10
Mar
08

officium…

Sundag, vike 1, sal 141 (1. vesper)

”Alltid set eg mi bøn opp mot deira vondskap” (v5)

Kva har vi å stille opp med når destruktive og fiendtlege krefter vil oss til livs? Det nyttar ikkje å glatte over og fortrengje aggresjonar, korkje eigne eller andres. Då blir det liggjande som gul gift nedst nede i sjela og kroppen sine depot. Før eller seinare tyt det fram og forgiftar oss tvers gjennom og alt ikring oss. Skal vi så svare med same mynt? Intrigere? Opprette alliansar, stramme opp fan-klubben? Spele blide og glade; smile medan vi eigentleg flekkjer tenner? Fortvile? Gå inn i mørkret? Oppheve oss sjølve?

Bøna – det er vår eigentlege styrke. Bøna – ikkje berre som idyllisk tale, men som livskamp. Som noko du ”set opp mot” det som vil tyne deg. Ikkje som list og bakhaldsangrep, men som eit vern. Som ein molo mot bylgjene. Som ein fullstendig apell til Gud: ”Ja, Herre, mine augo er vende mot deg, eg flyr til deg. Lat ikkje livet mitt spillast!” (v 8).

Set namn på det fiendtlege. På fiendane, om det må til. Gi alt til Gud. Berre til han. Så kan du sleppe det. Så kan du be også for dine fiendar.


9 Responses to “officium…”


  1. 1 Kristen Blogg
    mars 10, 2008 ved 8:42 pm

    BT harselerer i dag om «nye dødsynder» fra Paven. BTs artikkel virker ekstremt tabloid («Nå risikerer du å havne i helvete om du ikke resirkulerer») og slettes ikke videre sannferdig. Har du noen mer nyanserte synspunkter på Pavens utspill? Hva dreier det seg egentlig om? Her BTs artikkel: http://www.bt.no/utenriks/article525241.ece

  2. mars 10, 2008 ved 8:56 pm

    Viktige ord å ta til seg nå og framover! 🙂

  3. mars 10, 2008 ved 10:17 pm

    Har lese raskt gjennom. Ille BT-tilbakefall til lengst utdatert religionsjournalistikk – men verst er kommentarane! At ein slepp til denslags ,er utruleg. Ein kan bli misantrop av mindre. Skal kome tilbake til saka i morgon/så snart eg kan. Til køys no; tidleg opp i klosterlivet!
    Skal respondere til journalisten.

  4. 4 Ingrid
    mars 11, 2008 ved 7:14 pm

    Som alltid fine og sanne ord. Men hva med denne artkkelen i dagens Vårt land?http://www.vl.no/kristenliv/article3404476.ece

  5. mars 12, 2008 ved 9:26 pm

    Til Kristen Blogg:
    Litt knapp tid til blogging om dagen p g a reise,. men så vidt eg har skjøna, er dei nye «døddsyndene» ikkje noko formelt lærestykke, men ein del av kyrkja si ordinære, pastorale tillemping av si tru, i forkynning, sjelesorg og katekese. Paven ynskjer å syne at dei klassiske «alvorlege syndene» (som er eit meir korrekt uttrykk) ikkje berre er etiske museumsgjenstandar, men har med det verkelege – også moderne – livet å gjere; at økologi, politikk og sosial framferd er ein del av mennesket sitt djupe moralske ansvar. Noko eg er heilt samd i. Skal kanskje skrive meir omd dette – om tid/om ynskjeleg/ om naudsynleg.
    Men i eit par dagar er eg på reise til Noreg…

    Til Ingrid:
    Prøvde å klikke meg inn på den adressa du angir, men fekk ikkje noko fram. Så før eg får sett teksten du viser til, kan eg ikkje svare deg.
    Pax et bonum!

  6. 6 Ingrid
    mars 12, 2008 ved 9:43 pm

    artikkelen heter «Sinte prester sendes på kurs», og stod i Vårt land igår.
    Går på presters «oppførsel» i skriftestolen.

  7. 7 Ingrid
    mars 12, 2008 ved 9:47 pm

    Sinte prester sendes på kurs

    Katolske prester har ikke nok empati. Hva er vel mer naturlig enn å sende dem på kurs for å lære og håndtere sin egen aggresjon?
    Av Vårt Land
    Publisert 11.03.2008 – 12:14 Oppdatert 11.03.2008 – 19:26
    Tips en venn om denne saken
    Skriv ut denne siden

    Det er Vatikanet som nå har lansert det splitter nye kurstilbudet. Målet er at prestene skal lære å beherske seg og vise større forståelse når de tar imot skriftemål. Biskop Gianfranco Girotti, en av topplederne i den katolske kirken, skriver i Vatikanets offisielle nyhetsavis at skriftemålet som institusjon er i krise.

    I følge Girotti mener 30 prosent av medlemmene i den katolske kirken «at man ikke trenger en prest for å bekjenne sine synder».

    Og her er vi ved sakens kjerne. I undersøkelsen der disse tallene fremkommer, klager mange over måten presten tar i mot syndsbekjennelsene på.

    – Dette er et stort problem for den katolske kirken, fordi skriftemålet er så fundamentalt for for en sunn sjel, sier han.

    Kurset skal i tillegg til sinnekontroll også foksuere på temaer som skilsmisse, homoseksualitet og abort – og hvordan det kan bli lettere for folk og ta opp slike ting med presten.

    Alt dette i følge engelske The Telegraphs nettutgave og svenske Dagen.
    AdTech Ad

    Her er forresten teksten,ser fra til din mening om dette.

  8. mars 12, 2008 ved 10:18 pm

    Som du ser av framsida, reiser eg i morgon, så eg får ikkje svara før eg er i Oslo, fredag. Du får purre på kommentar om det trengst. Har tankar om dette. Eg skal i allefall til min skriftefar i Oslo før Påske! 🙂

  9. 9 Herman
    mars 13, 2008 ved 5:14 am

    Vatikanet har ikke definert nye dødssynder, men verden sier at den har gjort det. Les mer om dette på Katolsk.no.

    Hilsen Herman


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: