28
Mar
08

carpe diem…re-tur utan nedtur

så langt, i alle fall. No: Brüssel Midi (sentralstasjonen), men på utsida. Her er det opne nett. På ein steinbenk i Europa-hovudstaden. Kom med toget frå Køln for ein time sidan, reiser snart vidare til Lille, rett over grensa til Frankrike. Til Køln kom eg med natt-toget frå Køpenhamn, som sagt. Sov litt i den tyske, propre kupéen, sjølv om opne «stor-rom»-vogner er betre for dei som ikkje har soveplass. Sigla inn gjennom Ruhrgebiet i grålysinga. Trist. Men Køln er imponerande. Rihnen flyt mektig gjennom staden. Domen reiser seg som eit fjell rett utanfor houvudinngangen på Köln Hbf. Og rett ved sidan av ligg Andreaskyrkja og dominikanarklosteret. Som stadig er i hevd og i drift; var der for nokre år sidan.

I Køln ragar det opp mange svært vakre, gamle kyrkjer, oftast i tung, romansk stil. Ein kombinasjon av det mirakulöse og av tysk innsatsvilje gjorde at mange av praktbygga kom noksà uskadde frà bombardementa under krigen – medan byen elles – som nesten alle tyske byar – vart knust til grus og oske av dei allierte bombeflya. Eit svart kapittel i Vestens historie, spôr du meg. Etter krigen vart byane gjenreiste, ogsà Köln, men liknar mest pà ei kjempeutgàve av Aandalsnes eller Narvik!

Kôln var ein svaert viktig by i mellomalderen, eit Nordens Roma. Her verka m a laerefar for Thomas Aquinas, Albert den store; teolog, filosof, naturvitskaps-pionér, biskop – og dominikanarbror!

Pà veg til Brüssel passerte vi Achen, byen àt Karl den store, Karlamagnus – han som pà mange màtar organiserte det Europa vi no lever i restane av; «Kristenheten», eller Kristendomen; som det heiter pà mitt màl. Alt har si tid, seier Forkynnaren…

Kontinentet er merkeleg lite; to timar med toget frà Köln til Brüssel; ein halvtime derfrà til Lille, og sà ein time til Paris. Rett nok med TGV; Train de Grande Vitesse. No gàr eg pà…

(dà eg posta denne bloggteksten kl 1100 , vart halvparten borte, sà eg màtte hekte det pà no, i ettermiddag i Lille – og med ein fransk PC; difor desse rare bokstavane innimellom. Vonar eg fàr hekta meg pà med min eigen Macbook etterkvart. I alle fall er eg no komen hit og er pà plass. Meir om det.)


8 Responses to “carpe diem…re-tur utan nedtur”


  1. 1 arne fjeld
    mars 28, 2008 ved 11:14 am

    Håper verne-engelen holder tritt med deg! Hils f. Haavar og f. Per Erik. Og få litt ordentlig søvn i Lille!
    Takk for innsatsen i St. Dominikus i den stille uke og påsken!

  2. mars 28, 2008 ved 2:12 pm

    Trur eg har ein AGV; Ange de Grande Vitesse! Sà det gàr bra! Kom presis pà slaget til Gare Lille Europe, og i fylgje Chesterton er det ingen ting som er sà poetisk som eit tog som rullar inn pà stasjonen, nôykaktig etter rutetabellen!

    Alt vel her!

  3. 3 Andreas S
    mars 28, 2008 ved 4:57 pm

    Ikke en tur innom Hazebrouck?

    God tur videre!

  4. mars 28, 2008 ved 10:09 pm

    Denne reiseføljetongen mellom Oslo/Roma, Roma/Oslo, Oslo/Roma er trivelig lesing. Jeg synes det. Setter pris på de stemningsbildene du serverer.

    Nettet inneholder et hav av kristne sider, men jeg synes nok at kvaliteten drukner i kvantiteten (Glasshus-modus: Min egen blogg er ikke mye å skryt av). Denne bloggen din og noen få nettsider til er noe jeg setter stor pris på.

    Fant forresten opptak av deg, gjort av NRK, mens jeg surfet rundt på nettet: http://midtboe.net/lyd/arnfinn_haram.mp3

  5. 5 Are Pripp
    mars 29, 2008 ved 8:21 am

    God tur videre igjennom Europa!

  6. 6 Randi
    mars 30, 2008 ved 1:05 pm

    Takk for fine påskemesser og vakker sang.Og alt godt videre med ditt Romaopphold.

  7. mars 30, 2008 ved 11:35 pm

    Takk for helsingar! No er eg – som det framgår av siste «Carpe diem» – i Paris; får litt tid på byen i morgon før natt-toget går i 18-tida.. Surt og vindfullt i Parsis i dag; vi hadde de la chanse då vi var ved havet i går! Då var det sol, vind og litt varme!

    À demain!

  8. 8 askepott
    mai 27, 2008 ved 7:28 pm

    Hei
    Eg blar igjenom nettet og finn ei sie om deg.Du huksar meg sikkert ikkje men du gav meg så mykje då oss var på Selje i fjor.Eg med normisjon og vandringane. ynskjer deg ei fin tid i Rom, Vonar oss treffas att ein gong.Fint om du
    Sei frå om du leiar fleire pilgrimsvandringar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: