma. Nye dører opnar seg, du skjønar meir av den samtida og det samfunnet du lever i, du finn ut meir av kven du sjølv er, du justerer kursen.. Som Wergeland seier: «Ung må verden ennnu være!». Det er marskveld, mildt i veret, snart går eg over Tiberen, tilbake til klosteret…

04
Mar
08

poetica…

Roma, for ein time sidan, sett frå cella…

BYEN

pinjer
romas æveleg-grøne
parasollar

innimellom husrekkjene
kler opp dei sju høgdene
balanserer yttarst på
tarpeiske klipper

eit still-leben
ei livlaus tid
ruinkulissar og
kampanilar
kuplar
brotne søyler

beingrinder av
imperie-dinosauren

leviatan
har stranda her

antikken
patinaen
turistane
monumenta
døden

men hundre duer
har landa på dei varmt raude
takpannene nedanfor her

apostlar, martyrar og confessorar
steig herfrå
inn i paradiset

civita æterna!
udøyelge heimstad
for oss alle

04
Mar
08

officium…

Måndag, vike 4, sal 136 (vesper)

”Pris han som er Gud over alle gudar..” (v 2)

”Han som..”. Ikkje ein anonym Gud, men ”han som…”. Heile denne salmen er ei lovprising av Gud for alt han er og gjer. Det er ikkje ein abstrakt guddom, ein gud som vi har tenkt oss fram til; det er ikkje ”Gud”, men Israels Gud. Han som openberra seg for Abraham, for Jakob, for Moses.

Han er «god”, han er ”Gud i himmelen”, ”han skapte himmelen med visdom”, ”han la jorda på vatnet”… Han er skaparverkets Gud, han er Gud for alle, ”han gjev mat til alt som lever”.

Men det er han nettopp som Gud for Israel; som den som ”slo Egypt”, som ”kløyvde vatnet i Sevsjøen i to”, som ”felte store kongar”.

Du lever av Guds miskunn, seier salmen. Men vit at det er ein Gud som stig fram, som retter handa ut, som har et namn, som har vore på jorda i Mannen frå Nasaret. Ein tanke kan passere, filosofi kan overvegast, etikk kan diskuterast, åndelege kjensler kjem og gjeng.

Men ”Han som..” har eit andlet, ei historie, eit ord – han må du kvar dag ta stilling til. Han er ikkje Somebody eller Anybody. Han er HERREN.

03
Mar
08

officium…

Sundag, vike 4, sal 110 (vesper)

Denne salmen er ein av dei mest siterte i den den nytestamentlege og apostoliske forkynninga om Jesus. Jesus er Messias, prestekongen som denne salmen skildrar; han er ”lik” Gud: ”Herren seier til min Herre..” (v 1); han er mektig: hans fiendar vert lagde som ”skammel for hans føter” (ib.); ”han knuser kongar på sin vreidedag” (v 5); han er av guddomsnatur, av æveleg opphav: han skal vere ”prest til evig tid på Melkisedeks vis” (v 4).

Jesus Messias’ ”pre-eksistens”, hans guddom og hans velde – det stod klårt måla for den fyrste kyrkja, som ein triumf-ikon eller ein mosaikk i apsis bak altaret, over biskopstrona i ein antikk basilika.

Der kjem folket fram med sine offergåver under offertoriet og der kjem dei fram for å ta mott nattverden under evkaristifeiringa: som ”dogg”, som døypte, i dåpsalbaene, den kvite dåpsdrakta, med klerersiet i sine høgtidlege liturgiske drakter: ”i heilagt skrud”, ”ut or fanget på morgonroden” (v 3 ).

Triumf, velde, siger og glans…Dette er ord som det i dag nesten ikkje er lov å uttale om Gud og som mange truande også skyggjer for. Men Jesus er meir enn ein omvandrande humanist. Han er ”hó Pantokrator”, Allherskaren; han har fått ”all makt i himmelen og på jorda” (Matt 28,18), han tronar i herlegdom og skal ein gong kome til syne for alle i sin herlegdom (Apgj 1,11). Difor syng kyrkja om Messias: ”Kryn han, Allheims drott!”

Kristi makt handlar ikkje om brutalitet og egoisme. Men om at retten, kjærleiken og freden er sterkast og får det siste ordet i historia. Han ofra alt, han gjorde seg liten, han vann oss ved å elske.

Men han vann.

02
Mar
08

poetica…

sidan det er sundag….

MØTE I HAGEN

Domine
i alt som er
er du

sakte svingar greinene
i sommarens fyrste
varme vind

det vemodsfulle andedraget
som går gjennom ditt eige hjarta

den faste rytmen
som slår stille
der alle sansar møtest
som bankar varsamt
i festet mellom arm og hand
det er ditt eige
utolmodige tolmod

ein gong
høyrdest dine steg i hagen
i den svale vinden
du var det
uroleg lengtande
etter dine bortkomne born

all sorg gøymer seg i hagen
som ein såra skapning

sorga må gjennombrytast
eg høyrer din djupe innpust
når du går inn i døden
inn i grava

så med eitt står du der
fritt og høgt går bringa di no
og eg høyrer mitt eige namn
over dine lipper
og over mine eigne
nølande
overvelda:
Rabbuni!

01
Mar
08

nota bene…om debatt/kommentarar

Til orientering om debatten/kommentarane:

Som redigerar av bloggen er det eg som har det personlege ansvaret for å vurdere form og innhald i kommentarane. Blogg er “offentleg tale” og særleg at ein kan vere anonym, pålegg eit ekstra omsyn for dei som skriv.

Eg ser sjølsagt gjerne ein debatt om det eg tek opp i ‘nota bene’ og generelt om spørsmål knytte til islam, fleirkulturelt samfunn o s v. Men eg ynskjer at denne bloggen skal 1) bidra til ein rimeleg høvisk diskurs i samfunnet og 2) føre debatten vidare og kome utover rein polemisk repetisjon. Etter mitt skjønn opnar nokre av dei fyrste innlegga i denne runden opp for ein debatt som lett vert prega av det motsette.Og som dermed umogeleggjer ein reell og naudsynt debatt.

Dei innlegga som kom på (eg har ingen førehands-kontroll)etter at eg to gonger hadde sagt frå, har eg sletta og sendt ei tilsvarande grunngjeving som denne direkte til kommentatoren.

NB: Med dette opnar eg ikkje opp for ein «debatt om debatten»; det er berre til orientering for brukarane av bloggen.

Fr Arnfinn H

01
Mar
08

nota bene…

DEMRING…

”A new dawn…We have to learn to live with it”. Desse to uttrykka noterte eg meg frå professoren, fr Richard Taylors munn i går. Under ei førelesing om ekumenikk. En passant var han innom Islams nye nærvere i Vesten og endringane i det kulturelle og religiøse landskapet. Sterkt merkbart, ikkje minst i det landet han sjølv kjem frå; England.

Fr Taylor meinte at mange, både i den kyrkjeleg og den nasjonale leiarskapen, likesåvel som folk flest, ikkje heilt skjønar at dette er ei endring vi må face og gjennomleve. Men etterkvart tek det kanskje til å demre; «a new dawn».. Det er eg heilt samd i – og for meg som ofte har kommentert desse spørsmåla, var det ei stadfesting av den måten eg sjølv ser det på.

Å late att augo for den nye situasjonen, er strutsepolitikk og realitetsvegring. Å tru at vi står framfor noko episodisk, eit lågtrykk som vi kan sikre oss mot ved å skalke lukene, er nettopp det som fører til angsten, aggresjonen, fordomane – og nostalgien; draumen om at vi kan kome tilbake til einskapskulturens tid.

Det beste ein kan gjere, er å ta til å tenkje på korleis ulike grupper skal leve saman. Dei ulike gruppene vil i røynda vere ulike små ”samfunn” – også av den grunn at det store samfunnet sin verdiar ikkje er samlande lenger. Heller ikkje dei ”gamle” fellesverdiane. Kor mange nordmenn støttar idag tradisjonelle, kristne moralverdiar – for ikkje å snakke om trusoppfatnigar – på ein rimeleg forpliktande måte? Vi som er katolikkar, veit jo at ein del av dei lovene som storsamfunnet ynskjer å gjennomføre, ikkje vil kunne tvingast inn på oss. Den same retten må vi innrømme andre.

Både som individ og som fellesskap treng vi samfunnsformer som er tettare og som kan støtte oss i dei verdiane vi ynskjer å stå for og leve ut. Det store samfunnet kan ikkje lenger gje ein slik støtte – både fordi det har sine eigne verdiar som ofte står i motsetning til mange av borgarane sine – og fordi det som er felles, er for tynt til å bere ein verkeleg fellesskap.

Å takle eit nytt kulturelt scenario som dette, blir ikkje lett. Dess meir ein skuvar det framfor seg, dess verre blir det. Dersom vi tek det positivt og offensivt, kan det bli eit meir interessant samfunn.

Moské på Voss? Eller Moss? Eller Tynset? Kanskje. ”We have to learn to live with it..”




kategoriar