28
Jan
08

Carpe diem..

SUNNMØRE, BLOGG ETC

Som sagt/blogga, er eg nokre dagar vestpå, på Sunnmøre. Køyreturen nordvestover, i går/sundag, gjekk svært fint, berre sol og vindstille og vakkert oppover langs Mjøsa, opp Gudbrandsdalen, ned Romsdalen, ut- og inn av fjordar – og hit til Stranda. Dagen før var det snøstorm, kaos og uframkomeleg. Så eg takkar! I Lillehammer feira eg høgmesse undervegs, i den katolske Maria-kyrkja, saman med den nye, unge presten der, p Fredrik Hansen.

No er eg altså på bygdene – og dagens utgåve av «Sunnmørsposten» har framsideoppslag med ei ku på Giske som hadde falle gjennom sprinkelgolvet og ned i gjødselkjellaren! Stort bilete av nautet som blir drege opp av dynnet med traktor, grimer og kjettingar… Så storpolitikken er ikkje alt. 🙂 Fint å vere på heimlege trakter nokre dagar. Retur fredag. Skal prøve å halde bloggen rimeleg oppe desse dagane også. Har funne ein kafé med nett, så det kjem ein tekst eller to innimellom..

Reklame

2 Svar to “Carpe diem..”


  1. 1 Karl J.
    januar 28, 2008 ved 12:12 pm

    Thalatta, thalatta!
    Ein vapenbror i det heimlege anatolia helsar ein flaggberar.
    Hordalending helsar møring.

  2. januar 29, 2008 ved 12:34 pm

    Havet, ja havet… det skjøna både dei gamle grekarar, sunnmøringar og hordalendingar! 🙂 Hordaland er eit fagert land, frå inst til ytst. Eg var prest i Øygarden ei stund, og i Loddefjord/Bergen levde eg blant strilar! Ute ved Telavåg, heilt ute på ei bergufs, hadde eg ein lur plass der eg kunne sitje i timevis og sjå utover. I storm og stille – men helst i storm!

    Og Austevoll og Fitjar og Bømlo, Moster og Stord – for berre nemne Hordaland ved havet. Eller øyane innanfor, som Halsnøy (vakkerrt!), Fjelbergøy o s v. Gode tankar, blå himmel i sinnet..


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: