23
Feb
08

carpe diem…

LAURDAG KVELD

Våren kom skikkeleg i dag, med seksten varmegrader, med meir folk i gatene, med eit anna drag i lufta og i ljoset. På ettermiddagen ville eg gå til ei av dei kyrkjene eg likar best i Roma: «Sta Maria in Cosmedin». På vegen gjekk eg forbi mange andre kyrkjer – og svinga bortom ei som låg i ei sidegate. Det viste seg å vere ein gamal basilika, «Basilica di San Giorgio in Velabro«. Frå antikken – som så mykje her i byen – ombygd og endra tallause gonger fram gjennom soga. Det primitive, enkle rommet. Altaret under sin baldakin på fire søyler høgt oppe i koret, apsiden (halvrundingen som avsluttar korpartiet) med ein enkel benk rundt veggen, på båe sider av stolen for den presiderande presten eller biskopen. Det oldkyrkjelege rommet. Under altaret: relikviar av den heilage Georg frå Kappadokia, som kyrkja er vigsla til. I apside-taket: Freskoen (frå 1300-talet) med den sigrande Kristus, St Georg og andre heilage.

Nede ved døra bladde eg i brosjyren om kyrkja – og såg til mi glede og overrasking at denne kyrkja i si tid var titulærkyrkje for – kardinal Newman, han som gjer at eg er i Roma no! I brosjyren stod det attgjeve ein tekst som var innrita på ein marmorstein, felt inn i kyrkjeveggen. Med denne teksten (omsett frå latin):

”John Henry S.R.E. kardinal Newman, teolog, fremjar av ekumenikk (oecumenismi favtor), medlem av den hl Filipp Neris Oratorium, men framfor alt kristen (sed ante omnia christianus), presiderte over denne diakonat-kyrkja som sitt æresete, 1879-1890”.

Ei Newman-kyrkje, altså! Eg tok det som eit lite teikn frå Gud. ☺
Og som ei påminning: ”Ante omnia Christianus” – framfor alt kristen! Det er det det kristne Roma handlar om. Kva anna var det som skapte martyrane anna enn dette: Ante omnia Christianus! Kasta for løvene på Colosseum like bort i her. Ofte unge menneske, vanlege folk. Plebs. Pøbel. I dei mektige sine augo.

Eg er sikker på at paven, litt lenger borte og oppover på andre sida av Tibern, også vil seie: Ante omnia Christianus!
Framfor alt kristen!

Det er det som er ”koden”. Så lenge det er det, vil kyrkja vere sterkare enn alle imperium. Og reise seg på deira ruinar.

Reklame

11 Svar to “carpe diem…”


  1. 1 eirste
    februar 24, 2008 ved 1:42 pm

    En vakker og uttrykksfull filosofering, fr. Haram! Dette gav i hvert fall meg litt inspirasjon på hviledagen. 🙂

    Du har så rett. «Ante omnia Christianus» – det er selve nøkkelen til den fortsatte eksistens, og grunnlaget for kristen fremdrift. Samfunnet blir i økende grad sekulærisert, men der kapitalismen er tøffest (USA, Asia) og narsissismen størst (Nord-Europa (..?)), er Gud også mest åpenbart synlig. Verden går i denne retning, og flere oppdager Gud, og kristendommen som den underforståtte liaison mellom partene.

    Og så oppdager vi at vi er fremfor alt kristne.

    PS: «Roma-katolikkene» i mitt forrige innlegg er en uhøytidelig definisjon jeg plukket opp i Klassekampen, av alle steder, brukt på de «kulturelle» katolikkene som har blomstret opp i de senere år innen bl.a. akademia og politiske kretser. Klassekampen er kanskje ikke det fremste referansepunkt for norsk katolisisme, men den artikkelen serverte et nøytralt, fint bilde av norske ny-katolikker som Haaland-Matlary, Arne Berggren m.fl. Dog med en viss undertone av skepsis om disse virkelig hadde konvertert på «sanne» kristne premisser, eller fulgte en slags trend.

    Ha en fortsatt god dag i Den evige stad.

  2. februar 24, 2008 ved 5:24 pm

    Trend? Med «ny-katolikkane», som du kallar dei med eit artig uttrykk.. Ja, kvifor ikkje? På den fyrste pinsedagen i Jerusalem blei 3000 døypte, dominikanerpateren Réginald av Orleans, i ordenens fyrste vår (1200-talet), preika i Bologna så heile byen var på fote; Frans av Assisi og Bernhard av Clairvaux fekk raskt tusenvis av medbrør si samtids Europa, og denslags vekkjingar og store rørsler har fylgt kyrkja heile vegen. Så det hender at Den Heilage Ande er «trend-setjar» også! 🙂 Ein del lurer seg nok med som «blindpassasjerar», men sånn vil det alltid vere. Eg trur ikkje folk blir katolikkar i dag utan at det dreiar seg om eit trus-standpunkt.

    Klassekampen er nok litt ambivalent til alt dette – men gjer verkeleg gode forsøk på å gi religionens comback ei fair og positiv dekning. Det skal dei ha!

    Roma locuta… 🙂

  3. 3 Kristin
    februar 24, 2008 ved 10:35 pm

    «Ante omnia christianus» — det må vi vel håpe at kan bli sagt om hver enkelt av oss også, selv om det ikke blir hugget inn i en marmorplate i noen romersk kirke. Å leve slik at en virkeliggjør Kristi kjærlighet i møtet med andre mennesker, å kaste seg for løvene om det kreves… Jeg har nettopp lest gjennom et langt brev fra en eller annen gruppe islamister som har bombadert e-mailen til folk ved universiteter og andre lignende institusjoner i «Vesten», som de uttrykker det (med hermetegn), selv om jeg sjelden åpner spam-mail. Antagelig skal man ikke ta anonyme og desinformerte skrivelser som dette spesielt alvorlig, men jeg ble riktig ille til mote av dette «letter to the West». Ikke på grunn av en hel masse sludder og vås som sto der, men fordi brevets tone gjennomgående var full av hat. Hat mot Europa og Amerika, selvfølgelig, og mot jødene, og mot kristendommen — formulert som en påstand om kristendommens hat til islam og profeten. Disse fundamentalistene representerer selvfølgelig en marginal gruppe, men det ser dessverre ut til at det ikke er noen grunn til å undervurdere gjennomslagskraften til denne typen vulgære og fanatiske bevegelser i verden i dag. Jeg tror at en av våre aller største utfordringer vil være å stå fast ved den kristne kjærligheten i møtet med dette hatet. Jeg tror vi vil trenge alle helgeners forbønn for å forbli «ante omnia christiani».

  4. 4 w
    februar 26, 2008 ved 9:30 pm

    Om her skulle vera om ikkje meir enn ein annan ulærd lesar – så slepp han å søkja på nettet:
    the phrase, often used by Catholics, “roma locuta est, causa finita est,” translated: “Rome has spoken, the case is closed. …

    Har ingenting i mot latinen, er berre forviten…..

  5. februar 26, 2008 ved 10:36 pm

    Eg prøver berre å aktivisere blogglesarane litt… Og ettersom eg ikkje er nokon høg prelat, men berre ein skarve tiggarmunk, ville det vere litt dristig å setje: causa finita! Då må ein litt lenger opp i gata, hehe 🙂

  6. februar 26, 2008 ved 10:44 pm

    Obs: på latin treng ein ikkje alltid å ha med hjelpeverbet «esse» (å vere), copula; så omgrepet er kanskje meir kjent i kortform (latin blei jo gjerne hogge inn på steinbrett, jfr. «Asterix» 🙂 ): «Roma locuta, causa finita».

  7. 7 w
    februar 27, 2008 ved 12:14 am

    Ora et labora!
    Det har eg lært elevane mine nå, 8-9 år gml. Gamle Benedikt av Nursia har vore pensum i krl. Så hadde me ein kunstar, ein ven av meg, i klassen som lærte dei alle å teikna ein munk som ber…… Det blei fine munkar, med til dels forunderlege uttrykk….dei har lært at ein munk som ber, ligg på kne…
    Jo, eg tenkte det var best at dei fekk læra litt latin. Kan koma godt med, ser eg…. så kanskje eg skal ta Roma locuta for dei i ungdomsskulen. Takk for utfyllande info 🙂 Det blir i tysk i så fall. Men med tysk pave, må jo det vera aktuell Landeskunde!

  8. februar 27, 2008 ved 8:05 am

    Ja, og i tillegg blir det «Papstkunde» ! 🙂

    Og St Benedikt er bra! Ein av Europas vernehelgnar – og mykje av Europas kultur har røter i den benediktinske livsforma og tenkjemåten. God idé´å bruke noko frå «Benedikts regel» i religionsundervisinga! Ein skikkeleg 4H-helgen!

  9. 9 w
    februar 27, 2008 ved 9:57 am

    Kanskje eg må repetera litt: Det var ikkje lett å forklara at den heilage Benedikt er vernehelgen for Europa. Så det blei kort, og eg trur ikkje dei forstod/oppfatta.

    For å konkretisera, kan eg jo fortelja (litt meir) om deg. Men korleis forklara kva forhold du har til helgenar? Korleis vil du ordleggja deg, med tanke på ei gruppe protestantiske 9-åringar?

    Så skal eg fortelja om deg som slapp å betala for kaffien. Det er ei fin lita påminning. Det kunne vore kjekt med bilete frå Roma då, munk på kafé, munk i ei kyrkje, munk på cella. Og bileta skulle eg gjerne hatt til i morgon….

  10. februar 27, 2008 ved 11:31 am

    Bilete blir verre; eg har ikkje fotoapparat (bortsett frå på mobilen, av enklaste slag..) og eg er ikkje god på at fotografere meg sjølv… Så her får fantasien gjere jobben! Men det finst sikkert mykje «benediktinsk» på internettet («Bendikt av Nursia», Benediktinarane’…).

    Ein vernehelgen (patron/’skytshelgen»)? Ein helgen er ein forbedar for oss hos Gud. Den hl Benedikt er av kyrkja erklært å vere ein særleg forbedar for Europa. Det kan trengast! Og apostelen Jakob seier: «Bøna frå eit rettferdig menneske verkar med stor kraft» (Jak 5, 16).

  11. 11 w
    februar 27, 2008 ved 1:07 pm

    Takk, takk 🙂 Fint med bibelsitat.
    Ja, kan nok finna andre bilete, men så levande, aktuelle og gode som direktesende frå Roma, kan dei jo ikkje bli. Det var berre eit innfall, av og til gjev slike innfall gode resultat. Reknar med at du har nok å gjera og tenkja på også om du hadde hatt apparat.
    Men nå kan eg fortelja at då du reiste med tog nedover Europa, (dra ned kartet og vis!) så falda du sikkert hendene og bad til den heilage Benedikt om han ville be Gud halda si vernande hand over Europa….eller det blir nok passa på Europa, folka som bur der og dei som styrer………og då er det sikkert ein som spør om ikkje du berre kunne be direkte til Gud……jo, men han har lese noko i Bibelen: Jak…
    Veit du, denne kjensla av at i krl må ein passa seg, den er skummel, og eg veit lammande nokre stader….

    Men nå fann eg noko: i biletesøk på google! Berre prøv!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: