25
Feb
08

carpe diem…

SIST SUNDAG, EIN BYTUR

Den konventuelle høgmessa på sundagar er tidleg her på klosteret, alt kl 0800. Brørne, kanskje femti, syng samstemt den gregorianske messa så det kling under kvelven. Frater Lukasz frå Polen heldt ein svært god homilie (preike) – som eg skal få omsett og lagt ut her; om Jesu møte med den samaritanske kvinna ved Jakobsbrunnen.

Som veret var vakkert og våren komen, hadde eg eit godt høve til å vere litt Roma-turist, Roma-pilgrim. Gjekk tilbake til ”Newman-kyrkja” mi, San Giorgio in Velabro. Mangt og mange å be for.

Derfrå gjekk eg over Tibern, gjennom Trastevere og opp til Gianicolo-høgda. Vid utsikt over Byen på høgdene! Vel nede på Trastevere fann eg meg ein liten kafé og bestilte, utandørs, ein kopp kaffi. Då eg skulle gå og ville betale – ville dei inga betaling ha! Fint å vere ”padre” og dominikanarbror her; det gode smilet dei gav meg, var mest verdt.

Dette var rett ved Piazza Trilussa og Ponte Sisto. Eg gjekk over brua og opp ei smal gate, ein liten ”vincolo”; eg drog kjensel på strøket, og der, rundt eit hjørne låg den vesle plassen me den ør-vesle kyrkja Santa Barbara dei Librari! «Den heilage Barabara av Bokhandlarane» – kult namn på ei kyrkje. Hadde vore der sist eg var i Roma, i oktober, men kunne ikkje hugse kvar det var, i labyrint-gatene her i ”det historiske sentrumet”. Så var eg der plutseleg, utan tvil leidd av verneengelen min!

Kyrkja, som er frå 1300-talet, er vakkert utsmykka inne, men no i barokkstil – som vanleg er i Roma. Det rare og artige er at kyrkja også har vore ei ”gilde-kyrkje”, for bokhandlar-gildet. Det kristne laugsvesenet, ein tidleg ”fagorganisajon”, knytt til kyrkja og messa; verkelege kumpanar (cum-pane), ”kompisar”… Den heilage Barabara (200-talet) kunne vi også skrive noko om, men det får bli seinare.

Då eg kom tilbake på kvelden, var det messe. Fullt hus.

Eg gjekk vidare og såg at den store kyrkja SS Trinità Pellegrini var open. Der lydde vakker, fleirstemt song ut gjennom dørene – og der hadde «San Egidio-fellesskapen» ei av sine kveldsmesser. Fullt hus. Kvar kveld er det forbøns-samling. Kvar sundags kveld, messe. Kviskra ein av dørvaktene til meg. Så kom eg til Santa Maria in Trastevere, frå antikken, der eg hadde avtale; eit fast punkt for meg og mange i Roma. Messe og mykje folk, og på liturgien å døme, kunne det vere katolikkar av ein orientalsk ritus som var der. Skal sjekke det..

Ved inngangsdøra hang det eit oppslag. Mellom mange. Om pave Benedikts brev til bispedømet Roma (han er jo fyrst og fremst Romas biskop) om katekese og opplæring av dei truande, som høgsteprioritet! Han er teolog- og kateket-paven. Bendikt den grundige. Han skjønar at fundamenta må stabiliserast i våre dagar. Som katolsk kristen er det ikkje nok å vere ”dum og deilig”.

Eg traff dei eg skulle.

Reklame

4 Svar to “carpe diem…”


  1. februar 26, 2008 ved 8:23 am

    Du er heldig å få være i Roma, det er så mye å se og å oppleve av historie og åndsliv. Det bare sitter i sten og vegger overalt. Du må foresten få med deg Cavalini freskene i Santa Cecilia i Trastevere (for å komme dit må du ringe på porten hos søstrene til venstre for inngangen til kirken), de er veldig flotte. Anbefales

  2. februar 26, 2008 ved 9:00 am

    Takk for tipset! Skal sjekke det!

  3. 3 GuttormEidslott
    mars 2, 2008 ved 12:55 am

    Hei Arnfinn!
    Eg les dine websider stadig vekk; skikkeleg substansielt,fast føde. Sist om Trastevere dit vi skal fire familiar i oktober. Du må vel vere den einaste pateren i verda som skriv nynorsk. Eg og foreldra mine skal til Granavollen på Humanistisk seminar i mai.Temaet er Olav Aukrust og hans dikting. Reknar med at antroposofane vil vere godt representerte. Så der kan det bli spennande med grensa mellom kristen tru og Steiner -filosofien.
    Med vennleg helsing
    Guttorm Eidslott

  4. mars 2, 2008 ved 7:48 am

    Kjære Guttorm!

    Det var hyggjelg helsing! Ja, eg trur nok eg er åleine i klassen for «patrar med nynorsk blogg»! – I dag skal eg forresten til Trastevere for å ta del i høgmessa der – og treffe nokre norske studentar etterpå. Den konventuelle høgmessa her i klosteret er kl 8, men i dag skal eg altså «over Tiberen» «(Trastevere»). Det blir ein fin rusletur nedgjennom det historiske senteret . Den siste vika har det vore grå himmel og litt surt i Byen, men i dag er det sol og 17 grader! Som sist sundag..

    Skulle gjerne vore på Granavolden på seminar om Olav Aukrust! Han inetresserer meg. Var innom Aukrust-garden i Lom i sumar. Aukrust er jo ein av dei få norske diktarane med ei uttala åndeleg forståing av røyndomen. Forståeleg at han -etter det eg skjønar – hadde affinitet til antroposofien. Det skulle vore intetressant å finne ut om han også snusa på det katolske. Av historiske grunnar var nok ikkje det så tilgjengeleg i hans epoke. – Så eg ser fram til tilbakemeldingar frå seminaret!

    Hels foreldra dine – og andre kjende! Høyrer gjerne meir frå deg her på bloggen!

    Tuus
    fr Arnfinn


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: