21
Feb
08

carpe diem…

TORSDAGS KVELD, PÅ CELLA:

Arbeidet mitt her kjem meir og meir i gang. Eg skal fylgje nokre kurs; her kjem dei:

-Poets and Mystics of 20th Century

-«Ave Maria» in the History of Culture.

-ARCIC og BEM: Theological Consensus (om ekumenikk; ’arcic’ og ’bem’er teologiske samatalar m. a. mellom den katolske kyrkja og anglikanismen).

-The Influence of Contemporary Philosophy on Theology.

Artig?

Fyrst og fremst er eg her for å fylgje eit doktorand-seminar: ’Seminar for Doctoral Students’

Emnet for avhandlinga (som ikkje skal skrivast her, men når eg er vel heime i Oslo. Hjelp!):

” ’The World Unseen’ in Newman and Grundtvig, with Special Reference to the Eucharist”.

Altså ein samanliknande studie, med hovudvekt på Newman, om synet på røyndomen, om den synlege verda som eit ”sakrament” for den usynlege/åndelege verda. Nattverdteologien er ”prismet”, brytingspunktet for dette (det er mi hypotese, i alle fall) hos Newman – og kanskje hos Grundtvig også. Begge teologane og kyrkjemennene reagerer på si samtids rasjonalisme i filosofi, i kultur og kyrkjeliv. På mange måtar er dei forløparar for ein meir ”postmoderne” teologi (eg nyttar omgrepet positivt); med vekt på det esteiske, det poetiske, det intuitive, på det konkrete, på det histoiriske. Her er dei også i slekt med sin eigen epoke: romantikken.

Hovudarbeidet her i Roma blir å skrive ein 50 siders monografi som eit førebuande arbeid. Både dette og hovudarbeidet må skrivast på engelsk.

Noko av det fine ved å vere her, også i doktorandseminaret – er den internasjonale breidda i miljøet: ein Redempsjonist-pater som har vore misjonær i Brasil i ei årrekkje, men som no skal arbeide i Libanon, ein ung prest frå Nigeria, to-tre frå USA, systre frå Afrika, eit par indiske prestar. Emna omfattar alt frå etikk (om ’dødsstraff’!), om frigjeringsteologi, om ekumenikk, om nytestamentleg teologi, og altså: om Newman –som er noko av alt dette på ein gong, som professoren, fr Taylor, sa! Så mange ulike tankar, så mange ulike liv, så mange kontinent, så mange kall. For det slår meg at studiane og forskinga for desse folka er sterkt forankra i det samfunnet og den kyrkjelege røyndomen dei er ein del av. Dei held på med noko. A sense of mission.. Kyrkja og Kristus bind oss saman.

Når førelesingane tek til her på Angelicum, gjer alle krossteiknet, ”i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande” +, vi bed Fadervår; professoren som leier det heile, legg til: ”Heilage Thomas..” og alle stemmer i: ”be for oss!”. Det er Thomas (Aquinas) som har gjeve namn til universitetet her: ” Universitas Studiorum Pontific. a Th. Aqu. in Urbe”, eller til vanleg: ”Angelicum” – fordi st Thomas vert kalla ”den angeliske doktor”, ”doctor angelicus”.

Også kommuniteten i klosteret her er internasjonal; her snakkast det italiensk, engelsk, fransk og tysk – og latin i koret. ☺ Berre dette, til orientering. Meir seinare, God willing.

Reklame

8 Svar to “carpe diem…”


  1. 1 eirste
    februar 22, 2008 ved 12:42 am

    Takk for mer god vinterferielektyre, fr Haram. Virkelig inspirerende.

    Jeg drømmer selv om å studere etikk og samfunn ved enten Thomas Aquinas-universitetet eller Pontifical Gregorian University.

    Legges det forøvrig noe vekt på Aquinas og/eller nythomismen i dine studier? Dette var jo en foregangsfigur for de fleste senere teologer, kanskje især Newman, og i noen grad Grundtvig.

    Det lille jeg har lært av Newmans rasjonelle approach til kristendommen, har om mulig bare forsterket min tro, på tvers av de allerede vage skillelinjene mellom tro og viten, sannhet og antagelser. Akademiker og katolikk Janne Haaland-Matlary skriver i sin autobiografi om et liknende trosgrunnlag.

    Hvordan ser du på dette? Kan en rett og slett bli katolikk på intellektuelle premisser? Flirer munker og prester bak lukkede dører av «Roma-katolikkene», for all deres pretensiøsitet og kulturbetingede statusjag?

    Jeg har hørt rykter om noe i denne dur. Like fullt vet jeg at trosgrunnlaget er fundert på vidt forskjellige sannhetsbegreper også hos presteskapet.

    Ha et fortsatt fortreffelig studieopphold, og Gud velsigne.

    eirste.wordpress.com

  2. februar 22, 2008 ved 3:44 pm

    God vinerferie framleis – om den stadig varer…!

    Thomas er ikkje tematisert så tydleg i det eg arbeider med no. Kjem gjerne tilbake til han seinare, Deo volente. Han er blitt tolka alt for rasjonalistisk, etter mitt syn. Newman meinte sjølsagt også at trua er «vettug» og at fornuften er ei gåve frå Gud. Samtidig er heile hans prosjekt å gjendrive den snusfornuftige filosofioen og «teologien» i tida etter Kant og Opplysinga.

    «Fornuft» – det er eit omgrep som må presiserast. Newman meinte nok – og eg er samd, seff! – at fornuftsomgrepet må utvidast. Vi må vel også huske på at på Thomas» tid var den religiøse basisen så sjølsagt at eit reint «sekulært» (positivistisk) syn på fornuften var utanfor horisonten. Kyrkja og den konkrete openberringa var ein del av «miljøet»; at han skulle tenkje seg at tru og moral – sjøl om dei har fornuftsgrunnar for seg – skulle kunne stå fullstendig støtt på eigne bein, er litt anakronistisk, trur eg.

    Paradoksalt nok: Utan trua vil nok fornuften vere «en saga blott» – og absurditeten/skeptisismen tek over. Det er det merkelege.

    Sanningsomgrepet hos prestar og teologar her veit eg ikkje så mykje om. Heils straight, antakeleg. Men kanskje eg ikkje veit heilt kva du meiner.? Er heller ikkje sikker på kva du siktar til med «Roma-katolikkane»- Kan du seie litt meir om dette?

    Velkomen til studiar her – eller på Gregoriana, litt lenger bort i gata!

  3. 3 Blix
    februar 22, 2008 ved 10:46 pm

    Vil du anbefale studier i Roma ? Det er en viss motvilje imot Roma bl.a. i fra prestekandidater. Er Roma kun for kjettere og helgner ? Hva med oss vanlige dødelige ? Er det ikke plass for oss i den evige by ?

  4. 4 Jorsalfar
    februar 22, 2008 ved 10:53 pm

    Takk for rapport fra den virkelige engleskolen 😉 Godt å høre du er vel fremme og godt i gang med studiene. Lykke til! Hils kjentfolk, og kos deg i Roma! Eia var vi der!

  5. februar 23, 2008 ved 10:19 am

    Til Blix: Eg har ikkje nok peiling på studiekvaliteten generelt i Roma til å gje noko sikkert råd. Men ein lærer alltid noko av å studere på ein interessant plass, og her på Angelicum kan du gjere det på engelsk (og sjølsagt på italiensk..). Alle kan studere her, med vanleg studiekompetanse (teologi, filosofi, kyrkjerett, soisalvitskap, spiritualitet). Lateran-universitetet er større og har fleire tilbod, trur eg. Og mange leke studentar.

    Det er ikkje mitt inntrykk at prestestudentane ikkje vil studere i Roma; tvert i mot! Om Roma er ein bra plass å studere, er nok mest avhengig av studenten sjølv, trur eg. Så berre kom igjen!

  6. februar 23, 2008 ved 10:21 am

    Til Jorsalfar: Velkomen hit! No er det vår og vakkert! Roma er vakkert -men uansett kjem eg til å sakne den norske våren!

  7. 7 Fransiska
    februar 24, 2008 ved 1:41 pm

    Hei! Det var så bra å finne en slik blogg! Riktig spennede lesning. Skjønte det slik at du skriver på doktorgrad med et veldig interessant tema. hDet blir artig å kunne følge med på hva du skriver her i bloggen din. Ønsker deg lykke til videre!=) Alt godt!

  8. februar 24, 2008 ved 5:34 pm

    Ja, temaet er interessant – og like interessant blir det å sjå om eg kjem i mål med jobben; tida her i Roma er berre starten. Artig at du finn bloggen interessant. Det går litt i rykk og napp no når eg er utanlands, men eg han varm… Takk for gode ynskje!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: