17
Feb
08

carpe diem…fr Arnfinn på veg til Roma, 3:

Fredag kl 2115.

Hamburg Hauptbahnhof, kom for ein time sidan – og eg fekk sitjeplass på toget frå Køpenhamn (ergo erat demonstrandum), gjekk rett i billettluka her, og fekk ny sitjeplass, på natt-toget til München. Deo gratias – og gratias til alle som har tenkt på meg… ! Dette var det usikre punktet i reiseplanen, og det gjekk bra!

Eg sigla sørover Sjelland og Falster på eit fullstappa tog, etterkvart som sola seig ned over grønt spirande åkrar, danske kyrkjetårn og nakne skogkrullar. Tre kvarters ferjefart frå Rødby til Puttgarden, frå Skandinavia til Hansa-land, forbi Lübeck og til Hamburg.

Og her er det ein skikkeleg jernbanestasjon; brei og svær hall, med tversgåande galleri og utsyn over alle spora og inn- og utgåande tog. I rekkje og rad. Sjølsagt butikkar, kaféar og kioskar av alle slag, og på ein liten kaffibar sit eg no. I stimen av folk, kan eg opprette mitt vesle kloster og scriptorium, i ein krok med sky-stolar og med alskens tungemål surrande rundt meg. Perfekt. Eit kaffikrus til ein dryg euro. Toget går sørover kl 2202. Veit ikkje om eg får lagt ut desse tekstane i kveld… Om ikkje, får vi prøve i morgon. Då er det dagtoget gjennom Tyrol og Nord-Italia ned til Byen. Urbs. Mit Gottes Hilfe…

Dagen i Køpenhamn vart fin; fekk utretta det eg skulle, møtte gjestfrie og hjelpsame folk. Det syner seg at Grundtvig møtte Newman, Pusey et co i Oxford. Sterke felles anliggande, men ulike personlegdomar, i ei vanskeleg tid for Newman – som då song på siste verset som anglikanar (1843). Så vala vart ulike. Eg er ikkje sikker på at Grundtvig ville ha gjort same valet i dag…

Laurdag kl 0800.

München Hauptbahnhof. Hugsar tidlleg på 80-talet, sist eg var her, med tog til Roma.. Eg sov lett,men bra på min romslege sitjeplass der vi susa gjennom Tyskland frå nord til sør, frå Preussen til Bayern, frå protestantisme, til katolisisme, så å seie.

Det ljosna dei siste mila før München – som ligg på den store sletta rett nord for Alpane. Faktisk er det kaldt her; ein rask tur ut i gata og eg kjende den isande nordatrekken. Fekk fjeset til å vakne. Kaffi på ein perrongkafé. Halv ti drar eg vidare.

”I stolryggen framfor meg” på toget låg «Deutsche Bundesbahn» sitt magasin for reisande. Med ein artikkel om den tyske jarnbanen sin medverknad til jødedeportasjonane under krigen. Dåverande «Reichsbahn» stilte lydig opp og organserte minituiøst og pliktoppfyllande den veldige folkevandringa på skinner, rett i døden. I godsvogner utan oppvarming om vinteren, utan kjøling om sommaren, opp til 200 i kvar vogn. Utan toilett, utan… Stykkprisen pr passasjer var nøye utrekna; det var rabatt for store ”grupper”; i alle fall var det dei deporterte sjølve som betalte si dødsreise. I fylgje magasinet. Magasinet syner oss også eit foto av to smilande, jødiske gutar. Namngjevne. Den eine overlevde, den andre vart hala ut på endestasjonen i Riga, ut i skogen – og vart skoten. Saman med alle dei som ikkje unnslapp. Vichyregimet i Frankrike utleverte jødiske flyktningar, også born; dei vart henta, stilte opp og meia ned.

Dette er berre nokre år før eg blir født, eit par hundre mil lenger nord. I Europa; kulturens ”storsal”, kristendomens gamle kjerneområde. Kva hende? Kva kan hende?

Laurdag kl 1735

Vi glei nettopp inn til Firenze. Å kome med tog, er som å kome med skip. Ei hending. Vognsettet er nokså gamalt og nedslite, med kupéar. Eg har plass ved vindauga, vis à vis ei bestemor frå Roma. Ho pratar med meg sjølv om eg berre forstår litt italiensk innimellom. Ho deler ei bayersk kringle med meg: ”vi er gode kristne, vi skal dele”, seier ho. Ho kunne nok prata med meg heile vegen om det ikkje var for språkbarrieren.

Det er ikkje straum-uttak på 2. Klasse og sist eg fekk ladda Macen, var på toget frå Køpenhamn til Hamburg, så det syng på dei siste elektrodane no. På stasjonane tek eg inn nett, men du må kjøpe tid på kredittkort og det funkar dårleg, særleg på korte opphald. Vi får sjå når dette kan lesast på bloggen…

Vi steig opp i Alpane, passerte Insbruck (”ich muss dich lassen!”), Brennerpasset og var vips i Italia, om enn i ein nokså germansk variant. Fyrst etter Bolzano, vel nedover mot flatlandet, vart det brått italiensk; grantrea og sveitsarhusa skifta til pinjer( eller noko som liknar) og rufsete bygningar med pannetak. Bakom, tusen etasjer over dei næraste fjellsidene og åsane, skin det drivkvit i italienske alpar. På nutar og toppar balanserer store kyrkjer og borger.

Og no altså: Firenze. Her på stasjonens Nowhere-land er det ingen sus å merke korkje av Romeo og Julie, Dante, Machiavelli, Savanorola eller Fra Angelico. På veg hit stogga vi også m a i Verona, ute på Posletta, og i Bologna. Bologna var ein av dei fyrste stadane der dominikanarordenen fekk stor innverknad, viktig universitetsby som det var; ei skikkeleg vekkjing med fr Reginald av Orleans som eldfull preikar. I same byen ligg den hl Dominikus (han døydde der). Både i Bologna og Firenze er det store, vakre dominikanarkloster. Men akkurat her ser eg berre taket over perrongen. Ferda går vidare. Det er disig, men sola fylgjer oss sørover.

Laurdag kl2300.

Toget sklei inn på Roma Termini presis on schedule, kl 2018. Eg slepa bagen og skulderveska ut av den enorme terminalen, fann ein kiosk som selde bussbilletar (systemet her til lands), slepa meg tilbake over gata, inn på buss 64, ned Via Nazionale, ringde fr Robert Christian på Angelicum – og etter nokre skrangleminutt på bussen var eg ”ved klosterets port”. Fr Robert tok mot meg og viste meg til cella. Rask utpakking; Macen der, tannkosten der, strømper, truser og T-skjorter, eit par sko, joggesko og shorts (skal jogge rundt ein- eller annen plass her) og ei ekstra kutte, eit par jeans just in case, inn i skåpet, det var det.

Litt social evening med nokre få brør – ein mexicanar, ein italienar, ein polakk, to frå USA og eg… i det vi på fransk kallar ”salle commune” , eit kvitkalka rom med nokre soafer, stolar, bord og ein espressomaskin. Ja, fyrst tok eg ein dusj; ei natt på sitjeplass frå Hamburg samt 11 timars reise i trong kupé frå München kvalifiserte til det.. No legg eg meg. Høgmesse kl 0800 her i morgon. Så skal eg få lagt dette ut på bloggen.

Det syner seg at sjølv om eg har internettkobling her på cella, må eg få vite den spesielle koden; den italienske broren som er nettansvarleg, har sine prosedyrar. Som ein av dei amerikanske brørne sa då vi sa god natt:…”They call it ’the eternal city’ – because everything takes an eternity here..”

Vel, då er eg her. In urbe.

Reklame

5 Svar to “carpe diem…fr Arnfinn på veg til Roma, 3:”


  1. 1 Heidi
    februar 17, 2008 ved 11:06 pm

    Hei, det heter vel QUOD erat demonstrandum :). Ha det fint i Roma!

  2. 2 w
    februar 18, 2008 ved 12:12 am

    Takk for turen! 🙂

  3. februar 18, 2008 ved 11:36 am

    Hei Heidi! «Quod» er det rette sitatet, ja 🙂 Litt kaldt på fingarane der eg sat ved ein kanal i Køpenhavn og hacka på nettet til «Frederiksberg», så det gjekk svint. Men «ergo» er også brukbart..

    Og fint å vere i Roma!

    Og sjøl takk for turen, w!

  4. 4 Paul Otto Brunstad
    februar 18, 2008 ved 10:25 pm

    Gode broder!
    Alt godt for dagane i Roma. Gler meg over at du får dette opphaldet. Interessant at spora til Grundtvig og Newman kryssa kvarandre i si tid. Lukke til med skriving og lesing!
    Tuus
    Paul Otto

  5. februar 19, 2008 ved 10:17 am

    Takk! Og takk for formidlinga til Grundtvik-akademiet! Dei var svært venlege og imøtekomande; vi hadde ein ivrig samtale i biblioteket (Newman, Grundtvig, teologi, kultur..) så vi måtte hysjast på! Eg fekk oversikt og perspektiv på tinga – og fastlagt den viktigaste litteraturen å lese. Avtalen er at eg skal tilbake til Vartov i løpet av neste studieår; nokre lesedagar. Kanskje det klaffar ein gong du òg er i Køpenhamn?

    Alt er vel her; kjem gradvis i gang med arbeidet; torsdag er D-dagen med kurset for doktorandar. Det er berre å satse; som det heiter: -betre å hoppe enn å krype det sure eplet! 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: