13
Des
07

officium…

Torsdag, vike 2, Sal 80 (laudes)

”Reis oss opp att, Allhærs Gud, lat ditt andlet lysa, så vi vert frelste!” (v 8).

Gud har eit andlet. Alt det vi tenkjer på når det handlar om å elske nokon, tilhøyre nokon, vere eit medmenneske, ein bror, ei syster, ein ven – det var ingen ting utan andletet. Andlet mot andlet, det er å leve. Du ”bur” i andletet ditt. ”Andletet i andletet” er augo. ”Auga gjev lekamen ljos”, seier Jesus (Matt 6, 22). I det ljoset ser du mennesket, kven det er, at det er. I andletet og augo møtest kropp og sjel. I andletet vert mennesket til. Når andletet ditt lyser, når det er ope, når det er vendt mot eit anna andlet, når det er ”andsynes” – då går dei ei kraft ut frå deg, då vert den du ser, velsigna, oppreist, levande.

Fordi det menneskelege andletet er eit avbilete av Guds andlet. Mennesket kan berre leve når det let Guds andlet lyse mot seg, over seg. Ofte kjennest det som livet sloknar i alt det som forgjengelgdomen, synda, døden og demonen påfører oss. Å gje opp, er å vende andletet bort, å la skuggen breie seg over det. Den unge mannen såg sitt eige andlet, seg sjølv, spegla i Kristi andlet, midt i mot, alt vart tydeleg, orda ”såg” på han og sa: ” ’Eitt vantar deg: Gå bort og sel alt du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!’ Då han høyrde dette, fór det ein skugge over andletet hans….” (Mark 10, 21-22).

Korleis skal eg kome gjennom dagen, halde fast i kallet, halde meg oppreist? Ved å ikkje vende andletet mitt bort frå Andletet. Som lyser. Som opnar. Som ventar.

Reklame

1 Tilbakemelding to “officium…”


  1. 1 Rob
    desember 13, 2007 ved 9:58 am

    Hallo, der ute……våkn opp! Ropet er ikke rettet til kraftfornytt, men til
    St. Olav, Luther, Genesis, Verbum, Cappelen….


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: