14
Mar
08

carpe diem…på reise..

NORDVEGEN OG JARNVEGEN

Nordmenn er etter stammemyten germanarar på veg nordover. I dag har eg i alle fall vore det. Lang reise gjennom Italia til München, i vakkert ver. Det vart meir og meir hustre når vi nerma oss Brixen og Brenner – og i München var det gråkaldt. Like greitt at eg berre hadde ein halvtime på å sluke ein Bratwurst med brød før eg kom meg på nattoget til Køpenhamn – der eg no sit. Ein torsdagskveld er det godt med plass; eg har ikkje soveplass, men til gjengjeld ein heil kupé for meg sjølv. Til skilnad frå Tren-Italia (dei italienske toga) er dei tyske toga velhaldne og strigla og sant å seie litt trivlegare for langdistansereisande som eg. I skrivande stund har eg toga i 14 timar og har nokre att før Køpenhamn…

På toget frå Roma hamna eg i kupe med ein person som viste seg å vere frå grannelaget mitt i Roma; ein professor på det velrenommerte katolske bibelinistituttet, drive av jesuittane. Så han var altså jesuitt med eit så spesielt fagfelt som – assyriologi! Alt om Assyria. Ad majorem gloriam Dei! Det har vore hans professorliv, sa han. Sjølsagt fordi ”assyriologien” har relevans for bibelgranskinga.

Han sat ved sidan av meg og slumra. Klokka var trass alt ikkje meir enn vel 0730 då vi starta frå Roma Termini. Av og til tok han fram ein liten papirlapp med kråktær på; passeringspunkta på dei ulike stasjonane nordover, gjetta eg meg til. Ein eldre, asketisk kar, med ein aura av diskret lærdom. Då han endleg sa at han var jesuittpater, hadde eg skjøna det for ei god stund sidan.. Faktisk er det alltid ein jesuittpater med i kupéen når eg tek toget frå Roma til München; som sist, for vel 20 år sidan. Professor Meyer (han sa seg lei for at han hadde eit så ordinært namn; herr Hansen på tysk) er opphavleg frå Bayern og utdanna mellom anna i Innsbruck (som vi forresten passerte i 17-tida). No skulle han til ein stad nord om München og halde foredrag. Og så skulle han snart gå av med pensjon. Som professor. Jesuittar går ikkje av med pensjon. Vi prata litt engelsk og så meir tysk når han skjøna at det var mogeleg.

Eg lærde mykje om Syd-Tyrol, om fasistane som nekta dei italienske tyrolarane å bruke/lære tysk då området vart ”gjeve” til Italia etter 1. Verdskrigen. Målmannen i meg vakna, sjølsagt.. Om den latinske ur-folkegruppa i Dolomittane, trengde opp i dei fatigslege, men vakre sidedalane då germanarane pressa seg nedover i Alpane; dolomitt-folka vart så gode misjonærar, sa pater Meyer – fordi dei ikkje representerte noko stor og stolt nasjon som dei kom drassande med. Minner om Irland og Noreg, tenkte eg.

Italia ”fekk” altså Syd-Tyrol – ikkje minst av den grunnen at 1. Verdskrigen tappa Italia for 600 000 mann! Ein slaktemaskin av ein krig. Måtte tenkje på dei kolossale krigskyrkjegardane eg såg då eg budde i Frankrike; frå begge dei s k ”verdskrigane”; utover Flandern og ved Verdun….

Det er heilt stille på toget. Akkurat no stoggar vi på ein stasjon eit stykke nord for Nürnberg….

Her kjem det på ein medreisande. Og snart er det på tide å slumre litt. Er eg heldig, får eg ”posta” dette på bloggen i morgon (som i så fall er ”i dag” når du les det.


5 Responses to “carpe diem…på reise..”


  1. 1 w
    mars 14, 2008 ved 8:54 pm

    Fór du gjennom Ötztal, tru? Du har iallefall ikkje vore langt ifrå staden, på grensa mellom Italia og Austerrike, der dei fann Ötzimannen, som dei trur har lege 5200 år i isen. Dei trur han var av for å sjå etter sauene då han fekk ein brå død, på hausten ein gong. Så kom snøen – og sidan har det ikkje blitt tåe.
    Eit tysk ektepar, turgåarar, fann han i september 1991. Han stakk halvvegs opp av isen ein stad der det hadde kome mange sprikkar i breen. Når er han på museum i Bolzano, i iskammer.

    Takk for fin reiseskildring!

  2. mars 15, 2008 ved 10:02 am

    Vi for gjennom mange «Täler» og stogga i Bolzano, men om vi for gjennom Ötz-tal, veit eg ikkje.. Kven veit – kanskje dukkar det snart opp ein nedisa sauesankar frå Suldal i ein bre der vest… Då melder eg det i bloggen!

  3. 3 w
    mars 15, 2008 ved 11:15 am

    Steinalder, pensum i 4.kl og akkurat på torsdag, siste time, då eg skulle gjera stoffet levande, sat han munken som har vore i Roma på toget, akkurat her, kanskje…. repetisjon etter påske.
    Dette var berre historie og ikkje KRL, altså….

    Ja, der var busetnad i steinalderen på Finnabu, ikkje langt frå Breifonn, så du kan ta deg ein tur, sjølv om breen nok ikkje er så gamal. Soloppgang midtsommars skal vera bra der oppe.

    Men du, eg er jo eigentleg anonym på denne bloggen…..du kan godt sletta litt

  4. 4 w
    mars 16, 2008 ved 12:12 am

    Denne Ötzimannen blei funnen med hud og hår, og magesekk, med kjøt, steinbukk visstnok, brød og grønt. Han hadde piler, med skaft, og anna utstyr. Han hadde klede – og tatoveringar på ryggen og på beina. Han skal ha levd 3200 f.Kr., kanskje 1400 år før patriarkane i GT, og så stikk han ein dag opp av snøen…
    Fascinating! – eller kanskje heller fascinierend…

  5. mars 16, 2008 ved 1:41 pm

    Kanskje best at eg tatoverer meg – på vona eg skulle stikke opp av ein bre ein gong i framtida… Forvitneleg (som de heiter i «Vestmannalaget»)!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: